vedtak til lov
om
endringer i bustadoppføringslova mv. (tidspunktet for garantistillelse)
I
I lov 13. juni 1997
nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. gjøres
følgende endringer:
§ 12 nytt annet ledd skal lyde:
Entreprenøren
skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen
teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller
løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren
stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren
skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til.
Nåværende annet
til åttende ledd blir nye tredje til niende- ledd.
Nytt niende ledd skal lyde:
I
tilfelle der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd
første punktum, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag
fram til det er dokumentert at det ligg føre garanti i
samsvar med paragrafen her. I tilfelle
der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd andre punktum,
og dette ikkje er gjort, kan forbrukaren gje entreprenøren eit skriftleg
varsel med ein frist på minst ti virkedagar til å rette forholdet. Har
entreprenøren heller ikkje innan denne fristen dokumentert at det
er stilt garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett
til å heve avtalen.
§ 47 tredje ledd annet punktum
skal lyde:
§ 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.
II
I lov 3. mars 1972
nr. 5 om arv m.m. skal § 76 nytt annet ledd lyde:
Ein
ektemakes eller sambuars rettar etter lova her kan berre avgrensast
ved eit lovval etter konvensjon 19. november 1934 mellem Norge,
Danmark, Finland, Island og Sverige om arv og dødsboskifte artikkel
3 dersom ektemaken eller sambuaren har fått kunnskap om dette før
arvelataren døydde.
III
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.