Sammendrag

Forslagsstillarane viser til at arkivverket i dag har ein landsomfattande organisasjon med eit sentralorgan, Riksarkivet, og åtte regionale institusjonar, statsarkiv. I tillegg kjem to meir spesialiserte einingar med landsomfattande oppgåver: Samisk arkiv og det komande Norsk helsearkiv.

Forslagsstillarane viser til at gjennom handsaminga av arkivmeldinga (Meld. St. 7 (2012–2013)) slo Stortinget fast at nettverket av statsarkiv i regionane bør haldast oppe og at vilkåra bør leggjast til rette for at statsarkiva kan spele ei sentral rolle i etablering og drift av nye integrerte løysingar. Stortinget gav si tilslutning til at statsarkiva, i tillegg til dei regionale oppgåvene, også kan ta på seg ein del oppgåver for etaten under eitt, uavhengig av geografisk tilknyting. Forslagsstillarane viser til at Stortinget meinte at ei slik utplassering av etatsoppgåver kan vere med på å styrkje det regionale elementet i etaten og utnytte fagkompetansen og kreativiteten på ein optimal måte.

Forslagsstillarane er gjort kjende med at Riksarkivaren no planlegg omorganisering av Arkivverket til ein felles organisatorisk eining styrt frå Oslo. Omorganiseringa vil innebere at dei åtte regionale statsarkiva vil verte lagt ned som eigne institusjonar. Forslagsstillarane viser til at det skal ikkje lenger vere ein regional leiing på kvar enkelt stad, og omgrepet «Statsarkiv» forsvinn. Den føreslåtte omlegginga er omfattande og vil svekke det regionale arkivarbeidet. Omlegginga skal etter planen tre i kraft allereie ved årsskiftet.

Forslagsstillarane fryktar at den regionale og lokale kompetansen forsvinn dersom dei regionale institusjonane vert avvikla og ingen skal ha ansvar for å leie arbeidet regionalt.

Den føreslåtte omorganiseringa frå Riksarkivaren er etter forslagsstillarane sitt syn klart i strid med Stortinget sin intensjon ved handsaminga av arkivmeldinga om å styrkje det regionale nivået. Avvikling av statsarkiva som sjølvstendige einingar kan ikkje gjerast i ein intern omorganiseringsprosess. Arkivverket er definert i arkivlova § 4.

Forslagsstillarane fremjar følgjande forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar.

  • 2. Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering.»