vedtak til lov
om
endringar i offentleglova (gjennomføring av endringsdirektivet til
vidarebruksdirektivet)
I
I lov 19. mai 2006
nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det
gjort følgjande endringar:
§ 2 sjette ledd skal lyde:
Føresegnene i § 6, § 7 andre ledd,
§ 8 tredje ledd andre punktum og fjerde og femte ledd og § 30 første ledd
tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av føresegnene i paragrafen
her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI
nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som
endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon
frå offentleg sektor.
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Dersom ikkje anna blir fastsett av
Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i paragrafen her berre for verksemder
som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 7 andre ledd skal lyde:
I verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg
XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som
endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon
frå offentleg sektor, skal eventuelle standardlisensar om bruk av
offentleg informasjon vere tilgjengelege i digitalt format, og dei
må kunne behandlast elektronisk. Kongen kan i forskrift fastsetje
at det same skal gjelde for verksemder som ikkje er omfatta av EØS-avtalen
vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 8 fjerde til sjette ledd skal
lyde:
For verksemder som fell utanfor lova
her, men som er omfatta av anna lovgiving som gir ålmenta innsyn
i offentleg verksemd, eller av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv
2003/98/EFsom endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, må dei samla
inntektene ved informasjonsutlevering ikkje overstige dei faktiske kostnadene ved reproduksjon og formidling
av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane.
Verksemder
som til vanleg krev betaling for informasjon, skal på førehand offentleggjere
gjeldande vilkår og faktisk betalingssum, medrekna utrekningsgrunnlaget
for betalinga. Slik informasjon skal gjerast tilgjengeleg elektronisk
dersom det er mogleg.
Dersom ikkje anna blir fastsett av
Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i tredje ledd andre punktum og
i fjerde og femte ledd berre for verksemder som er omfatta av EØS-avtalen
vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 30 skal lyde:
§ 30 Korleis organet skal gi innsyn og
gjere dokument tilgjengelege
Organet fastset ut frå omsynet til
forsvarleg saksbehandling korleis eit dokument skal gjerast kjent. Det
kan krevjast papirkopi eller elektronisk kopi av dokumentet. Hos
verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv
2003/98/EF som endra ved direktiv
2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg
sektor, og hos andre verksemder der det er fastsett av Kongen i
forskrift, gjeld retten til kopi alle eksisterande format og språkversjonar.
Retten til kopi gjeld ikkje format eller versjonar av eit dokument
som er allment tilgjengeleg. Kongen kan gi forskrift om at retten
til elektronisk kopi ikkje skal gjelde for dokument som ein tredjeperson
har immaterielle rettar til, og for dokument der det er påkravd
av arkivtekniske omsyn.
Når verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg
XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som
endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon
frå offentleg sektor, gir innsyn i informasjon som det knyter seg
immaterielle rettar til, skal organet, dersom det har kjennskap
til det, opplyse om kven som er innehavar av rettane, eller kva
for lisenshavar organet har fått informasjonen frå. Dette gjeld likevel
ikkje når det er klart unødvendig å gi slike opplysningar. Kongen
kan fastsetje i forskrift at føresegnene i leddet her også skal
gjelde for verksemder som ikkje er omfatta av EØS-avtalen vedlegg
XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF, som
endra gjennom direktiv 2013/37/EU).
Dersom
verksemder som nemnde i andre ledd gjer dokument med tilhøyrande
metadata allment tilgjengelege, skal tilgjengeleggjeringa skje i
alle eksisterande format og språkversjonar, så langt slik tilgjengeleggjering
er i samsvar med lova her og tilhøyrande forskrift. Plikta omfattar
maskinleselege format. Plikta etter første punktum omfattar ikkje format
som berre blir brukte til lagring eller annan intern bruk, eller
som elles er ueigna for tilgjengeleggjering.
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2016
eller frå den tida Kongen fastset.