Konsekvensar
av å fristille Vegtilsynet
Vegtilsynet nytter i dag same administrative
løysingar som andre avdelingar i Statens vegvesen. Prisen for dette
er ca. 1,2 mill. kroner per 2015. Dette omfattar kjøp av alle administrative
ressursar. Ved ei fristilling av Vegtilsynet frå Statens vegvesen
er det viktig å sikre Vegtilsynet sitt sjølvstende og sin integritet.
Vegtilsynet bør derfor ikkje kjøpe administrative tenester av og
nytte administrative IKT-system hos vegvesenet som i dag. Vegtilsynet
må dermed etablere nye løysingar for administrativ støtte. Dette medfører
anskaffingar av nye system innan IKT, HR, økonomi, anskaffingar,
arkiv og kontordrift, samt kompetanse og bemanning for å ivareta
systema.
Vegtilsynet har i dag ei bemanning
på 11 medarbeidarar og ein direktør. Vegtilsynet si vurdering er at
det vil vera behov for tre nye administrative stillingar i samband
med ei fristilling.
Ei anna usikker meirutgift er Vegtilsynet
sitt behov for juridisk støtte i samband med anskaffingar, tvistar,
rekruttering og personalspørsmål. Ei fristilling av Vegtilsynet
inneber at dei juridiske støtteprosessane som tidlegare blei handtert
av vegvesenet, framover skal utførast av Vegtilsynet.
Ved utskiljinga frå Statens vegvesen
kan i tillegg tilgang på vegfaglig kompetanse bli noko meir krevjande
enn i dagens situasjon, og vil vere ei utfordring det vil være naudsynt
å følgje med på. Det er ein viktig føresetnad at tilsynsorganets
kompetanse ikkje er dårlegare enn den tilsynsobjektet har til disposisjon,
og at tilsynet er i stand til å møte fagleg argumentasjon (St.meld.
nr. 17 (2002–2003)). Høg fagleg kompetanse gir tilsynsorganet ei
meir uavhengig rolle og medverkar til naudsynt tillit og legitimitet
(Innst. S. nr. 222 (2002–2003)).
Ved opprettinga av eit nytt pliktsubjekt
i tillegg til Statens vegvesen reknast aukinga av ressursbruk hos
Vegtilsynet å vere liten. Tilsynet skal som i dag føre risikobasert
systemtilsyn med ansvarleg for riksveg. Dette inneber at Vegtilsynet
fortsatt prioriterer sin innsats der risikoen for alvorlege ulykker
er størst.
På den annan side vil innføring av
nye tilsynsreaksjonar kunne medføre eit behov for noko økt ressursbruk
hos Vegtilsynet.