Dei
andre føresegnene i lov om ferie for fiskere
Det blir føreslått
å oppheve dei attverande føresegnene i lov om ferie for fiskere.
Fleire av desse føresegnene har same karakter og innhald som i den
alminnelege ferielova.
Det blir vist til
proposisjonens kapitel 1.2, der det er gjort greie for bakgrunnen
for lovforslaget.
Eit høyringsnotat
blei sendt ut til aktuelle organisasjonar og institusjonar med høyringsfrist 19. november
2015. I proposisjonens kapittel 2.3 er høyringsfråsegnene gjort
greie for.
I proposisjonens
kapittel 3 er det gjort nærare greie for lov om ferie for fiskere,
ferielova og arbeidstidsdirektivet, under dette:
-
Feriefondet for fiskarar.
-
Kven som har ein
lovfesta rett til ferie.
-
Tidsrom for rett
til ferieavvikling.
-
Berekne feriepengar
(lov om ferie for fiskere og ferieloven og arbeidstidsdirektivet).
-
Sanksjonar.
-
Andre føresegner
i lov om ferie for fiskere.
I proposisjonens
kapittel 4 er det gjort greie for oppheving av lov om ferie for
fiskere og endring i ferieloven, under dette:
-
Feriefondet for fiskarar
– lov om ferie for fiskere § 6.
-
Lovfesta rett til
ferie – lov om ferie for fiskere § 2 og ferieloven § 2 nr. 1.
-
Tidsrom for rett
til ferieavvikling – lov om ferie for fiskere § 4 og ferieloven
§ 7.
-
Lov om ferie for
fiskere § 5 og ferieloven § 10 – berekning av feriepengar.
-
Sanksjonar.
-
Attverande føresegner
i lov om ferie for fiskere.
-
Andre tilpassingar
i ferieloven som ikkje blei problematisert i høyringsnotatet.
Under
dei enkelte punkt er det gjort greie for gjeldande rett, departementet
sitt forslag i høyringsnotatane, høyringsfråsegnene, departementet
si vurdering, samt departementet sitt forslag.