Rogaland fylkeskommune
og Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar er samde om å
vidareføre satsinga på vegtiltak gjennom ei ny bompengepakke.
Det er venta stor
folketalsvekst på Nord-Jæren. Lokale styresmakter ønskjer at trafikkveksten
innan persontransport skal takast med kollektivtransport, sykling
og gåing. Pakka skal styrke kollektivtilbodet og tilhøva for fotgjengarar
og syklistar, særleg til område med stor næringsverksemd som Forusområdet.
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av ei bypakke
for Nord-Jæren, i tråd med vedtak frå lokale folkevalde styresmakter.
Pakka vil omfatte prosjekt og tiltak i Stavanger, Sandnes, Sola
og Randaberg kommunar.
Målet for bypakka
er nullvekst i personbiltrafikken fram mot 2032, samt god framkomst
for alle trafikantgrupper med hovudvekt på kollektivtransport, sykling,
gåing og næringslivstransport. Lokale styresmakter legg til grunn
at trafikkveksten framover skal takast med kollektivtransport, sykling
og gåing.
For å nå målet om
nullvekst i personbiltrafikken og meir effektiv transport på Nord-Jæren
er det lokalt vedtatt å gjennomføre følgjande hovudtiltak:
-
Etablering av sykkelekspressveg
mellom Stavanger og Sandnes via Forus
-
Etablering av eit
samanhengande bussystem på Nord-Jæren (Bussveien)
-
Etablering av ein
transportkorridor for næringslivet på vestsida av dei mest folketette
bustadområda (Transportkorridor vest) samt utbetring av E39 på strekningane
Ålgård–Hove og Smiene–Harestad.
Det er
lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år frå 2018. Gjennomføringa
av tiltak vil starte i 2017.
Det legges opp til
porteføljestyring av Bypakke Nord-Jæren med årlig rullering av fireårige
handlingsprogrammer.