Oppfølginga frå departementet
I innleiinga til
sitt svar av 31. mars 2016 gir statsråden i Kunnskapsdepartementet
uttrykk for at Riksrevisjonens rapport byggjer på grundige undersøkingar
og eit omfattande datamateriale som viser kompleksiteten i arbeidet
med å auke talet på læreplassar. Statsråden har henta inn synspunkt
på rapporten frå statsråden i Kommunal- og moderniseringsdepartementet,
og oppfølginga av tilrådingar knytte til arbeidet for å auke talet
på læreplassar i staten, er gitt att i svarbrevet.
Statsråden viser
til ei rekkje pågåande tiltak som er sette i gang av Kunnskapsdepartementet
for å auke talet på læreplassar og lærebedrifter, både retta mot arbeidslivet
og mot opplæringa i skulen. Statsråden skriv at det har vore ei
positiv utvikling i talet på læreplassar i perioden sidan 2011,
og meiner dette er resultat av tiltak som allereie er sette i gang.
Samtidig legg statsråden vekt på at det framleis er altfor mange søkjarar
som ikkje får læreplass, og at det derfor er nødvendig å prioritere
arbeidet med å auke talet på læreplassar framover.
Statsråden viser
til at det er eit dilemma knytt til styresmaktene sitt arbeid med
dimensjonering av opplæringstilbodet. Det kjem av at det ikkje nødvendigvis
er samsvar mellom den samla oppfatninga av framtidig kompetansebehov
i dei ulike bransjane og rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda.
Statsråden viser
til at nasjonale styresmakter har utvikla læreplasstatistikken,
og at den kan vere eit viktig verktøy for fylkeskommunane i dimensjoneringsarbeidet.
Med finansiell støtte til blant anna det fylkeskommunale kvalitetsnettverket
medverkar departementet ifølgje statsråden til å fremme dialog og
erfaringsoverføring mellom fylkeskommunane om temaet. Program for
betre gjennomføring er òg eit eksempel på ein god arena for dialog
med fylkeskommunane. Statsråden viser vidare til to andre pågåande
tiltak som relevante, høvesvis gjennomgangen av tilbodsstrukturen
innan yrkesfag og pilotprosjektet der fem fylkeskommunar kartlegg
dei framtidige kompetansebehova i eigen region. Statsråden meiner
òg at den nye Samfunnskontrakten for fleire læreplassar for perioden
2016–2020 vil medverke til å betre lokalt arbeid på området.
Ifølgje statsråden
er det ingen andre felt på utdanningsområdet som blir så raskt påverka
av konjunktursvingingar og endringar i arbeidsmarknaden som fag-
og yrkesopplæringa. Det inneber at fag- og yrkesopplæringa alltid
er i omstilling og utvikling, og at det derfor heile tida er nødvendig
å vurdere den statlege verkemiddelbruken på området. Statsråden viser
til at partane i arbeidslivet og styresmaktene gjennom trepartssamarbeidet
har teke på seg eit felles ansvar for å medverke til å utdanne nok
fagarbeidarar. Det har resultert i at fag- og yrkesopplæringa har
to opplæringsarenaer med ulike oppgåver og til dels ulike mål. Eit
dilemma ved dette er at styresmaktene har det formelle ansvaret
for gjennomføringa, men ikkje direkte påverkar eller styrer om bedriftene vil
ta på seg ansvar for opplæringa til elevane. Statsråden legg vekt
på at mål på området berre kan bli nådde gjennom langsiktig felles
innsats frå alle involverte partar.
Statsråden opplyser
at arbeidet for å rekruttere fleire lærebedrifter er prioritert
i den nye samfunnskontrakten for perioden 2016–2020. Det er blant anna
avtalt å etablere lokale nettverk som skal arbeide for å skaffe
fleire læreplassar. Statsråden opplyser vidare at Kunnskapsdepartementet
vil vurdere effekten av dei siste aukane i lærlingtilskotet før innrettinga
av dei økonomiske verkemidla retta mot etablerte og nye lærebedrifter
eventuelt blir vurdert ytterlegare.
Statsråden er einig
i at det er grunn til å sjå nærmare på lærekandidatordninga, men
stiller spørsmål ved om datamaterialet til Riksrevisjonen gir grunnlag
for å hevde at elevar med tilstrekkelege føresetnader for å fullføre
vidaregåande opplæring med yrkeskompetanse i staden blir rettleidde
til å gå lærekandidatordninga. Statsråden opplyser at praksisbrevordninga
er foreslått innført som supplement til yrkesfagleg vidaregåande
opplæring i alle fylke frå og med skuleåret 2017/2018. Ifølgje statsråden
kan ordninga vere eit alternativ til lærekandidatordninga for elevar
med føresetnader for å fullføre opplæringa med yrkeskompetanse.
Statsråden meiner
Riksrevisjonens rapport med fordel kunne behandla ansvarsdelinga
mellom statlege og fylkeskommunale styresmakter tydelegare, særleg
ved arbeidet med rekruttering av nye lærebedrifter og dimensjonering
av opplæringstilbodet. Statsråden meiner Riksrevisjonens vurderingar
bør sjåast i lys av at oppgåveløysinga er lagd til fylkeskommunalt
nivå. Statsråden meiner vidare at pedagogisk verkemiddelbruk, som
Riksrevisjonen tilrår for å understøtte arbeidet i fylkeskommunane,
er ein form for statleg detaljstyring.
Statsråden i Kommunal-
og moderniseringsdepartementet opplyser at sjølv om fleire tiltak
og aktivitetar er sette i gang for å auke talet på lærlingar i staten,
er det framleis mykje som står igjen. Statsråden opplyser at blant
anna dei følgjande tiltaka er sette i gang eller skal setjast i
gang for å styrkje arbeidet med å informere og rettleie statleg
verksemd om lærlingordninga og for å kunne følgje bruken av ordninga
i staten:
-
underteikna den
nye Samfunnskontrakten for fleire læreplasser 2016–2020 på vegner
av staten
-
vidareføre opplæringskontoret
for statleg verksemd (OK stat) og etablere det som fast ordning frå
og med 2017
-
vurdere vidareføring
av kravet om at alle statlege verksemder skal ta inn minst éin lærling
-
frå 2016 etablert
ein årleg pris til beste statlege lærebedrift, for å gjere arbeidet
med lærlingar betre kjent i staten og fremje staten som attraktiv arbeidsgivar
-
ta i bruk eige talmateriale
frå Statens sentrale tenestemannsregister (SST).