Post
70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Denne posten inneheld
pliktige kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er
medlem i, og kontingentane blir utbetalt i ulike valutaer, men hovudsakeleg
euro og dollar.
Det ligg an til eit
tilleggsbehov på 159 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar.
Dette skuldast overheng frå 2015, som er resultat av FNs treårige
syklus for forhandlingar om bidragsskalaen. Dette gjer at betalingskravet
i 2016 er 120 pst. samanlikna med eit normalår. Meirforbruket er
på totalt 171 mill. kroner, av dette blir 159 mill. kroner budsjettert
på kap. 116 post 70 og resterande 12 mill. kroner (ODA-delen/7 pst.)
på kap. 170 post 78.
Det blir gjort framlegg
om å auke løyvinga på posten med 139 mill. kroner.