Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

8. Skatteavgrensningsregelen – tilpasning til trinnskatten

Med verknad frå 2016 er toppskatten erstatta med ein ny trinnskatt. Dette vil gi auka skatt for ei lita gruppe personar som framleis blir skattlagd etter skatteavgrensingsregelen. Årsaka er at skatteavgrensinga berre gjeld for skatt på alminneleg inntekt og trygdeavgift, og ikkje for trinnskatt og formuesskatt. Den tidlegare toppskatten gav heller ikkje skatteavgrensing. Dei fleste som har blitt skattlagd etter denne regelen, har heller ikkje hatt høg nok personinntekt til at dei har betalt toppskatt. Men trinnskatten slår inn på eit lågare inntektsnivå enn det toppskatten gjorde. Dersom reglane ikkje blir endra, vil dei som blir skattlagde etter skatteavgrensingsregelen betale trinnskatt i tillegg til 55 pst. skatt på nettoinntekt over ei skattefri grense. Regjeringa ynskjer å unngå innstramminga for denne gruppa og foreslår at skatteavgrensinga òg skal gjelde for trinn 1 og 2 i trinnskatten. Dette samsvarar med reglane som gjaldt fram til 2016. Endringa skal etter forslaget gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2016. Forslaget fører til endringar i skattelova § 17-1 andre ledd.

Departementet anslår at forslaget vil redusere provenyet med om lag 14 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2016.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.