Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå
Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove
Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad
og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette
Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre,
Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til representantforslaget Dokument 8:107 S (2015–2016) om
betre sjøtryggleik for fritidsbåtbruk og svarbrevet frå Nærings-
og fiskeridepartementet av 13. oktober 2016 (vedlagt).
Komiteen viser til viktigheita
av tryggleik i ferdsel på havet og deler derfor forslagsstillarane
sin intensjon om fokus på sikkerheit ved bruk av fritidsbåtar. Fleire
skaffar seg slike båtar, samt at mengda hestekreftar blir større,
og derfor er dette spesielt viktig for å forhindre skadar og dødsulukker.
I så måte er det gledeleg at Kystverket og Sjøfartsdirektoratet arbeider
kontinuerleg for å sikre tryggleiken for fritidsbåtbrukarar, og
at sistnemde er ein god instans for å melde sjøulukker.
Komiteen deler forslagsstillarane
sitt syn på at det er viktig at dei som køyrer fritidsbåtar, har
tilstrekkeleg kompetanse med omsyn til å førebyggje ulukker til
havs. Kunnskap omkring kva som er årsakene til ulukkene, er òg avgjerande
ved bruk av båtar til fritidsføremål.
Komiteen viser til brev av
13. oktober 2016 frå næringsministeren, der også næringsministeren uttrykkjer
at ho meiner at det er naudsynt å auke sikkerheita og ønskjer å
treffe tiltak som kan få ned mengda ulukker.
Det går fram i dette
brevet at det allereie er stor merksemd frå både myndigheiter og
andre aktørar for å få ned ulukkestala for fritidsbåtar, samt at
det er iverksett tiltak for å auke kunnskapen om tryggleiken ved
ferdsel med båt, herunder arbeid med gode holdningar og godt sjømannskap,
innføring av obligatorisk båtførarprøve og informasjonskampanjar.
Frivillige organisasjonar har òg høve til å søkje om midlar til
sjøvettaktivitetar for barn og unge.
I brevet vert det
òg vist til Stortinget sitt vedtak i 2015 om eit påbod om bruk av
flyteutstyr på desse båtane. Med omsyn til påbodet om flytevest
er det for tidleg å seie om påbodet har hatt ein effekt på mengda
dødsulukker. Fleire vil derfor meine at det er for tidleg å konkludere.
Komiteen viser til at regjeringa
i framlegg til statsbudsjett for 2017 har foreslått å auke løyvingar til
Statens havarikommisjon for transport, noko som gjev havarikommisjonen
rom for å undersøkje fleire sjøulukker. Vidare held regjeringa i
budsjettforslaget fram at Kystverket vil utrede tiltak for å styrke tryggleiken
for fritidsfartøy.
Komiteen peiker på at arbeidet
med krisehandtering ved fritidsbåtulukker også er ein avgjerande
del av tryggleiken til sjøs. Derfor er det viktig at Redningsselskapet,
Sjøfartsdirektoratet og Statens havarikommisjon for transport er
gode instansar i så måte, for å begrense ulukkesomfanget.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til
at sjølv om næringsministeren trekker fram ei rekke tiltak, så ligg
ingen samla strategi eller tydeleg målsetting til grunn for regjeringas
arbeid. Arbeidet med å redusere talet på omkomne og hardt skadde
i fritidsbåtar inkluderer mange aktørar, og ein felles strategi
er viktig for å koordinere innsatsen og å lukkast med
målsettinga.