16. Endringer i reglene for forskuddstrekk
Departementet foreslår endringar i skattebetalingslova §§ 5-5 og 5-7 slik at det klargjerast at forskottstrekkordninga for løn gjeld for alle ytingar som blir skattlagt som løn. I skattebetalingslova § 5-7 foreslår departementet vidare at tidspunktet for når det kan gis fritak for forskottstrekk i pensjonar mv. blir meir fleksibelt og tilsvarande kva som gjeld for lønnsinntekt. Departementet foreslår òg ei oppretting i skattebetalingslova § 5-7 i samband med ei tidlegare endring av føresegna.
Vidare foreslår departementet ei endring i skattebetalingslova § 5-9 om at det i berekningsgrunnlaget for forskottstrekk skal gjerast frådrag for pensjonsinnskot til utanlandske pensjonsordningar.
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.
Forslaga fører til endringar i skattebetalingslova §§ 5-5, 5-7 og 5-9.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.