Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

9. Presiseringer i skattereglene for verdipapirfond

Med verknad frå inntektsåret 2016 er det gitt nye skattereglar for verdipapirfond. Mens dei gamle reglane behandla alle verdipapirfond med ein eller fleire aksjar som aksjefond som fylgde prinsippa for aksjeskattlegging, tek dei nye reglane meir omsyn til samansettinga av aksjar og andre typar verdipapir i fondet. Dei nye reglane gir ein meir konsekvent og prinsipielt riktig skattlegging, og investeringar gjennom fond blir meir likestilt med direkteinvesteringar i aksjar. Risikoen for misbruk vert redusert, og konkurransevilkåra i marknaden blir meir like. Departementet viser til nærare omtale av reglane i Prop. 1 LS (2015–2016) punkt 7.4.

På to områder bør reglene justerast:

  • Den første justeringa gjeld reglane om skjerming for part i verdipapirfond. Etter skattelova § 10-20 femte ledd skal berre den delen av andelen sin inngangsverdi som aksjeandelen i ervervsåret, vere skjermingsgrunnlag. Reglane byggjer i andre samanhengar på ein sjablong. Etter sjablongen skal ein behandle fond med aksjedel over 80 pst. som om dei berre eig aksjar, og med mindre enn 20 pst. som om dei berre eig andre verdipapir. Lovteksten er ikkje klar på om denne sjablongen òg skal gjelde ved utrekning av skjerming. Departementet meiner mykje talar for at sjablongen òg blir brukt ved utrekning av skjerming. Ei slik løysing vil forenkle og gi best samanheng i regelverket. Departementet foreslår at lovteksten justerast slik at dette blir klart. Løysinga vil til dømes innebere at skjerming blir gitt for heile kostprisen for andelen, når aksjeandelen ved erverv var over 80.

  • Den andre justeringa gjeld forholdet mellom dei nye skattereglane for verdipapirfond og dei reglane om oppjustering av aksjeutbytte og aksjegevinstar som gjeld frå og med i år. Disse regelsetta må sjåast i samanheng, men på eitt punkt kan det vere tvil om korleis oppjustering skal skje. Dette gjeld den nye regelen i skatteloven § 10-20 sjuande ledd om skattlegging av gevinst ved realisasjon av del i verdipapirfond. Her oppstår spørsmål om oppjustering skal skje for heile gevinsten, eller berre den delen som samsvarar med berekna aksjedel i fondet.

Departementet foreslår at det blir presisert i lovteksten at oppjustering berre skal skje for den delen som samsvarer med berekna aksjedel i fondet. Det er ein, skattytarvennleg løysing som òg er prinsipielt mest riktig.

Departementet viser til forslag til skattelova § 10-20 femte ledd nytt anna punktum og § 10-20 sjuande ledd nytt sjette punktum.

Departementet foreslår at endringane skal tre i kraft med verknad frå og med inntektsåret 2016.

Departementet antar at endringane ikkje får monalege provenymessige konsekvensar.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.