Kap. 1350 Jernbaneverket
Komiteen registrerer at Jernbaneverket
vil få eit meirforbruk på post 23 Drift og vedlikehald på i alt
592 mill. kroner samanlikna med løyvinga for 2016. Meirforbruket
gjeld 475 mill. til fornying, 50 mill. i utgifter til jernbanereforma,
utgifter til opprydding etter hendingar og påkøyring av dyr med
40 mill. kroner og ein auke i korrektivt vedlikehald med 27 mill.
kroner. Komiteen merker
seg at nokre investeringsprosjekt har lågare framdrift enn føresett
i budsjettet for 2016. I tillegg har utgiftene blitt mindre enn
føresett for nokre prosjekt. Komiteen viser til at løyvinga
på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja vert redusert med kr 592
mill., og at løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald
vert auka med tilsvarande beløp. Komiteen er opptatt av at
prosjekta held god framdrift. Når føresetnadane likevel har endra
seg som vist til i proposisjonen, er komiteen fornøgd med at Samferdselsdepartementet
har prioritert fornyingstiltak og ytterlegare reduksjon av vedlikehaldsetterslepet.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, syner
til at vedlikehaldsetterslepet på jernbaneinfrastruktur har bygd
seg opp over fleire år, og syner til at i perioden 2005–2013 auka
etterslepet med om lag ein mrd. kroner i året, trass i at det i
same periode var oppslag på oppslag i media som dokumenterte tilstanden
til jernbanenettet, og at jernbanedirektøren sjølv uttalte at jernbanenettet
stod i fare for å bryte saman. Fleirtalet meiner dette er
en uhaldbar situasjon, og at det derfor er viktig å setje i verk
tiltak for å redusere etterslepet. Fleirtalet syner til at budsjettavtalen
mellom samarbeidspartia i 2014 langt på veg stansa veksten i forfall,
mens avtalane om 2015- og 2016-budsjettet reduserte forfallet med
nær ein mrd. kroner. Fleirtalet ser
at det har vore redusert framdrift i nokre jernbaneprosjekt, men
er svært positive til at ubrukte løyvingar vert flytta innanfor
sektoren og over til jernbanevedlikehald. Fleirtalet syner til at auka løyvingar,
fleire avgangar og betre organisering av sektoren er dei fire samarbeidspartia
si løysing for å gjere jernbanen til eit konkurransedyktig og attraktivt
tilbod for dei reisande.
Fleirtalet viser vidare til
at samferdselsministeren i svar på spørsmål datert 6. desember 2016, gir
ein detaljert oversikt over årsakene til at det er eit mindreforbruk
på post 30. Fleirtalet merkar
seg at dette er normale avvik og tilpassingar som kan oppstå i gjennomføringa
av denne type prosjekt, og at ein del av mindreforbruket dreier
seg om endringar i betalingsplan, tvist om sluttoppgjer og faktisk
lågare utgifter på fleire prosjekt.
Fleirtalet viser til at berre
ein del av mindreforbruket har direkte påverking på anleggsmarknaden,
samstundes som midlane har blitt omprioritert til drift og vedlikehald,
som bidrar til ny aktivitet. Fleirtalet vil i tillegg påpeike
at den auka aktiviteten i jernbanesektoren dei siste åra har gitt
auka aktivitet også i anleggsbransjen, og at dette har positiv effekt
både for enkeltbedrifter og bransjen som heilskap.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet merker seg et uvanlig høyt mindreforbruk på
post 30 for 2016. Mindreforbruket på 744 mill. kroner er på nærmere
13 pst. av total bevilgning på denne posten for 2016. Det er grunn
til å stille spørsmål ved om grunnlaget Stortinget fikk presentert
for 2016-budsjettet, var godt nok eller om styringen av midlene
og de interne prosessene i 2016 har vært gode nok. Selv om store
deler av midlene er blitt brukt til økt drift og vedlikehold, noe
som isolert sett er bra, er dette et betydelig brudd på de forutsetninger Stortinget
la for jernbanebudsjettet for 2016. Videre påpekes det at avviket
er så stort at det synes åpenbart at avviket må ha vært kjent i
lang tid. Siden det i statsrådens svarbrev til komiteen av 6. november 2016
pekes på at investeringer skyves fram til 2017 og senere, mens vedlikehold
som er gjennomført i 2016 var planlagt gjort i 2017, framstår dette
som opplysninger som burde vært tydeligere kommunisert til Stortinget
i forbindelse med arbeidet med statsbudsjettet for 2017.
Disse medlemmer vil også påpeke
at selv om det er bra at vedlikeholdsetterslepet med dette er redusert,
fører dette til betydelige svingninger og uforutsigbarhet i anleggsmarkedet
fra år til år. Det er denne typen svingninger anleggsmarkedet har
vært opptatt av at skal bli redusert. Dette er negativt for disse
bedriftenes mulighet til å planlegge og skalere sin virksomhet,
samtidig som det potensielt påvirker kostnaden staten må betale
for oppgavene som utføres.