3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven

I

Lov 16. juni 1972 nr. 43 om ferie for fiskere blir oppheva.

II

I lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 nr. 5 blir oppheva. Noverande nr. 6 blir nr. 5.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.