Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
fremje ein nasjonal handlingsplan for arbeidet mot hepatitt C, med
målsetting om at det innan 2025 ikkje skal skje smitte eller dødsfall
av hepatitt C i Norge, og at alle pasientar får tilgang til trygg
og effektiv behandling. Folkehelseinstituttets utkast til hepatittstrategi,
datert desember 2015, må leggast til grunn for utarbeiding av handlingsplanen.