1.3.2 Avvikling av Staur gård AS
Staten v/Landbruks-
og matdepartementet eig alle aksjane i Staur gård AS, og den samla
aksjekapitalen er på 1,5 mill. kroner. Forholdet mellom staten som
eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er i dag regulert
i eigen leigeavtale.
Staur gård AS har
eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings-
og forsøksverksemd i jordbruket, og å drive eigedommen på ein best
mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen
for storfe i regi av Tyr/Nortura, seminstasjonen for sau i regi
av Norsk sau og geit, og korn- og planteforsøk i regi av Graminor
AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur.
Dei seinare åra har
særleg gjestegardsverksemda vore krevjande, noko som har bidrege
til underskott. Samla nærmar eigenkapitalen seg no halvparten av den
samla aksjekapitalen. På bakgrunn av denne økonomiske situasjonen
fatta styret hausten 2016 vedtak om at selskapet ikkje lenger er
i stand til å bere forpliktingane sine, og at vidare drift føresett
at eigar tilfører selskapet kapital.
Departementet kan
ikkje sjå at det er gode nok grunnar til at staten skal ta ansvar
for å leggje til rette for gjestegardsverksemd av denne typen. Det
bør difor ikkje vere aktuelt å nytte statlege midlar til å tilføre
selskapet kapital eller til å dekkje dei økonomiske behova som er
avdekt ved eigedommen elles. Det bør heller ikkje vere ein aktuell
modell å avvikle gjestegardsverksemda og samstundes drive resten
av selskapet som i dag.
Departementet kan
ikkje sjå at det er gode nok grunnar til å halde fram med statleg
eigarskap i dagens situasjon. Departementet legg difor opp til å avvikle
Staur gård AS i tråd med aksjeloven § 16, jf. framlegg til vedtak
IV, med sikte på å få effektuert avviklinga i løpet av første halvår
2017. Eigedommen Staur gard vil bli seld, i tråd med avhendingsinstruksen.