Vedlegg

Vedlegg

Epost fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 7. desember 2016

Fra: Jon-Georg.Dale@lmd.dep.no [mailto:Jon-Georg.Dale@lmd.dep.no]

Sendt: 7. desember 2016 17:13

Til: Gundersen Gunnar; Johansen Morten Ørsal

Emne: Fwd: Vedr. Staur

Sjå vedlegg under.

Det vil ikkje være forsvarlig å unnlate salg av Staur uten betydelig kapitaltilførsel.

Ang Regjeringas sitt framlegg om å avvikle selskapet Staur gård AS og sal av garden – konsekvensar viss framlegget ikkje blir vedtatt

Regjeringa har i Prop. 19 S (2016–2017) gjort framlegg om å avvikle selskapet Staur gård AS fordi styret for selskapet har fatta vedtak om at selskapet ikkje lenger er i stand til å bere forpliktingane sine, og at vidare drift føreset at eigar tilfører selskapet kapital. Regjeringa meiner det ikkje er aktuelt å tilføre kapital, fordi det ikkje ser ut til å vere mogleg å drive med overskot.

Som følgje av dette vil regjeringa også selje garden. Dette heng også saman med at vidare statleg eigarskap av garden vi krevje betydelege midlar til vedlikehald og til å dekkje bygnadsmessige etterslep.

Alternativ til Regjeringa sitt framlegg er:

  1. Å ikkje selje Staur, men leggje ned gjestegardsdrifta. Behov for kapitalinnskot blir då om lag 5 – 7 mill. kroner – for å «gjere opp buet» i selskapet.

  2. Å ikkje selje Staur, og føre vidare gjestegardsdrifta. Behov for kapitalinnskot vil vere på om lag 8 – 10 mill. kroner for å sikre selskapet handlingsrom for å dekkje opp for gjeldande krav mellom anna til nytt kjøken og til pålagde brannsikringstiltak.

  3. Avvikle selskapet og selje Staur i tråd med framlegget. Ingen særskilde løyvingsbehov, «buet blir gjort opp» mot salssum.

For å føre vidare selskapet Staur gård AS må det gjerast store endringar i driftsmodellen viss ein skal ha utsikter til overskott, avkasting eller utbytte. Med dagens infrastruktur på Staur vil ikkje gjestegardsdrift vere lønsam. Risiko for nye tap gjer det vanskeleg å sjå at det vil vere forsvarleg bruk av offentlege midlar å tilføre kapital.