Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

15. Endret frist for å betale lønnstrekk på Svalbard

Departementet legg fram forslag om å endre fristen for å betale lønnstrekk på Svalbard. Forslaget fører med seg at arbeidsgjevarar som gjennomfører lønnstrekk for å dekke skatten til arbeidstakarar på Svalbard, skal betale trekket inn til staten seks gonger i året, nærare bestemt den femtande i månaden etter kvar tomånadlege termin. Forslaget gjer at fristen for å betale lønnstrekk på Svalbard blir den same som fristen for å betale vanleg forskotstrekk. Etter gjeldande føresegner skal arbeidsgjevarar betale lønnstrekk to gonger i året, kvar 1. august for terminen frå 1. januar til 30. juni og 1. februar i året etter inntektsåret for terminen frå 1. juli til 31. desember.

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde 1. januar 2017 med verknad for terminar som startar denne dagen og seinare.

Forslaget fører til ei endring i skattebetalingslova § 10-11.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.