1. Samandrag

1.1 Proposisjonens hovudinnhald

Innleiing

I proposisjonen blir det fremja forslag om å oppheve lov 16. juni 1972 nr. 43 om ferie for fiskere og forslag om ei endring i lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie (ferieloven).

Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket. Det er også eit mål å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste, dei same rettane som andre arbeidstakarar.

Lovforslaget inneber i hovudsak:

  1. At heile lov om ferie for fiskere blir oppheva.

  2. At fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste, blir omfatta av lov om ferie (ferielova).

Feriefondet for fiskarar

Feriepengane til fiskarane blei tidlegare utbetalt gjennom eit feriefond som Garantikassen for fiskere administrerte. Denne ordninga har ikkje vore nytta på 20 år, og det blir difor føreslått å oppheve § 6 om Feriefondet i lov om ferie for fiskere.

Kven som har ein lovfesta rett til ferie

Lovforslaget inneber at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova. Fiskarar som ikkje utfører arbeid i andre si teneste (til dømes eigar), vil ikkje lenger ha ein lovfesta rett til ferie.

Tidsrom for rett til ferieavvikling

At fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste skal omfattast av den alminnelege ferielova, inneber at denne gruppa av fiskarar får ein vilkårslaus rett til å ta 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september.

Utrekning av feriepengar

Det blir føreslått å oppheve føresegna om berekning av feriepengar for fiskarar. Ifølgje denne føresegna skal feriepengane finansierast av fiskarane sjølve ved at arbeidsgivar trekkjer den gjeldande prosentsatsen av arbeidsfortenesta til fiskarane og utbetalar beløpet som feriepengar når det er ferie.

Det er ikkje grunn til at feriepengar for tilsette fiskarar skal utreknast på ein annan måte enn for andre arbeidstakarar. Lovforslaget inneber at feriepengar for fiskarar skal utreknast som eit tillegg til den lønna som blir utbetalt i oppteningsåret.

Sanksjonar

Lov om ferie for fiskere inneheld ei føresegn om straff. Den alminnelege ferielova har ikkje noko slik føresegn. Det blir føreslått å oppheve føresegna om straff.

Dei andre føresegnene i lov om ferie for fiskere

Det blir føreslått å oppheve dei attverande føresegnene i lov om ferie for fiskere. Fleire av desse føresegnene har same karakter og innhald som i den alminnelege ferielova.

Det blir vist til proposisjonens kapitel 1.2, der det er gjort greie for bakgrunnen for lovforslaget.

Eit høyringsnotat blei sendt ut til aktuelle organisasjonar og institusjonar med høyringsfrist 19. november 2015. I proposisjonens kapittel 2.3 er høyringsfråsegnene gjort greie for.

I proposisjonens kapittel 3 er det gjort nærare greie for lov om ferie for fiskere, ferielova og arbeidstidsdirektivet, under dette:

  • Feriefondet for fiskarar.

  • Kven som har ein lovfesta rett til ferie.

  • Tidsrom for rett til ferieavvikling.

  • Berekne feriepengar (lov om ferie for fiskere og ferieloven og arbeidstidsdirektivet).

  • Sanksjonar.

  • Andre føresegner i lov om ferie for fiskere.

I proposisjonens kapittel 4 er det gjort greie for oppheving av lov om ferie for fiskere og endring i ferieloven, under dette:

  • Feriefondet for fiskarar – lov om ferie for fiskere § 6.

  • Lovfesta rett til ferie – lov om ferie for fiskere § 2 og ferieloven § 2 nr. 1.

  • Tidsrom for rett til ferieavvikling – lov om ferie for fiskere § 4 og ferieloven § 7.

  • Lov om ferie for fiskere § 5 og ferieloven § 10 – berekning av feriepengar.

  • Sanksjonar.

  • Attverande føresegner i lov om ferie for fiskere.

  • Andre tilpassingar i ferieloven som ikkje blei problematisert i høyringsnotatet.

Under dei enkelte punkt er det gjort greie for gjeldande rett, departementet sitt forslag i høyringsnotatane, høyringsfråsegnene, departementet si vurdering, samt departementet sitt forslag.

1.2 Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folk

Hovudformålet med lovforslaget er å forenkle regelverket og gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste, dei same ferierettar som andre arbeidstakarar.

Ved å oppheve lov om ferie for fiskere vil regelverket for ferierettar bli meir oversiktleg fordi utdaterte føresegner blir oppheva. Ved å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste, same ferierettar som andre arbeidstakarar – medrekna likt tidsrom for rett til ferieavvikling og lik utrekningsmetode for feriepengar – vil lovendringane vere ei klar forenkling av regelverket.

Fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste og tek imot hyre, vil ved ein ny utrekningsmetode for feriepengar få feriepengane som eit tillegg til den hyra som blir utbetalt i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1. I praksis vil dette gi hyremottakarar høgare lønn enn opphavleg avtalt. Denne lønnsauken kan om ønskjeleg justerast ved til dømes å avtale ei lågare grunnhyre det påfølgjande året.

Ein kan ikkje sjå at forslaget har nokon særskilde konsekvensar for det samiske folk.