Vedlegg
Epost
fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til
næringskomiteen, datert 7. desember 2016
Fra: Jon-Georg.Dale@lmd.dep.no
[mailto:Jon-Georg.Dale@lmd.dep.no]
Sendt: 7. desember
2016 17:13
Til: Gundersen
Gunnar; Johansen Morten Ørsal
Emne: Fwd: Vedr.
Staur
Sjå vedlegg
under.
Det vil
ikkje være forsvarlig å unnlate salg av Staur uten betydelig kapitaltilførsel.
Ang Regjeringas
sitt framlegg om å avvikle selskapet Staur gård AS og sal av garden
– konsekvensar viss framlegget ikkje blir vedtatt
Regjeringa
har i Prop. 19 S (2016–2017) gjort framlegg om å avvikle selskapet
Staur gård AS fordi styret for selskapet har fatta vedtak om at
selskapet ikkje lenger er i stand til å bere forpliktingane sine, og
at vidare drift føreset at eigar tilfører selskapet kapital. Regjeringa
meiner det ikkje er aktuelt å tilføre kapital, fordi det ikkje ser
ut til å vere mogleg å drive med overskot.
Som følgje
av dette vil regjeringa også selje garden. Dette heng også saman
med at vidare statleg eigarskap av garden vi krevje betydelege midlar
til vedlikehald og til å dekkje bygnadsmessige etterslep.
Alternativ
til Regjeringa sitt framlegg er:
-
Å ikkje
selje Staur, men leggje ned gjestegardsdrifta. Behov for kapitalinnskot
blir då om lag 5 – 7 mill. kroner – for å «gjere opp buet» i selskapet.
-
Å ikkje selje Staur,
og føre vidare gjestegardsdrifta. Behov for kapitalinnskot vil vere
på om lag 8 – 10 mill. kroner for å sikre selskapet handlingsrom
for å dekkje opp for gjeldande krav mellom anna til nytt kjøken
og til pålagde brannsikringstiltak.
-
Avvikle selskapet
og selje Staur i tråd med framlegget. Ingen særskilde løyvingsbehov,
«buet blir gjort opp» mot salssum.
For å
føre vidare selskapet Staur gård AS må det gjerast store endringar
i driftsmodellen viss ein skal ha utsikter til overskott, avkasting
eller utbytte. Med dagens infrastruktur på Staur vil ikkje gjestegardsdrift
vere lønsam. Risiko for nye tap gjer det vanskeleg å sjå at det
vil vere forsvarleg bruk av offentlege midlar å tilføre kapital.