Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Regjeringas politiske plattform, Sundvolden-erklæringa av 16. oktober 2013, løftar fram dei viktigaste utfordringane i mediemarknaden og legg samstundes hovudlinjene for regjeringas mediepolitikk:

«Digitalisering fører til en ny hverdag i mediebransjen. Premissene for publikums deltakelse, produktenes utforming og redaksjonenes arbeidsform endres hurtig. Regjeringen vil legge til rette for god nyhetsproduksjon og en bredt anlagt offentleg samtale i fremtidens digitale mediesamfunn. Mediepolitikken må derfor stimulere til nyskapning og innovasjon, samtidig som den frie pressens tradisjoner og grunnverdier ivaretas.»

Sundvolden-erklæringa uttrykkjer samtidig at regjeringa vil

  • legge frem en stortingsmelding om NRK-lisens og alternative betalingsordninger

  • øke andelen eksterne produksjoner i NRK

  • begrense NRKs mulighet til å bruke sin robuste økonomi til å svekke frie institusjoners aktivitetsgrunnlag

I Grunnlova § 100 sjette ledd heiter det:

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Dette blir gjerne omtala som infrastrukturkravet og inneber bl.a. at staten ikkje berre skal avstå frå inngrep i ytringsfridomen, men også leggje til rette for borgaranes ytringsvilkår. Dette inneber at det må leggjast til rette for kanalar og institusjonar som kan bidra til ei open og opplyst offentleg samtale – eit offentleg rom. Å syte for eit mangfald av uavhengige og frie medium er ein grunnleggjande føresetnad for eit velfungerande demokrati og for utviklinga av eit levande folkestyre.

Allmennkringkasting er eitt av fleire verkemiddel for å leggje til rette for ei open og opplyst offentleg samtale. Offentleg finansiert allmennkringkasting må difor sjåast i samanheng med statens andre verkemiddel i mediefeltet. Dette omfattar bl.a. ei rekkje økonomiske verkemiddel som skal bidra til å halde oppe eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium, bl.a. direkte tilskotsordningar, og dessutan indirekte mediestøtte i form av reglar for fritak frå meirverdiavgift. Eit viktig tiltak for å syte for at det ved sida av NRK eksisterer eit kommersielt allmennkringkastingstilbod, er å sikre rammevilkår som legg til rette for ein innovativ og konkurransedyktig kommersiell mediesektor.

Mediesektoren er i rask endring og er prega av særleg fire sentrale utviklingstrekk. For det første er sektoren meir global. For det andre er det ein aukande tendens mot konvergens og fleirmedialitet. For det tredje er den tradisjonelle medieøkonomien utfordra av nye digitale forretningsmodellar. Det fjerde utviklingstrekket er dei raske endringane i mediekonsumet og mediebruken blant folk. Kapittel 3 i meldinga inneheld ei nærare skildring av desse utviklingstrekka.

Førre gongen Stortinget gjorde ein brei gjennomgang av allmennkringkastinga var i 2007, under handsaminga av St.meld. nr. 30 (2006–2007) Kringkasting i ei digital framtid. Dei raske teknologiske og økonomiske endringane i mediemarknaden tilseier at det er trong for ei ny vurdering av rammene for allmennkringkasting. Departementet sende 6. juni 2014 NRK-plakaten på allmenn høyring. Høyringa stadfestar at det er brei oppslutnad om behovet for allmennkringkasting generelt og behovet for NRK som ein offentleg finansiert allmennkringkastar for å sikre mangfald, ytringsfridom og norsk kultur. Hovudfokus blant høyringsinstansane er å syte for at prinsippa for allmennkringkasting og NRKs verksemd er innretta på best mogleg måte for å oppfylle dei overordna medie- og kulturpolitiske målsetjingane. Mange av instansane er særleg opptekne av at det må vere god balanse mellom NRK som offentleg finansiert kringkastar og dei kommersielle media.

Allmennkringkasting er særs viktig for å sikre eit mangfaldig innhaldstilbod av god kvalitet. Dette gjeld særleg for grupper i samfunnet som gjennomgåande er mindre interessante i annonsemarknaden, så som yngre og eldre aldersgrupper, minoritetar og funksjonshemma. Som følgje av dette bidreg allmennkringkasting til at det finst ein felles arena som gjev betre kommunikasjon og auka gjensidig respekt og forståing i samfunnet.

Globaliseringa av mediemarknaden inneber at norsk innhald er utsett for langt større konkurranse enn tidlegare. Allmennkringkastinga blir difor viktigare for å fremje norsk innhald, kultur og språk. Allmennkringkastinga har også ei viktig oppgåve som folkeopplysar og eit særleg ansvar for beredskap.

Sjølv om mediemarknaden er i stadig endring, er det framleis stort behov for allmennkringkasting. Målet for stortingsmeldinga er å vurdere korleis allmennkringkastinga bør innrettast for å oppfylle dei overordna mediepolitiske måla.

Kapittel 2 i meldinga inneheld ein gjennomgang av allmennkringkastingas historie, og eit oversyn over dagens norske allmennkringkastarar. Gjennomgangen viser mellom anna at NRKs verksemd heilt frå starten har hatt grenseflater mot kommersielle aktørar, og at NRKs verksemd har vore gjenstand for ei rekkje debattar både blant publikum og marknadsaktørar.

Kapittel 3 tek for seg endringstendensar i mediemarknaden. I kapittelet beskriv departementet kva konsekvensar endringane har for norsk innhald og for annonsemarknaden. Vidare handlar det om tendensar i mediemarknaden som globalisering, konvergens, utviklinga mot fleirmediale medieføretak og endringar i folks mediebruk.

Kapittel 4 inneheld eit oversyn over internasjonale og norske rammevilkår for allmennkringkasting. Blant anna blir føresegner om offentleg støtte i EØS-avtala og Europarådets tekster omtalt.

I kapittel 5 tek departementet til orde for at NRKs oppdrag blir fastsett i ein overordna NRK-plakat, og at meir detaljerte føresegner blir fastsette i vedtektene. Føremålet med å fastsette ein ny plakat er å leggje til rette for ein overordna og prinsipiell debatt på Stortinget.

I kapittel 6 blir tilsynet med og eigarstyringa av NRK drøfta. Departementet understrekar kor viktig det er med tett oppfølging av NRKs rapportering om effektiv drift for å syte for mest mogleg openheit om bruken av lisensmidlane. Departementet meiner elles at eigarstyringa er organisert på ein formålstenleg måte, og legg difor ikkje opp til endringar i eigarstyringa av selskapet. Kringkastingsrådet blir ført vidare, men departementet vil i samanheng med ein revisjon av lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester (kringkastingslova) vurdere om reglane for oppnemning av rådet bør justerast, slik at kvalifikasjonar, røynsle og breidde, mellom anna mediefagleg bakgrunn og alder, blir tekne inn i reglane for oppnemning av nye medlemer.

I kapittel 7 blir det vurdert ei rekkje problemstillingar knytte til distribusjon og tilgjengeleggjering av NRKs innhald. Departementet konkluderer med at kravet om tilgjengelegheit for heile befolkninga bør utvidast frå NRKs tre hovudkanalar for høvesvis radio og fjernsyn til å omfatte alle faste radio- og TV-kanalar. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje er grunnlag for å leggje konkrete føringar for korleis NRKs innhald skal distribuerast og gjerast tilgjengeleg på tredjeparts plattformer. Departementet meiner også at klipp og utdrag frå NRKs arkiv skal gjerast tilgjengelege for vidarebruk så langt som det er juridisk og praktisk mogleg, og presseetisk forsvarleg. Dersom NRK tek betalt for utlevering av arkivmateriale, skal dette skje til sjølvkost.

Kapittel 8 inneheld ei vurdering av NRKs forpliktingar med omsyn til tilgjengeleggjering for personar med nedsett funksjonsevne – universell utforming. Sidan NRK er finansiert av allmenta og utgjer ein felles arena for befolkninga, bør NRKs ansvar tydeleggjerast ved at det i NRK-plakaten blir fastsett eit generelt prinsipp og målsetjing om universell utforming som omfattar det samla tilbodet til NRK. Vidare meiner departementet at det bør vurderast å endre kringkastingslovas føresegn om teksting av TV-program, slik at det blir stilt breiare krav om universell utforming, så som konkrete kvantitative krav til teiknspråk, lydtekst og synstolking. Tilbodet til funksjonshemma bør reflektere medieutviklinga og framveksten av nye tenester. Departementet vil difor også vurdere om krav i kringkastingslova til teksting skal utvidast til også å gjelde audiovisuelle bestillingstenester. Vidare meiner departementet at NRKs distriktssendingar skal gjerast tilgjengelege med teksting når programmet blir lagt ut som audiovisuell bestillingsteneste. Departementet meiner vidare at det bør vurderast om kravet om teksting av riksdekkjande direktesende TV-program skal skjerpast.

I kapittel 9 blir NRKs innhaldsforpliktingar vurderte. Departementet ser at den norske musikkbransjen står overfor fleire utfordringar som potensielt kan påverke eksponeringa og konsumet av norsk musikk. NRK er ein dominerande aktør på radio, og NRKs radiokanalar har stor oppslutnad blant lydarane. NRK har eit særskilt, kulturpolitisk grunngjeve ansvar for å fremje norsk kultur. Departementet meiner difor at NRKs forpliktingar til å sende norsk musikk på NRK P1, P2 og P3 bør aukast frå 35 pst. til 40 pst. og at NRK bør arbeide for å oppnå ein høg del norsk musikk på alle sine andre radiokanalar. Elles meiner departementet at NRKs innhaldsforpliktingar, slik dei er utforma i dag, i stor grad fungerer som garanti for at viktige demokratiske og kulturpolitiske mål blir varetekne. Departementet meiner difor at dei andre krava til NRKs innhald i all hovudsak bør bli vidareført.

I kapittel 10 vurderer departementet om NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør avgrensast negativt av omsyn til det samla tilbodet til publikum. NRK er ikkje dominerande i dei breie programkategoriane, men er bortimot åleine om å tilby smalt TV-innhald. Departementet vil ikkje leggje konkrete avgrensingar på kor mykje breitt tilbod NRK skal ha, men konkluderer med at NRK har eit særleg ansvar for å prioritere det såkalla «smale» programtilbodet. NRK skal også streve etter å tilføre tilbodet sitt eit element av auka samfunnsverdi. Departementet har vurdert om det er grunnlag for å avgrense nokre av NRKs tenester eller kanalar. Vurderingane byggjer på ein konkurransemessig analyse av utvalde NRK-tenester utført av Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF) på oppdrag frå Kulturdepartementet. I departementets vurdering blir det vist til at dagens NRK-plakat har gjeve NRK rom for ei dynamisk utvikling av innhaldstilbodet i tråd med folks interesser, og opna for at NRK er til stades på dei plattformene folk nyttar. Dette har gjeve NRK høve til innovasjon og til å vere relevant for lisensbetalarane. Departementet viser elles til SNFs konkurransemessige analyse, som bl.a. konkluderer med at NRK truleg ikkje avgrensar det samla tilbodet til folk. Departementet meiner at utgreiingane som er gjorde, ikkje gjev grunnlag for å innføre negative avgrensingar i NRKs tilbod. Departementet konkluderer med at NRK kan halde oppe den nasjonale nyheits- og aktualitetstenesta (nrk.no), dei regionale nyheits- og aktualitetstenestene sine på Internett og sitt eksisterande tilbod av radio- og TV-kanalar. Nye NRK-tenester skal i hovudsak ha redaksjonell karakter. Departementet meiner også at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet. Dette kan f.eks. kome til uttrykk ved at NRKs regionkontor tek aktivt ansvar for å vise trafikk til lokalavisene. Vidare vil departementet vurdere om kriteria for kva NRK-tenester som skal førehandsgodkjennast bør klårgjerast ved at det blir presisert at også vesentlege endringar av eksisterande NRK-tenester må førehandsgodkjennast. Departementet vil også vurdere om kringkastingslova bør endrast slik at kompetansen til å førehandsgodkjenne nye NRK-tenester blir flytt frå Kongen i statsråd til Medietilsynet. Føremålet med ei slik endring vil vere å gjere vurderingane meir fagleg funderte og mindre politiserte.

Kapittel 11 inneheld ei vurdering av framtidige finansieringsmodellar for NRK. Kringkastingsavgifta er i dag knytt til eigarskap til ein TV eller eit apparat som har fjernsynsmottakar. Distribusjon av innhald over Internett inneber at folk i aukande grad kan bruke innhald frå NRK via apparat som ikkje utløyser avgiftsplikt. Det er ikkje på kort sikt fare for at kringkastingsavgifta som finansieringsmodell vil svikte, men modellen er sårbar for teknologiske endringar. Departementet konkluderer med at kringkastingsavgifta blir vidareført i inneverande stortingsperiode, men at medieutviklinga på sikt kan gjere det naudsynt å endre NRKs finansieringsgrunnlag. Departementet vil difor greie nærare ut dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike former for finansieringsmodellar.

Kapittel 12 gjer greie for dei faktiske økonomiske rammene til NRK. Departementet vil i samband med fastsetjing av dei økonomiske rammene for NRK med jamne mellomrom gjennomføre ei vurdering av ambisjonsnivået for allmennkringkastingstilbodet og korleis NRK påverkar kommersielle medium og dermed det totale medietilbodet til folk. Departementet varslar også at det vil bli stilt auka krav til NRK om effektivisering av drifta.

I kapittel 13 blir NRKs høve til å ha kommersielle inntekter vurdert. Desse inntektene utgjer samla sett små summar for NRK, men er viktige for konkurrentane til NRK. Omsynet til NRKs kommersielle konkurrentar tilseier at NRK i hovudsak bør vere finansiert av kringkastingsavgifta. Departementet meiner at løyvet til å ha reklame på nrk.no bør fjernast, og at høvet til sponsing skal praktiserast restriktivt. Når det gjeld NRKs kommersielle tenester generelt, bør det stillast krav om at tenestene skal ha tilknyting til den redaksjonelle verksemda i selskapet.

I kapittel 14 blir det vurdert om NRK bør auke delen av program som blir kjøpt inn frå eksterne produsentar. Ein større del eksterne produksjonar vil styrkje dei eksterne produksjonsmiljøa. Moglegheita for ekstern utsetting vil dessutan kunne verke positivt inn på NRKs eigenproduksjon. NRK har i eit innspel til departementet sagt at dersom departementet vil fastsetje formelle krav, kan dette gjerast ved at selskapet for åra 2016 og 2017 i gjennomsnitt skal setje ut minst 35 pst. av det frie programbudsjettet for TV (dvs. programbudsjettet for TV utanom nyheiter, sport, distriktsnyheiter, NRK Sápmi og innkjøp av utanlandske program). For åra 2018–2020 kan kravet vere at selskapet legg ut minimum 40 pst. av desse åras budsjetter til eksterne produsentar. Departementet føreset at NRK gradvis trapper opp kjøp frå eksterne produsentar og tek NRKs opplegg for kjøp av eksterne produksjonar i 2016 og 2017 til etterretning og føreset at dei blir gjennomførde. Frå og med 2018 blir NRK pålagd å leggje ut minimum 40 pst. i gjennomsnitt i rullerande treårsperiodar til eksterne produsentar.

I kapittel 15 om NRKs beredskapsfunksjon blir det teke til orde for å tydeleggjere NRKs særskilte beredskapsansvar. Departementet meiner også at kringkastarars plikt til å sende meldingar i beredskapssituasjonar bør vidareførast, og går inn for å forskriftsfeste NRKs overordna plikt til å sikre at viktig informasjon frå regjeringa når heile folket, og at dei meir detaljerte forpliktingane blir avtalefesta.

I kapittel 16 understrekar departementet verdien av å halde oppe eit kommersielt allmennkringkastingstilbod. Departementet vil difor lyse ut ei ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar i god tid før TV 2s avtale går ut 31. desember 2016. Departementet varslar også ein revisjon av kringkastingslova, der det vil bli vurdert om regelverket bør forenklast og liberaliserast for å betre konkurranseevna og lønsemda for norske kommersielle kringkastarar. Departementet varslar vidare at det vil bli oppnemnt eit offentleg utval for bl.a. å vurdere korleis statens økonomiske verkemiddelapparat for mediesektoren best kan leggje til rette for ei open og opplyst offentleg samtale og stimulere til eit mangfaldig medietilbod.

I kapittel 17 presenterer departementet ein ny og meir overordna NRK-plakat.

Kapittel 18 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga.

I vurderinga av korleis NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør forankrast, vil særleg to omsyn gjere seg gjeldande. For det første må forankringa leggje til rette for at NRKs allmennkringkastingsoppdrag speglar fellesskapets forventningar til NRK. For det andre må forankringa vareta prinsippet om NRKs redaksjonelle sjølvstende. Departementet legg til grunn at den politiske styringa av NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør skje ut frå ei prinsipiell tilnærming. Ei slik tilnærming er avgjerande viktig for NRKs redaksjonelle sjølvstende og fridom. Departementet legg vidare til grunn at det framleis er behov for at Stortinget vedtek nokre overordna krav om NRKs allmennkringkastingsoppdrag, mellom anna for å sikre ein open debatt og demokratisk prosess rundt oppdraget.

Introduksjonen av NRK-plakaten i 2007 vart grunngjeven med mellom anna eit ønske om å samle Stortingets krav til NRKs allmennkringkastingstilbod i eitt dokument. Det vart vidare framheva at NRK-plakaten skulle fungere som eit politisk styringsinstrument og eit utgangspunkt for diskusjonar på politisk nivå. Intensjonen var at NRK-plakaten skulle innehalde overordna føringar for NRKs oppdrag. Samtidig vart det lagt til grunn at meir detaljerte føringar for oppdraget skulle fastsetjast av NRKs generalforsamling i vedtektene. Trass i dette inneheld NRK-plakaten både overordna og detaljerte føringar for NRKs allmennkringkastingsoppdrag.

Departementet konstaterer at fleire høyringsinstansar er positive til at NRKs allmennkringkastingsoppdrag blir forankra i ein NRK-plakat. Samtidig blir det gjeve uttrykk for behov for å innføre ei arbeidsdeling mellom NRK-plakaten og NRKs vedtekter. Det blir blant anna vist til at NRK-plakaten er for detaljert, og at den difor bør reindyrkast til å gje uttrykk for NRKs overordna oppdrag. Det blir vidare peikt på at meir detaljerte føringar for NRKs allmennkringkastingsoppdrag kan fastsetjast i vedtektene innanfor den ramma Stortinget vedtek.

Etter departementets vurdering er det fleire argument som talar for at NRK-plakaten bør vere mindre detaljert. Dette vil leggje til rette for at Stortinget drøftar og vedtek NRKs oppdrag på eit prinsipielt og overordna nivå, medan Kulturdepartementet som eigar av NRK kan stille meir detaljerte krav til NRKs oppdrag innanfor dei rammene Stortinget fastset. Dette vil opne for at detaljane i NRKs allmennkringkastingsoppdrag kan gjevast eit meir dynamisk preg, slik både Medietilsynet, NRK sjølv og fleire mediehus peikar på. Departementet viser elles til at fleire andre land har ei «arbeidsdeling» mellom eit overordna allmennkringkastingsoppdrag, som regel vedteke av parlamentet i kvart einskilt land, og meir detaljerte reglar i vedtekter og liknande styringsverkty. Slike arbeidsdelingar er gjennomførde i bl.a. Sverige, Danmark og Storbritannia. Departementet meiner på dette grunnlaget at NRK-plakaten bør opphevast og erstattast med ein ny og meir overordna NRK-plakat. Utkast til ein ny NRK-plakat følgjer av kapittel 17 i meldinga. Prinsippa som følgjer av denne plakaten vil bli tekne inn i NRKs vedtekter og liggje til grunn for meir detaljerte reglar fastsette av NRKs generalforsamling.

Somme høyringsinstansar tek til orde for at NRKs allmennkringkastingsoppdrag bør forankrast i lov og forskrift, blant anna for å sikre at NRKs allmennkringkastingsoppdrag følgjer allmenne prosedyrar for høyring og kontradiksjon. Etter departementets syn er det ikkje noko klårt behov for ei slik forankring av NRKs allmennkringkastingsoppdrag ettersom Stortinget fastset NRK-plakaten i samsvar med ein open og føreseieleg prosess. For det andre må nye NRK-tenester som utgjer ei vesentleg endring av NRKs allmennkringkastingstilbod, gå igjennom ein førehandsgodkjenningsprosedyre, jf. kringkastingslova § 6-3. Denne prosedyren føreset blant anna at Medietilsynet skal opne for kommentarar frå andre interessentar, og at desse skal gjevast ein frist på minimum tre veker til å uttale seg. Førehandsgodkjenningsprosedyren inneber difor at alle nye NRK-tenester som utgjer ei vesentleg endring av allmennkringkastingstilbodet vil bli sende på høyring. Departementet meiner difor at det ikkje er behov for å gjere endringar i allmennkringkastingsoppdragets formelle status på det noverande tidspunktet. Departementet meiner at NRK-plakaten bør bli verande eit politisk styringsinstrument på lik linje med noverande NRK-plakat. Den formelle styringa av NRK vil difor framleis skje via eigarstyring. Dette inneber blant anna at NRKs allmennkringkastingsoppdrag må gjerast formelt bindande for NRK i selskapets vedtekter. Departementet ser samstundes behovet for at demokratiske prinsipp om høyring og kontradiksjon blir varetekne både i Stortingets handsaming av det overordna allmennkringkastingsoppdraget og ved regjeringas behov for justering av meir detaljerte føresegner. Departementet er difor positiv til å vurdere ei lovfesting av NRKs overordna allmennkringkastingsoppdrag og vil kome tilbake til dette spørsmålet i ein komande revisjon av kringkastingslova.

Departementets konklusjonar om allmennkringkastingsoppdragets forankring og formelle status:

  • NRK-plakaten blir oppheva og erstatta av ein ny og meir overordna NRK-plakat som blir fastsett av Stortinget.

  • NRK-plakaten blir teken inn i NRKs vedtekter og lagd til grunn for meir detaljerte føresegner fastsette av NRKs generalforsamling.

  • Departementet vil i ein komande revisjon av kringkastingslova vurdere om NRKs overordna allmennkringkastingsoppdrag bør lovfestast.

Det er naudsynt at NRKs rapportering om effektivitet er dynamisk og stendig utvikla i takt med endringar både i medielandskapet og samfunnet elles. I dag inkluderer selskapet som tre dimensjonar i rapporten: sentrale parameter for kostnadar, utviklinga i produktivitet og oppslutnad. Samstundes rapporterer NRK i kva grad mandatet er nådd til Medietilsynet i samanheng med allmennkringkastingsrapporten, men denne rapporten har ingen direkte samanheng med effektivitetsrapporteringa. Ein viktig premiss for effektivitetsrapportering er at ein må vurdere eventuelle avvik (for eksempel i form av uventa utvikling i enkeltkostnader, eller i form av avvik frå liknande selskap gjennom referansemåling) opp mot mandatet til selskapet. Å tydeleggjere samanhengen mellom kostnadsbiletet til selskapet og samfunnsoppdraget kan etter departementets vurdering ha stor eigenverdi. Departementet legg difor opp til at NRK framover i større grad enn tilfellet er i dag òg skal rapportere om samanhengen mellom kostnadseffektivitet og mandatoppfyllinga til selskapet. Døme på slik rapportering kan vere rapportering av mengd sendetimar for gjevne mandatområde (distriktssendingar, Barne-TV m.m.), rapportering om folks vurdering av om NRK oppfyller mandatet eller andre parameter for mandatoppfylling. Dette kan gjere koplinga mellom ulike utgifter og samfunnsoppdraget meir tydeleg i rapporten.

Departementet meiner vidare at referansemåling – måling opp mot tilsvarande kostnadsparameter i samanliknbare selskap, eller kvantitative rapportar – meir detaljert rapportering om verknaden av gjennomførte effektiviseringstiltak, i nokre tilfelle kan vere gode metodar for å måle utviklinga i indikatorane over tid. Samstundes vil departementet understreke at gode referansemålingar krev stor innsats og føreset at dei aktørane det gjeld, inngår langsiktig samarbeid om kva data dei skal måle, korleis dei skal definere data m.m. Det er difor ikkje sikkert at det i alle omstende vil vere tenleg å innføre nye referansemålingar.

Avslutningsvis vil departementet peike på at det kan vere nyttig å auke detaljnivået i rapporteringa. Eit meir nyansert bilete av utviklinga i faktiske kostnader kan gje betre grunnlag for å vurdere om kostnadene er relaterte til samfunnsoppdraget til NRK.

Departementet har lagt opp til at ein med jamne mellomrom går djupare ned i materien. Dette vil skje i dialog med NRK for å sikre så relevant og føremålstenleg rapportering som råd. For departementet er det eit sentralt mål at NRK er mest mogleg open om bruken av inntektene. Den årlege rapporten om kostnadseffektivitet er eit viktig verkty for at både styremaktene og allmenta skal ha størst mogleg kjennskap til denne bruken.

Departementets konklusjon om NRKs rapportering om effektiv drift:

  • Departementet vil følgje opp ordninga med at NRK utarbeider årlege offentlege rapportar om kostnadseffektivitet.

Medietilsynet fører tilsyn med allmennkringkastingsoppdraget til NRK. Generalforsamlinga handsamar kvart år Medietilsynets vurderingar som eiga sak. Føremålet med handsaminga av rapporten i generalforsamlinga er å sikre at eventuelle brot på pliktene blir retta opp.

Departementet kan ikkje sjå at det er aktuelt å gjere endringar av tilsynet med NRKs oppfølging av allmennkringkastingsoppdraget.

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for NRK, og det einaste organet som utanom kringkastingssjefen har formelt lovheimla mandat til å uttale seg om programverksemda og etiske standardar i NRK.

Etter kringkastingslova § 7-2 har Kringkastingsrådet 14 medlemer med personlege varamedlemer. Stortinget nemner opp åtte medlemer.

Nokre av sakene Kringkastingsrådet handsamar, blir også klaga inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU). PFU er eit klageorgan som handsamar klager over brot på det etiske regelverket til pressa (Vær Varsom-Plakaten, Redaktørplakaten og Tekstreklameplakaten).

Departementet kan ikkje sjå at det svekkjer debatten om samfunnsoppdraget eller NRKs arbeid med presseetiske problemstillingar at ei sak eventuelt blir handsama i to organ og dermed belyst frå ulike perspektiv. Departementet vurderer det slik at Kringkastingsrådet fungerer som ein ubyråkratisk kanal for klagarar der terskelen for å klage er langt lågare enn til dømes å klage ei sak inn for PFU. Dersom Kringkastingsrådet ikkje eksisterte, ville ein ikkje lenger ha ein kanal der kvar einskild borgar kan gje tilbakemeldingar eller lufte engasjement og misnøye om programverksemda i NRK.

Departementets vurdering av Kringkastingsrådet er at det fyller ein viktig funksjon. Departementet legg difor til grunn at rådet bør førast vidare. Departementet ser det ikkje naudsynt med endringar i det formelle mandatet, men viser til at reglane i dag ikkje seier noko om kva kvalifikasjonar, røynsle eller breidde blant medlemene som vil tene føremålet til rådet. Departementet viser til at erfaringane med oppnemning av medlemer med bakgrunn frå media, medievitskap og samfunnsliv elles er positive, og vil leggje vekt på slike kvalifikasjonar ved oppnemning til rådet framover. Departementet ser det som ein utfordring å gjere Kringkastingsrådet meir representativt og relevant for alle brukarar av NRK, og vil leggje vekt på å nemne opp fleire yngre rådsmedlemmer. Departementet vil i samband med den kommande revideringa av kringkastingslova vurdere å leggje fram forslag om å endre lova, slik at dette går fram av reglane om oppnemning av medlemer til Kringkastingsrådet.

Departementets konklusjon om Kringkastingsrådet:

  • Kringkastingsrådet blir ført vidare i si noverande form.

  • Departementet vil i samanheng med revisjonen av kringkastingslova vurdere om reglane for oppnemning av Kringkastingsrådet bør justerast, slik at kvalifikasjonar, røynsle og breidde, mellom anna mediefagleg bakgrunn og alder, blir tekne inn i reglane for oppnemning av nye medlemer.

I dag blir det stilt krav om at NRKs tre hovudkanalar for høvesvis radio og TV skal vere tilgjengelege for heile befolkninga. NRK skal dessutan søkje breiast mogleg distribusjon av det andre programtilbodet sitt. Når det gjeld NRKs lineære kringkastingstilbod for radio og TV, har heile befolkninga tilgang til NRKs tre TV-kanalar via det digitale bakkenettet eller satellitt. Når det gjeld NRKs radiotilbod, sikrar DAB-nettet at alle NRKs radiokanalar når ut til heile befolkninga. At NRK no når ut til heile befolkninga med radio- og TV-kanalane tilseier etter departementets syn at NRKs dekningsplikter ikkje lenger bør vere avgrensa til NRKs tre hovudkanalar for radio og TV. Departementet føreslår difor at NRK formelt blir pålagt å gjere alle radio- og TV-kanalar tilgjengelege for heile befolkninga. Ei slik endring av ordlyden i vedtektene vil ikkje innebere ei realitetsendring for NRK, ettersom desse kanalane alt er tilgjengelege i dei landsdekkjande bakkenetta for radio og TV. Departementet presiserer at endringa ikkje er meint å hindre at NRK kan tilby mellombelse eller internettbaserte radio- eller fjernsynskanalar som ikkje dekkjer heile befolkninga.

Departementets konklusjon om dekning av NRKs radio- og TV-kanalar er at NRKs faste radio- og TV-kanalar skal vere tilgjengelege for heile befolkninga.

NRK er finansiert av kringkastingsavgifta. I samsvar med NRK-plakaten pkt. 2 b skal det «som utgangspunkt ikke kreves betaling for NRKs allmennkringkastingstilbud. NRKs tre hovedkanaler for hhv. radio og fjernsyn skal være gratis tilgjengelig for alle lisensbetalerne på minst én distribusjonsplattform.» NRKs fjernsynstilbod er tilgjengeleg ukryptert i det digitale bakkenettet. NRK har vidare gjort avtaler om at kanalane skal vere gratis tilgjengelege via satellitt for alle i område som ikkje er dekte av bakkenettet.

Når det gjeld NRK-plakatens føring om at tilbodet i hovudsak skal vere gratis, la departementet i St. meld. nr. 6 (2006–2007) til grunn at dette gjeld «individualiserte streaming- og nedlastningstjenester på Internett», og viste til at det i einskilde tilfelle vil vere bruksavhengige kostnader med slike tenester, for eksempel knytte til klarering av bruksrettar. NRK har så langt ikkje teke i bruk høvet til å ta betalt for strøymetenester. Det vil ikkje harmonere med prinsippet om at NRK skal vere allment tilgjengeleg dersom NRK skal kunne ta betalt for strøymetenester som ligg innanfor allmennkringkastingsoppdraget på Internett. Departementet meiner difor at NRK ikkje skal ta betalt for allmennkringkastingstilbodet utover kringkastingsavgifta. Sidan NRK hittil ikkje har nytta seg av høvet til å ta betalt for strøymetenester, vil dette einast vere ei kodifisering av gjeldande praksis.

Mange TV-sjåarar ser NRKs TV-kanalar via Kabel-TV, satellitt eller andre distribusjonsnett der NRK ikkje er formidla ukryptert. Dei fleste dette gjeld har i praksis høve til å velje å sjå NRK ukryptert via det digitale bakkenettet. For folk i busamanslutningar vil likevel situasjonen kunne vere ein annan. I busamanslutningar vil kvar einskild ofte vere forplikta til å betale for grunnpakka til den TV-distributøren burettslaget har valt. Denne utgifta kjem i tillegg til kringkastingsavgifta. I slike situasjonar er forbrukaren i praksis tvinga til å betale to gonger for å sjå NRKs TV-tilbod. Departementet ser at dette kan opplevast som urimeleg. Mange busamanslutningar eig likevel eigne nett og vel sjølve kva TV-leverandørar dei vil ha gjennom demokratiske prosessar. Vidare er NRK fritt tilgjengeleg over Internett. Departementet legg til grunn at nettdekninga etter kvart er såpass god at dei fleste som bur i busamanslutningar kan dra nytte av NRKs nett-tilbod på ein tilfredsstillande måte. Departementet meiner likevel at det er eit viktig prinsipp at tilgang til NRKs TV-tilbod ikkje skal koste noko ekstra ut over kringkastingsavgifta, same kva slags teknisk plattform dei nyttar. Departementet vil difor vurdere om det bør setjast i verk tiltak som sikrar at NRK ikkje kostar noko ekstra ut over kringkastingsavgifta på alle TV-distribusjonsplattformer.

Bakkenettet er den einaste TV-distribusjonsplattforma som i dag oppfyller kravet om at NRK skal vere tilgjengeleg vederlagsfritt til alle husstandar, og blir dermed rekna som NRKs primære distribusjonsplattform for fjernsyn. Det går for tida ein internasjonal debatt om korleis delar av frekvensressursane som i dag blir nytta til Digital-TV i bakkenettet, kan omdisponerast til mobil telekom.

Departementets konklusjon om frekvenssituasjonen i det digitale bakkenettet for fjernsyn er at departementet vil samarbeide med frekvensstyremaktene med sikte på å finne løysingar som kan sikre at bakkenettet for fjernsyn også etter utgangen av noverande konsesjonsperiode i 2021 kan tilby eit breitt og attraktivt TV-tilbod, sjølv for det tilfelle at heile eller delar av 700 MHz-bandet skulle bli avsett til andre formål enn kringkasting.

Ein sentral del av NRKs samfunnsoppdrag er å vere allment tilgjengeleg. I dette ligg bl.a. at NRK skal nå breiast mogleg ut med sitt samla programtilbod for radio og TV. Etter departementets syn bør denne delen av oppdraget vere teknologinøytralt. For ei moderne mediebedrift som NRK er det naudsynt å kunne tilpasse tilgjengeleggjeringa av innhaldet til teknologien og distribusjonsmetodane folk til kvar tid brukar eller har tilgang til.

Internettdistribusjon av NRKs radio- og TV-innhald skjer hovudsakleg på NRKs nettspelarar. Fleire TV-distributørar meiner at NRK er for restriktiv når det gjeld tilgjengeleggjering av NRKs nettspelar og NRKs program på TV-distributøranes eigne (proprietære) plattformer. Viasat meiner bl.a. det er uheldig at NRK føreset samarbeid om den opne standarden HBB-TV for at distributørane skal kunne ta i bruk NRKs nettspelar på sine plattformer (mottakarar).

NRK skal nå breiast mogleg ut med sitt tilbod. Dette inneber at NRK må være til stades på dei plattformene publikum nyttar. Departementet legg derfor til grunn at NRK både tar omsyn til publikums etterspørsel, tilgang til og bruk av ulike distribusjonsplattformar, og publikums tilgang til relevant utstyr i sine vurderingar av korleis og kvar innhaldet skal distribuerast. Ut over dette meiner departementet at det ikkje er grunnlag for å leggje konkrete føringar for korleis NRKs nettspelarar og anna innhald skal distribuerast og gjerast tilgjengeleg på tredjeparts plattformer.

Det bør vere opp til NRK sjølv å avtale dette med TV-distributørar og andre aktørar i marknaden. Det same gjeld bruk av tekniske standardar som for eksempel HBB-TV. Departementet viser elles til at NRK i vedtektene sine er forplikta til å ta i bruk opne standardar så langt som råd, så sant ikkje økonomiske eller kvalitative omsyn talar imot det.

NRK-arkivet er finansiert med offentlege midlar. Departementet meiner difor det skal vere høve til vidarebruk av klipp frå NRK-arkiv så langt dette er praktisk, juridisk og presseetisk mogleg. Vidarebruk av NRKs rikhaldige arkiv kan bidra til verdiskaping på fleire plan, for eksempel gjennom bruk i dokumentarfilm, nyheits- og aktualitetsmedia og TV-seriar. Sidan NRK-arkiva er finansierte med offentlege midlar, meiner departementet at NRK berre skal kunne ta betalt for dei kostnadene selskapet har med å hente ut og klargjere klipp for vidarebruk etter eit sjølvkostprinsipp. Den praktiske konsekvensen av dette for NRK vil vere avgrensa. Departementet legg til grunn at NRK bør gjere mest mogleg av arkivet tilgjengeleg for sjølvbetening.

Departementet understrekar at vidarebruk av klipp frå NRK skal skje i samsvar med opphavsrettar og presseetiske omsyn.

Når det gjeld presseetiske omsyn, har NRK bl.a. gjeve uttrykk for at det er medias eiga presseetiske plikt å gjere greie for premissane for intervjuet eller deltakinga overfor alle medverkande. Når einkvan er med i NRK-program, er det ein føresetnad – anten den er eksplisitt uttrykt eller ikkje – at produksjonen skal publiserast av NRK. Presseetikken inneheld også eit prinsipp om at media skal vere varsame med å publisere opptak i annan samanheng enn den opphavlege. Dersom NRK skulle misse høvet til å kontrollere korleis opptaka blir utnytta vidare, vil det vere risiko for auka skepsis til deltaking blant intervjuobjekt og andre medverkande, og for svekt tillit til NRK. Selskapet må difor kunne krevje opplyst og stille vilkår om i kva samanheng eit klipp eller eit utdrag skal brukast av andre aktørar, og følgje opp eventuell misbruk, slik at presseetiske omsyn blir varetekne.

Departementet vil vurdere om det skal fastsetjast meir konkrete føringar i NRK-vedtektene for vidarebruk av klipp og utdrag frå NRKs arkivmateriale.

Departementet vil leggje større vekt på omsynet til funksjonshemma og tydeleggjere NRKs ansvar for å syte for at innhaldet er tilgjengeleg for funksjonshemma. Etter gjeldande NRK-plakat gjeld prinsippet om allmenn tilgjengelegheit dei tre hovudkanalane på radio og TV. Når det gjeld funksjonshemma, pålegg dagens plakat NRK å ta omsyn til funksjonshemma ved utforminga av tilbodet.

Departementet meiner at tilbodet til funksjonshemma bør reflektere medieutviklinga, og at NRKs ansvar bør tydeleggjerast ved at det i NRK-plakaten blir fastsett eit prinsipp om universell utforming som omfattar NRKs samla tilbod. Dette inneber blant anna at målet om universell tilgjengelegheit også vil omfatte NRKs distriktstilbod, NRKs tilbod på nett og nisjekanalane på radio.

Dei konkrete krava til universell utforming av NRKs tilbod går fram av kringkastingslova § 2-19. I dag inneheld fråsegna konkrete krav til teksting av NRKs riksdekkjande TV-kanalar for å leggje til rette for høyrslehemma. I tillegg til å innføre meir ambisiøse krav til teksting av TV-program, meiner departementet at fråsegna bør utvidast med konkrete krav som omfattar fleire grupper enn høyrslehemma. Vidare tilseier framveksten av ikkje-lineære tenester at verkeområdet til fråsegna ikkje bør avgrensast til TV, men også omfatte audiovisuelle bestillingstenester. Departementet vil vidare foreslå å utvide fråsegna slik at den ikkje er avgrensa til NRKs riksdekkjande TV-kanalar, men også omfattar NRKs distriktstilbod.

Departementet viser til at fleire andre land har fastsett konkrete kvantitative krav til allmennkringkastarens tilbod med omsyn til teiknspråk, lydtekst og synstolking. Slike krav kan bidra til å styrkje tilgjengeleggjeringa blant funksjonshemma og til at NRKs innhald i større grad blir tilgjengeleg for blinde og svaksynte. Departementet meiner difor at det bør vurderast å fastsetje konkrete kvantitative krav til NRKs tilbod med omsyn til teiknspråk, lydtekst og synstolking for å bidra til å nå det overordna målet om universell utforming. Departementet vil difor sende eit forslag til slike krav på allmenn høyring i samband med revisjonen av kringkastingslova.

Når det gjeld krava til teksting, stiller kringkastingslova § 2-19 i dag krav om at alle ferdigproduserte riksdekkjande program skal tekstast, og at alle direktesende program mellom klokka 18:00 og klokka 23:00 skal tekstast dersom det er teknisk og praktisk mogleg. Departementet ønskjer å skjerpe kravet om teksting av direktesende program slik at det gjeld heile døgnet med atterhald om at det er teknisk og praktisk mogleg.

Etter departementets syn bør framveksten av nye medietenester reflekterast i dei konkrete tekstekrava i kringkastingslova § 2-19. Departementet meiner difor at det bør vurderast krav om at program som har vore teksta på TV, skal vere tilgjengeleg med teksting når programmet blir lagt ut som audiovisuell bestillingsteneste. Departementet vil sende eit forslag om dette på allmenn høyring i samband med revisjonen av kringkastingslova.

Lovbestemminga omfattar ikkje NRKs distriktssendingar i dag. Bakgrunnen for dette er at det ville krevje urimeleg store ressursar av NRK, både økonomisk og praktisk, med å skaffe nok kompetente tekstarar. Ifølgje NRK er det ikkje kapasitet i det digitale bakkenettet for TV til å leggje inn skjult tekst utan å redusere biletkvaliteten i stor grad. For å kunne tilby teksting må teksta difor brennast inn i biletet. Slik tekst må i så fall gjerast tilgjengeleg for alle sjåarar utan at det er mogleg å velje den bort. Departementet viser til at direkteteksting av 11 parallelle direktesende distriktssendingar stiller omfattande krav både til NRKs ressursar, tilgang til tekstarar og tekstaranes kompetanse til å kunne tekste på direkten. Dersom tekstekrava skal utvidast slik at dei også omfattar NRKs direktesende distriktssendingar, vil det kunne påverke kvaliteten på tekstinga. Departementet meiner difor at dei funksjonhemmas behov for å tileigne seg NRKs distriktssendingar kan varetakast på ein betre måte ved at det blir stilt krav om at teksting skal vere tilgjengeleg når distriktssendingane blir lagde ut som audiovisuell bestillingsteneste. Det bør samstundes stillast krav om at desse programma blir gjorde tilgjengelege snarast mogleg etter at direktesendinga er avvikla. Departementet vil sende eit forslag om dette på allmenn høyring i samband med revisjonen av kringkastingslova.

I den allmenne høyringa vil departementet vurdera tekstekrav for NRKs program på samiske språk for å betre tilgangen til slike program blant hørselshemma samar.

Departementets konklusjon om universell utforming av NRKs allmennkringkastingsinnhald er følgjande:

  • Det bør fastsetjast eit generelt prinsipp og målsetjing i NRK-plakaten om at NRKs samla allmennkringkastingstilbod skal vere universelt utforma.

  • Departementet vil i samband med revisjonen av kringkastingslova sende eit forslag på allmenn høyring med følgjande innhald:

    • Konkrete kvantitative krav til NRKs tilbod med omsyn til teiknspråk, lydtekst og synstolking.

    • Krava til teksting av direktesendte riksdekkjande TV-program utvidast slik at kravet gjeld heile døgnet med atterhald om at det er teknisk og praktisk mogleg.

    • Program som har vore teksta på TV, skal også vere tilgjengelege med teksting når programmet blir lagt ut som audiovisuell bestillingsteneste.

    • NRKs distriktssendingar skal snarast mogleg gjerast tilgjengelege med teksting når slike program blir lagde ut som audiovisuell bestillingsteneste.

Fleire omsyn innverkar på kor detaljert NRKs innhaldsforpliktingar bør vere utforma. Det er viktig at NRK har tilstrekkeleg fleksibilitet og redaksjonell fridom, samtidig som det er legitimt at styremaktene, i kraft av den offentlege eigarskapen og på vegne av lisensbetalarane, fastset overordna krav til NRKs redaksjonelle tilbod. Uavhengig av detaljeringsnivå i NRKs mandat er det kringkastingssjefen som har ansvaret for NRKs redaksjonelle verksemd og tek avgjerder i redaksjonelle spørsmål, jf. kringkastingslova § 6-3. Det tyder at kringkastingssjefen innanfor rammene av samfunnsoppdraget har full fridom med omsyn til innhaldet i NRKs tilbod, inkludert utveljing av materiale, vinkling, prioritering av stoff, presentasjon av haldningar, osv. Prinsippet om at det er opp til eigaren å definere formål og overordna oppdrag er også nedfelt i Redaktørplakaten, så vel som i lov om redaksjonell fridom.

Dagens NRK-plakat vart fastsett i 2008. Før plakaten vart fastsett, fanst det ikkje eitt enkelt dokument som på uttømande måte atterspegla NRKs samfunnsoppdrag. NRK-plakaten representerte i så måte noko nytt. Departementet kan ikkje sjå at høyringsrunda har avdekt behov for at det bør gjerast store endringar i detaljeringsgraden i innhaldsforpliktingane. Einskilde etterlyser instansar ei forenkling av forpliktingane, medan andre ber om presiseringar og utvidingar. Røynslene frå då NRK-plakaten vart vedteken i 2008 og fram til i dag er etter departementets oppfatning positive. Innhaldsforpliktingane er utforma på ein måte som har sikra at samfunnsforventningane til NRK er komne tydeleg fram, samstundes som NRKs redaksjonelle sjølvstende er vareteke fullt ut. Departementet vil elles vise til at fleire samanliknbare land regulerer offentlege kringkastarar på ein tilsvarande eller meir detaljert måte enn tilfellet er i Noreg. Vidare er Noreg etter EØS-avtalas reglar om offentleg støtte forplikta til å ha eit ganske presist definert allmennkringkastingsoppdrag for NRK.

Departementet viser også til at NRK sjølv gjev uttrykk for at detaljeringsnivået i dagens allmennkringkastingsoppdrag balanserer desse omsyna på ein akseptabel måte. Departementet legg såleis opp til at NRKs innhaldsforpliktingar i hovudsak blir førte vidare. Sidan det i kapittel 5 i meldinga vart tilrådd at NRK-plakaten blir gjord meir overordna og prinsipiell, vil dei detaljerte innhaldsforpliktingane i hovudsak bli førte vidare i NRK-vedtektene.

I høyringa av NRK-plakaten kom det mange innspel om NRKs innhaldsforpliktingar. Høyringsrunda viser at mange interesseorganisasjonar og grupper med særinteresser ønskjer å føre vidare, endre eller presisere innhaldskrava som blir stilte til NRK.

NRK er ein viktig kulturinstitusjon og eitt av statens viktigaste verkemiddel for å nå språk- og kulturpolitiske mål. Departementet meiner at innhaldsforpliktingane, slik dei er utforma i dag, i stor grad fungerer som ein garanti for at viktige demokratiske og kulturpolitiske mål blir varetekne. Høyringa av NRK-plakaten viser at mange instansar er opptekne av at NRKs allmennkringkastingsoppdrag på ein klar og transparent måte reflekterer institusjonens samfunnsmessige rolle og tyding. Etter departementets vurdering bør NRKs innhaldsforpliktingar i hovudsak vidareførast. I det følgjande vil departementet drøfte nærare nokre tema knytte til NRKs innhaldsforpliktingar som vart særleg framheva i høyringa.

NRKs nynorskkrav ligg i dag på 25 pst. Samla sett når ikkje NRK nynorskkravet på 25 pst. Særleg låg var nynorskdelen på nrk.no (16 pst.).

Departementet vil understreke at NRK har eit viktig ansvar for å formidle nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 pst. bør førast vidare. Departementet føreset at NRK arbeider med å styrkje nynorskdelen på radio, TV og Internett. NRKs språkpolitiske rolle og tyding tilseier også at dette kravet blir gjort synleg som eitt av elementa i den nye overordna NRK-plakaten som departementet føreslår.

Samane har status som urfolk og er verna gjennom nasjonale lover og internasjonale konvensjonar. Som urfolk har samane rett til å bli konsultert i saker som kan få direkte betyding for dei, jf. Prosedyrar for konsultasjonar mellom statlege myndigheiter og Sametinget.

Departementet deler Sametingets syn på at NRK som allmennkringkastar har eit viktig ansvar for å tilby samisk innhald. Det er departementet si vurdering at dagens NRK-tilbod på samisk er prega av at selskapet stadig utviklar sitt tilbod for heile den samiske befolkninga. Departementet forventar at NRK vil fortsette denne utviklinga, men av omsyn til selskapets redaksjonelle fridom legg departementet ikkje opp til å uttrykke ei konkret forventning om å styrkje det samiske innhaldet. Departementet understrekar vidare at krava i dagens forpliktingar inneber at NRK skal tilby innhald på alle dei tre samiske språka. NRK må på grunnlag av redaksjonelle vurderingar ta stilling til kva av dei samiske språka som bør nyttast i eit konkret program eller innhaldstilbod.

Departementet viser elles til at NRKs forpliktingar for samisk språk, identitet og kultur er nedfelte i den nye NRK-plakaten, og at vedtektene vil bli gjennomgått i lys av desse formuleringane.

Nasjonale minoritetar omfattar grupper som «har langvarig tilknytning til landet». I dag er kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolk/taterar definerte som nasjonale minoritetar i Noreg.

Departementet ventar at NRK følgjer opp kravet om å styrkje tilbodet til språklege og nasjonale minoritetar, men finn det elles ikkje naudsynt å spesifisere innhaldskrava til NRK ytterlegare. Departementet viser elles til at forpliktingane overfor dei nasjonale minoritetane også er nedfelte i den nye NRK-plakaten.

Departementet understrekar at NRK har ei viktig rolle som ein felles offentleg arena for heile befolkninga i Noreg. Det inneber at NRK kontinuerleg må vurdere korleis ein best formidlar kunnskap om det fleirkulturelle Noreg og avspeglar mangfaldet i befolkninga. Tala for oppslutnad om NRKs tilbod i innvandrarbefolkninga illustrerer kor viktig det er at NRK har fokus på å nå ut til heile befolkninga.

NRKs tilbod skal avspegle mangfaldet i befolkninga og appellere til alle aldersgrupper. NRK har eit særleg ansvar for å fremje borns rett til informasjon og ytringsfridom.

Departementet meiner det er viktig at NRK har eit godt tilbod til heile befolkninga. NRKs forpliktingar om å tilby innhald til born og unge på norsk og dei samiske språka er framheva som eitt av elementa i den nye, overordna NRK-plakaten.

Mange høyringsinstansar var opptekne av NRKs ansvar for norsk musikkliv. Departementet ser at den norske musikkbransjen står andsynes fleire utfordringar som potensielt kan påverke eksponeringa og lyttinga til norsk musikk. Departementet vil særleg vise til at når FM-nettet blir slokka i 2017, vil NRK vere den einaste radioaktøren med allmennkringkastingsforpliktingar. Radio Norge og P4 vil framleis etter alt å dømme halde fram med å spele norsk musikk når allmennkringkastingsforpliktingane deira tek slutt. Det er likevel ikkje sikkert at Radio Norge og P4 vil halde fram medå spele minst 35 prosent norsk musikk, slik dei er forplikta til i nogjeldande konsesjonskrav.

NRK er ein dominerande aktør i radio, og NRKs radiokanalar har stor oppslutnad blant lydarane. Det er difor viktig at NRK tek ansvar for å fremje norsk musikk. NRK har også teke eit slikt ansvar. I 2014 låg totalmengda av norsk musikk på NRKs hovudkanalar P1, P2 og P3 på 38 pst., altså meir enn dagens krav på 35 pst.

For å sikre eksponering av norsk og norskspråkleg musikk i framtida, vil departementet heve minimumskravet i vedtektene for speling av norsk musikk frå 35 til 40 pst. Departementet legg til grunn at dette kravet gjeld for hovudkanalane NRK P1, P2 og P3. Departementet understrekar at NRK også bør sende mykje norsk musikk på alle kanalar der musikk utgjer ein vesentleg del av innhaldet. Når radiomediet blir digitalisert i 2017, vil alle NRK-kanalane kunne nå same potensielle lydarmasse. Det vil då i praksis ikkje vere skilnader i dekning mellom hovudkanalane og nisjekanalane. Departementet vil difor sjå an utviklinga og vurdere om det er behov for å utvide krinsen av kanalar som er omfatta av musikkravet i vedtektene.

Når det gjeld kva som blir rekna for «norsk musikk», vil departementet presisere at det er nok at anten utøvar, språk og/eller opphavsperson (komponist, tekstforfattar og liknande) er norsk. Norsk musikk inkluderer også norsk samisk musikk og joik.

Basert på høyringa av NRK-plakaten og andre innspel til stortingsmeldinga om allmennkringkasting vurderer departementet følgjande problemstillingar:

  • I kva grad skal NRK kunne tilby tenester på nett som ikkje har direkte samanheng med NRKs radio- og TV-verksemd, m.a.:

    • Bør NRK kunne tilby ei nasjonal nyheits- og aktualitetsteneste på nett?

    • Bør NRK kunne tilby regionale nyheits- og aktualitetstenester på nett?

    • Bør NRK tilby tenester som yr.no og ut.no?

  • Er det konkurransemessige utfordringar knytte til NRKs tilbod av radio- og TV-kanalar?

  • Er det behov for å avgrense NRKs tilbod av breie (populære) programformat?

  • Vurdering av ulike tiltak som kan bidra til at NRKs aktivitetar ikkje svekkjer mangfaldet i mediemarknaden.

For at NRK skal kunne nå breiast mogleg ut med innhaldet sitt, må NRK vere der publikum til ei kvar tid oppheld seg. Dette heng saman med at publikum har stadig meir fragmentert mediebruk. Som følgje av dette må media drive kontinuerleg innovasjon og tilpassing av innhaldet sitt til ulike plattformer og ulik teknologi. Sett i lys av at Internett i dag er den mest brukte medieplattforma, vil ei avgrensing i NRKs nærvær på nettet såleis svekke NRKs evne til å nå folk der dei er. Særleg vil det redusere NRKs evne til å nå den yngre delen av befolkninga, som har eit høgt mediekonsum på Internett, medrekna mobile plattformer og sosiale media. Departementet legg difor til grunn at svekking av NRKs nett-tilbod på sikt vil kunne gå ut over NRKs oppslutnad og legitimitet som allmennkringkastar. Det er difor departementets konklusjon at NRKs nasjonale nyheitsteneste på nett, nrk.no, ikkje bør avgrensast.

Departementet legg til grunn at ei negativ avgrensing av NRKs regionale nyheitstilbod vil kunne svekkje det samla tilbodet og NRKs innovasjonsevne og høve til nå folk der dei er.

Departementets konklusjon om NRKs regionale nyheits- og aktualitetstenester er at NRK kan halde oppe dei regionale nyheits- og aktualitetstenestene sine på Internett.

Departementet meiner at NRK bør avgrense utviklinga av framtidige tilbod på Internett til tenester som i hovudsak er av redaksjonell karakter. NRKs tenester som yr.no, ut.no (som NRK i mai 2015 vedtok å gå ut av) og trafikkportalen (som vart førehandsgodkjend av Kongen i statsråd, men seinare lagd bort av NRK) er tenester som primært har ein nyttefunksjon. Sjølv om desse tenestene kan ha redaksjonelt innhald, ligg desse tenestenes primære funksjon og verdi for brukarane i nytteverdien, anten dette er vêrvarsling eller turforslag. Det mest grunnleggjande for ein allmennkringkastar er å vareta sosiale, kulturelle eller demokratiske behov i samfunnet. Etter departementets syn blir desse behova primært oppfylte gjennom redaksjonelle tenester. Departementet meiner på bakgrunn av dette at NRKs allmennkringkastingsoppdrag framover skal oppfyllast gjennom å tilby tenester som primært er redaksjonelt funderte. Det vil for eksempel seie at NRK ikkje skal opprette nye nyttetenester. Dette gjeld ubunde av om tenesta blir utvikla og tilboden av NRK åleine eller i samarbeid med eksterne aktørar. At NRKs allmennkringkastingsoppdrag skal oppfyllast ved å tilby tenester som i hovudsak er av redaksjonell karakter, er tatt inn i den nye NRK-plakaten § 10.

Departementet understrekar at NRKs eventuelle nye radio- og TV-kanalar må førehandsgodkjennast. I samsvar med førehandsgodkjenningsordninga vil bl.a. dei konkurransemessige verknadene av at NRK tilbyr ei ny teneste bli vurderte av Konkurransetilsynet. NRKs radio- og TV-kanalar har elles ulike programprofilar i samsvar med NRKs redaksjonelle prioriteringar. Eit konkret pålegg frå eigar om at NRK skal leggje ned eller avgrense den eksisterande radio- og TV-verksemda si vil difor kunne svekkje NRKs redaksjonelle sjølvstende. På dette grunnlaget meiner departementet at det ikkje er aktuelt å innskrenke NRKs eksisterande TV- og radiotilbod.

Departementet viser vidare til at regjeringa vil oppretta eit utval som skal vurdere mediemangfaldet. Utvalet skal vurdere det samla medietilbodet i Noreg, medrekna kringkasting, bl.a. med særleg fokus på medias funksjon i nyheits- og debattformidlinga.

Departementets konklusjon om radio- og TV-kanalar er at NRK kan halde oppe sitt eksisterande tilbod av radio- og TV-kanalar. Nye radio- og TV-kanalar som skil seg vesentleg frå NRKs eksisterande allmennkringkastingstilbod, må førehandsgodkjennast i samsvar med ordninga for førehandsgodkjenning av nye NRK-tenester, jf. kringkastingslova § 6-1-a.

Departementet konkluderer med at breitt innhald er viktig for at NRK skal oppfylle mandatet sitt. Utan eit breitt oppdrag vil NRK truleg misse oppslutnad blant folk, noko som på sikt kan undergrave NRKs funksjon som allmennkringkastar. Konkrete avgrensingar i NRKs høve til å ha breitt innhald vil også påverke NRKs redaksjonelle fridom. Departementet vil likevel understreke at NRK som allmennkringkastar har eit særleg ansvar for å prioritere det såkalla smale programtilbodet. Det følgjer av gjeldande NRK-plakat at NRK kan formidle same type tilbod som også blir tilbode av kommersielle aktørar, men bør streve etter å tilføre tilbodet eit element av auka samfunnsverdi i høve til det kommersielle tilbodet. Departementet meiner at denne føringa bør vidareførast.

Departementet meiner at det er behov for å gjennomføre nokre tiltak som kan klårgjere at NRK – som offentleg finansiert allmennkringkastar – har eit særskilt ansvar for å bidra til mediemangfaldet. For det første meiner departementet at det i utkastet til ny NRK-plakat blir teke inn at NRK skal ha sjølvstendig ansvar for å bidra til mediemangfaldet. For det andre meiner departementet at det bør gjerast visse justeringar av ordninga for førehandsgodkjenning av NRKs nye medietenester, bl.a. for å klårgjere at også vesentlege endringar av eksisterande NRK-tenester må førehandsgodkjennast.

Som ein medieaktør nær fullfinansiert av offentleg støtte står NRK i ei særstilling i det norske medielandskapet. Den offentlege finansieringa gjer at selskapet, i motsetnad til kommersielle medieaktørar, ikkje treng å ta omsyn til omsetning og profitt. Den offentlege finansieringa er naudsynt for at NRK skal kunne fungere som korrektiv til marknaden ved å tilby innhald og program som kommersielle aktørar ikkje tilbyr. Samtidig kan NRKs nærvær i mediemarknaden også trekkje folk frå kommersielle tenester, og dermed svekkje inntektsgrunnlaget til kommersielle aktørar. NRKs funksjon som korrektiv og supplement til den kommersielle delen av marknaden bør ideelt sett bidra til å halde ved lag eller auke mediemangfaldet.

Dersom NRK svekkjer mediemangfaldet, kan NRKs rolle og funksjon som allmennkringkastar seiast å ha svikta. Departementet føreset at NRK er medviten om rolla si som bidragsytar til det norske mediemangfaldet. På grunn av utfordringane den kommersielle mediebransjen står overfor, er det likevel viktigare no enn nokon gong før at dette blir understreka. Departementet meiner på dette grunnlaget at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.

Ifølgje kringkastingslova § 6-1a avgjer Kongen i statsråd om det skal gjevast løyve til å innlemme nye tenester i allmennkringkastingsoppdraget til NRK.

Etter departementets syn bør det vurderast å flytte kompetansen til å førehandsgodkjenne nye NRK-tenester frå Kongen i statsråd til Medietilsynet. Dette kan bidra til å gjere vurderingane av nye NRK-tenester meir fagleg funderte og mindre politiserte. I tillegg kan det bidra til å minske faren for rollekonfliktar på mediefeltet. Ei endring i kompetansen til å førehandsgodkjenne nye NRK-tenester føreset at Medietilsynet einast kan godkjenne tenester som ligg innanfor NRKs oppdrag slik dette er nedfelt av Stortinget og departementet gjennom si eigarstyring. Dette inneber at rammene for NRKs verksemd må vere tilstrekkeleg klårt angitt i vedtektene. Det er ein føresetnad for at førehandsgodkjenningsordninga skal fungere som eit verkty for å trekkje grensene for NRKs verksemd. Ei flytting av kompetansen frå Kongen i statsråd til Medietilsynet krev lovendring. Departementet vil difor kome tilbake til dette spørsmålet i samband med den varsla revisjonen av kringkastingslova.

Dersom førehandsgodkjenningsordninga skal fungere etter formålet, er det avgjerande at den fangar opp alle relevante nye NRK-tenester. Departementet meiner at det med fordel kan klårgjerast at ikkje berre nye NRK-tenester, men også vesentlege endringar i eksisterande tenester må førehandsgodkjennast. Departementet meiner også at det bør presiserast i kringkastingsforskrifta § 6-1 fjerde ledd at Medietilsynet i tvilstilfelle kan avgjere om NRK må søkje om førehandsgodkjenning av ei bestemt teneste. Dei nemnde endringane krev endring av kringkastingsforskrifta. Departementet vil lage eit utkast til endring av forskrifta som blir sendt på allmenn høyring.

Fram til for få år sidan var ei avgift knytt til eigarskap av ein fjernsynsmottakar rekna som ei stabil og sikker form for finansiering av allmennkringkasting i Europa. Den teknologiske utviklinga dei seinare åra inneber at allmennkringkastingsinnhald blir distribuert via fleire ulike plattformer. Folk kan dermed i aukande grad skaffe seg tilgang til og gjere bruk av innhald produsert av allmennkringkastarar frå andre apparat enn det tradisjonelle fjernsynsapparatet. Sidan kringkastingsavgifta i dei fleste land har vore knytt til eigarskap til eit fjernsynsapparat og andre apparat som inneheld fjernsynsmottakarar, har dette i fleire land ført til at fleire omgår avgifta, med etterfølgjande svikt i inntektene frå kringkastingsavgifta. Sjølv om ei slik apparatbasert avgift framleis er den mest vanlege finansieringsmodellen i Europa, har fleire land den siste tida gått over til husstands- eller individbaserte finansieringsmodellar, eller dei vurderer ulike alternativ til apparatbasert kringkastingsavgift.

Desse hovudtypane av offentleg finansiering av allmennkringkasting er i bruk i Europa:

Koppskatt er eit fast beløp som alle skattepliktige (individ eller husstand) må betale uavhengig av betalingsevna til skattytaren. Skattesummen varierer såleis ikkje med storleiken på inntekta til dei skattepliktige. I dei europeiske landa som har ein slik modell, er inntektene frå koppskatten øyremerkt til føremålet.

Finansiering over statsbudsjettet inneber å bruke etablerte skattegrunnlag til å finansiere NRK. Då må ein enten auke skattane eller redusere utgiftene til andre føremål.

Kringkastingsavgifta er ei øyremerkt, teknologiavhengig avgift. Inntektene går uavkorta til allmennkringkastaren. Kringkastingsavgifta opnar for at dei som melder frå om at dei ikkje eig ein mottakar eller har sett den bort, kan sleppe å betale.

Dagens kringkastingsavgift baserer seg på meldeplikt, som inneber at forhandlarar og private som overdreg og sel fjernsynsapparat har plikt til å melde frå til NRK Lisensavdelinga.

Innkrevjinga av kringkastingsavgifta er teknologiavhengig, sidan den i hovudsak baserer seg på registrering av omsette (tradisjonelle) fjernsynsapparat. Det har, i alle fall dei ti siste åra, vore mogleg å sjå fjernsynsinnhald utan å ha eit tradisjonelt fjernsynsapparat. For delvis å redusere risikoen for omgåing, vart meldeplikta for dei som omset TV-apparat frå 2009 supplert med ein heimel i kringkastingslova som gjev NRK rett til innsyn i kundelistene til tilbydarar av betalingsfjernsyn. Talet på lisensbetalarar aukar meir enn talet på husstandar i Noreg. Det kan difor slåst fast at talet på dei som omgår avgifta i Noreg er redusert det siste tiåret, sjølv om teknologien har lagt til rette for auka omgåing.

Det statistiske materialet som ligg føre, viser at kringkastingsavgifta så langt har tolt utfordringa frå teknologiske endringar. Trass i at det har late seg gjere å sjå fjernsyn utan fjernsynsmottakar i ei årrekkje, har talet på «tjuvtittarar» gått svakt ned dei siste ti åra. Kvart år aukar talet på lisensbetalarar.

Kringkastingsavgifta baserer seg på å fange opp nye lisensbetalarar gjennom meldeplikta for omsetning av tradisjonelle fjernsynsapparat supplert med ein kontroll med kundane til Betal-TV-tilbydarar. Dersom strøyming skulle føre til at husstandane kvitta seg med tradisjonelle fjernsynsapparat og slutta å abonnere på norske Betal-TV-tenester, ville det gjere innkrevjinga av kringkastingsavgifta vanskelegare. Det er så langt ikkje lagt fram empiri som tyder på at norske husstandar kvittar seg med fjernsynsapparat. Dei fleste ser framleis ein god del på lineært fjernsyn på skjermen i stova, og truleg skjer dessutan ein god del av strøyminga på fjernsynsskjermen via Smart-TV, Apple-TV, spegling av datamaskiner og liknande teknologiar. Mykje attraktivt innhald vil også i framtida utelukkande bli tilbode mot betaling. NRK Lisens har lovheimla tilgang til kunderegistra til selskap som tilbyr Betal-TV.

Departementet legg til grunn at kringkastingsavgifta vil gje relativt stabile og føreseielege inntekter for NRK i nokre år til, men at medieutviklinga på sikt kan gjere det naudsynt å endre NRKs finansieringsgrunnlag.

Alternativ til kringkastingsavgifta har ulike styrkar og veikskapar. Departementet har heller ikkje fullgodt oversyn over dei konkrete konsekvensane ulike alternativ vil ha. Det er til dømes naudsynt å få meir kunnskap om dei administrative kostnadene som følgjer med ulike løysingar. Departementet meiner difor at ein må analysere nærare kva dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike modellar vil bli. Departementet vil greie ut dette nærare, og eventuelt kome tilbake til Stortinget med eit lovforslag om ny finansieringsmodell for NRK.

Oppsummert viser drøftinga i dette kapitlet at NRK har hatt stor vekst i inntekter dei siste ti åra. Veksten i inntekter har vore høgare enn tilsvarande vekst i trykt presse og blant utanlandske allmennkringkastarar, men ikkje sterkare enn dei riksdekkjande, kommersielle kringkastarane. NRK har i nokon grad forsvart marknadsposisjonen sin, og eit stort fleirtal i folket finn at lisensen gjev god valuta for pengane.

NRKs økonomiske rammer må i nokon grad stå i høve til NRK sitt allmennkringkastingsoppdrag. Konklusjonane i meldinga knytte til omfanget av allmennkringkastaroppdraget til NRK inneber i praksis korkje innsnevring eller utviding av oppdraget. Dette tyder at allmennkringkastingsoppdraget isolert sett ikkje er ein grunn til å endre nivået på NRKs inntekter. Departementet vil samstundes understreke at allmennkringkastingsoppdraget til NRK i nokon grad er «elastisk» i den forstand at NRK kan velje å leggje større eller mindre vekt på dei ulike delane av oppdraget. Dei faktiske økonomiske rammene heng vel så mykje saman med kva ambisjonsnivå samfunnet har for NRKs tilbod, som med korleis det formelle oppdraget er utforma. Styremaktene kan dermed velje å redusere dei økonomiske rammene for NRK utan å justere det formelle samfunnsoppdraget.

Av omsyn til konkurransen i marknaden kan heller ikkje dei økonomiske rammene til NRK vere heilt lausrivne frå dei økonomiske tilhøva i bransjen. Samstundes kan det heller ikkje vere slik at dei økonomiske rammene til NRK slavisk skal følgje konjunkturane i bransjen. Det vil vere ei utfordring berre å finne ein praktikabel normal for kva dei generelle konjunkturane i bransjen er, når nokre media har økonomiske utfordringar medan andre opplever oppgangstider.

Det kan òg vere uheldig om NRK veks år for år, medan andre media må stramme inn. Nokre kommentatorar har til dømes peikt på at det kan vere eit demokratisk problem om ein stadig større del av norske journalistar er tilsette i NRK. Samstundes har ein allmennkringkastar til oppgåve å korrigere ein svikt i marknaden gjennom å tilby noko som marknaden elles ikkje produserer. Dette kan tilseie at det er enda viktigare å halde ved lag ein sterk allmennkringkastar dersom norske media snevrar inn det redaksjonelle tilbodet sitt.

På grunnlag av desse vurderingane legg departementet til grunn at den økonomiske situasjonen blant konkurrentane til NRK må takast med i vurderinga når dei faktiske økonomiske rammene til NRK blir fastlagde. Det sentrale omsynet må vere at lisensen blir fastsett på eit nivå som i størst mogleg grad sikrar folk eit balansert (offentleg og privat) medietilbod.

Departementet konstaterer at økonomien til NRK fram til i dag ikkje har vore til hinder for å halde oppe eit mangfald av kommersielle media – både kringkastarar og dagspresse. Utviklinga på mediefeltet er prega av dramatiske endringar i medievanar og press mot etablerte forretningsmodellar. Dette skapar utfordringar for aktørar som blir finansierte i marknaden. Det inneber at styremaktene bør vere merksame på korleis verksemda til NRK påverkar føresetnadane for drifta til dei kommersielle aktørane. Departementet vil difor med jamne mellomrom vurdere korleis dei faktiske økonomiske rammene til NRK – og verksemda til allmennkringkastaren – kan tenkjast å påverke det totale tilbodet til folk.

Departementet legg vidare til grunn at det er viktig å stille krav til at NRK driv kostnadseffektivt. NRK må rekne med at selskapet framover må drive stadig meir effektivt. Det tyder at selskapet ikkje kan vente full kompensasjon for auka kostnader.

NRK er i hovudsak finansiert av kringkastingsavgifta. Selskapet er difor i ein særeigen posisjon i den norske mediemarknaden, fordi selskapet ikkje treng å ta kommersielle omsyn i si daglege drift. NRK kan drive med kommersiell verksemd, i hovudsak i regi av dotterselskap.

I høyringa av NRK-plakaten vart høyringsinstansane bedne om å kome med innspel om NRK framleis bør ha høve til å ha inntekter frå kommersiell verksemd, og om det er behov for å avgrense NRKs kommersielle handlingsrom. I høyringsrunden kritiserer fleire instansar at NRK kan engasjere seg i forretningsdrift, og meiner NRK bør reindyrkast som ein ikkje-kommersiell aktør. I dette kapitlet omtalar departementet NRKs kommersielle verksemd og vurderer om det er behov for endringar i dei formelle rammene for selskapet.

Det er departementets vurdering at NRK i all hovudsak bør finansierast med kringkastingsavgifta. Departementet viser til at NRK har ein særeigen posisjon i den norske mediemarknaden, og at NRK har store inntekter frå kringkastingsavgifta. Omsynet til NRKs kommersielle konkurrentar, som er avhengige av marknadsfinansiering, tilseier at NRK i monaleg grad bør avstå frå kommersielle inntekter. I rapporten Konkurransemessige virkninger av noen utvalgte NRK-tjenester skriv SNF (Samfunns- og næringslivsforskning ved Norges Handelshøyskole) følgjande:

«Et annet mulig tiltak som kan bidra til å rette opp den tøffe konkurransen kan være å pålegge NRK å være bruker- og reklamefinansiert. Vi advarer mot et slikt tiltak. Det vil gjøre NRK mer lik de andre medieaktørene, og ikke bidra til mangfold. En bør isteden opprettholde dagens lisensfinansiering (eller tilsvarende husstandsfinansiering hvis dagens ordning endres), slik at NRK fortsatt har interesse av å tiltrekke seg kundegrupper som adskiller seg noe fra de kundegruppene de kommersielle aktørene finansiert ved reklame eller brukerbetaling sikter seg inn mot.»

Departementet sluttar seg til SNFs vurdering. Når NRK er finansiert på ein annan måte enn resten av media, er dette eit positivt tilskot til mediemangfaldet. Eldre lydarar og sjåarar blir normalt vurderte som mindre attraktive av annonsørane. Dette tyder at reklamefinansierte kringkastarar helst vil vende seg til eit yngre publikum. NRK står som offentleg finansiert kringkastar friare til å utforme medietilbodet sitt på ein måte som appellerer til heile befolkninga.

NRK hadde i 2014 i underkant av 5,3 mrd. kroner i lisensinntekter. Dette inneber at over 97 pst. av inntektene var lisensmidlar. Dette er eit høgt tal i internasjonal samanheng.

Departementet meiner at NRK bør ha eit visst høve til å ha kommersielle inntekter, men at det bør gjerast nokre innstrammingar i det kommersielle handlingsrommet. NRK nyttar seg ikkje av løyvet vedtektene gjev til å ha reklame på nrk.no. Departementet ser dette som ei klok tilpassing. Etter departementets vurdering bør det lisensfinansierte medietilbodet i størst mogleg grad vere ikkje-kommersielt. For å markere dette prinsippet vil departementet fjerne det formelle løyvet til å tilby reklame, som dei noverande vedtektene opnar for.

Sjølv om sponsereglane gjev klåre føringar for korleis sponsing kan gå føre seg og kva som skil sponsing frå reklame og produktplassering, er dette skiljet truleg ikkje like klårt for folk. Det er departementets meining at det bør vere minst mogleg forvirring om rolla som ikkje-kommersiell medieaktør for å vareta NRKs omdøme og legitimitet. Departementet vil vidare framheve at sponsorinntekter i størst mogleg grad bør reserverast private medieaktørar som er bundne av marknadsfinansiering av verksemda si. På prinsipielt grunnlag kan det også haldast fram at NRKs redaksjonelle tilbod bør vere basert einast på redaksjonelle vurderingar. Sponsing av enkeltprogram kan potensielt utfordre dette prinsippet. Alle desse momenta talar for at omfanget av sponsing i NRK blir avgrensa.

Det er samstundes ein realitet at sponsing kan vere viktig for NRKs forpliktingar om å dekkje store kultur- og sportshendingar. Det kan ikkje utelukkast at somme av desse programma ikkje ville vorte sende utan inntekter frå sponsorat. Det er også mogleg at høvet til sponsing er ein føresetnad for at NRK skal kunne samarbeide med andre media om kjøp av sportsrettar, slik tilfellet var under Fotball-VM for herrar i 2014, då TV 2 og NRK delte senderettane.

Departementet har konkludert med at det ikkje vil vere tenleg å forby all form for sponsing av program i NRK. Det er likevel ein føresetnad at NRK praktiserer tilgjenge til sponsing på ein restriktiv måte. Departementet vil elles vise til at NRK sjølv har redusert omfanget av sponsing noko i seinare år.

Departementet føreslår elles at NRK framleis bør ha høve til å drive ein del kommersielle aktivitetar som har tilknyting til den redaksjonelle verksemda. Dette gjeld for eksempel utleige av ledige produksjonsressursar. Både omsyn til kapasitetsutnytting og vedlikehald av kompetanse tilseier at dette er gagnleg. Departementet har heller ikkje noko imot at NRK tilbyr ulike spin-off-produkt.

Det er verdfullt at NRK har kompetanse og kapasitet til å halde store nasjonale arrangement som for eksempel minneseremonien etter terroråtaka 22. juli 2011 og arrangementet på Eidsvoll under grunnlovsjubileet i 2014. Det er likevel vanskeleg å sjå nokon grunn til at selskapet skal involvere seg i arrangement som ikkje har tilknyting til det redaksjonelle produktet. Dette er aktivitet som kan fjerne fokus frå primærverksemda til selskapet, og som difor med fordel kan overlatast til andre. Departementet vil difor leggje inn i vedtektene ein generell føresetnad om at alle kommersielle tenester NRK tilbyr, skal ha tilknyting til den redaksjonelle verksemda.

Det står i Sundvolden-erklæringa at regjeringa har som mål å auke delen eksterne produksjonar i NRK. Etter departementets syn bør NRK ha ambisiøse planar om eksternutsetjing av produksjonar. NRK er i kraft av storleiken på programbudsjettet sitt ein stor aktør i den norske marknaden. Dersom NRK plasserer ein større del av programbudsjettet i eksterne produksjonar, vil det gje ein positiv stimulans til den uavhengige produksjonsbransjen i heile Norge. Blant anna vil det kunne føre til større kontinuitet i det einskilde produsentselskapet. Konkurranse frå ekstern utsetting verker positivt inn på NRKs eigenproduksjon. NRKs interne produksjonsmiljø må vere opne for moglegheita for at ein større del av programbudsjettet kan brukast på eksterne produksjonar, dersom dei eksterne produksjonane har ein høgare kvalitet enn interne produksjonar. Konkurransen vil kunne stimulere til auka innovasjon og kreativitet hos NRKs eigne produsentmiljø. Departementet vil samstundes understreke kor viktig det er at NRK held ved lag eit sterkt internt produksjonsmiljø. Sterke, kreative miljø med ymse former for kompetanse i NRK kan ha positiv overføringsverdi på tvers av redaksjonane. Vidare kan NRK med sine tradisjonar og breie røynsle fungere som eit kompetansesenter i bransjen. Når NRK investerar i eksterne produksjonar, kan dette òg innebere gjensidig utveksling av kompetanse og erfaring til beste for både NRK og dei eksterne produksjonsmiljøa. Krafta i det interne produksjonsmiljøet er viktig for oppfylling av allmennkringkastingsoppdraget. Eit vitalt internt produksjonsmiljø kan også vere ein viktig føresetnad for at NRK skal kunne opptre som ein profesjonell og kompetent tingar av eksterne produksjonar.

Spørsmålet om kva krav som skal stillast til NRK om eksternutsetjing, handlar dermed om å finne god balanse mellom omsynet til NRKs interne kompetansemiljø på den eine sida og omsynet til eit vitalt miljø av uavhengige produsentar på den andre.

Departementet har merkt seg at somme høyringsinstansar er opptekne av at nokre av produsentselskapa har utanlandske eigarar. Dette kan etter departementets syn ikkje tilleggjast vekt. Den kulturpolitiske interessa kjem av eit mangfald av uavhengige produksjonsmiljø, og av at einskilde produksjonar er forankra i ein norsk kontekst og atterspeglar norsk røyndom.

Det er indikasjonar på at NRK i dag har relativt avgrensa tyding for produksjonsbransjen. Det er difor sannsynleg at NRK kan auke eksterne kjøp over tid utan at dette utfordrar kapasiteten i bransjen. Departementet vil i denne samanhengen også vise til at NRK i nokon mon nyttar seg av ekstern arbeidskraft når dei produserer program internt. Denne arbeidskrafta vil truleg vere tilgjengeleg for dei uavhengige produksjonsselskapa dersom NRK set ut meir av produksjonen sin.

Departementet vil samstundes nemne NRKs behov for intern produksjonskompetanse. NRK bør halde ved lag sterke interne produksjonsmiljø som kan sikre høg fagleg kvalitet og vareta allmennkringkastingsverdiar. Det er ikkje ønskeleg at NRK blir ein rein innkjøpsorganisasjon. Det er likevel rom for at NRK aukar mengda eksterne kjøp.

Departementet viser til at NRK stiller seg positiv til å setje ut meir av programproduksjonen. I 2014 brukte NRK ca. 28 pst. av det frie programbudsjettet på eksterne produksjonar. NRK har sjølv signalisert at denne delen vil auke. NRK har i eit innspel til departementet sagt at dersom departementet vil fastsetje formelle krav, kan dette gjerast ved at selskapet for åra 2016 og 2017 i gjennomsnitt skal setje ut minst 35 pst. av det frie programbudsjettet for TV (dvs. programbudsjettet for TV utanom nyheiter, sport, distriktsnyheiter, NRK Sápmi og innkjøp av utanlandske program). For åra 2018–2020 kan kravet vere at selskapet leggar ut minimum 40 pst. av desse åras budsjett til eksterne produsentar.

Som nemnd over meiner departementet at NRK bør ha ambisiøse planar om eksternutsetjing av produksjonar. Departementet føreset at NRK gradvis aukar kjøp frå eksterne produsentar og tek NRKs opplegg for kjøp av eksterne produksjonar i 2016 og 2017 til etterretning og føreset at dei blir gjennomførde. Frå og med 2018 meiner departementet at NRK i rullerande treårsperiodar skal leggje ut minst 40 pst. i gjennomsnitt av det frie programbudsjettet for TV til eksterne produksjonar. Departementet legg til grunn at dette vil sikre auka innkjøp av eksterne produksjonar i NRK, samstundes som NRK får ein viss tidsmessig fleksibilitet til å nå dette målet.

I Noreg har TV 2 som nemnt vore pålagt å betale eit årleg vederlag til Filmfondet som ein del av vilkåra i avtala mellom Kulturdepartementet og TV 2. For 2015 utgjer TV 2s vederlag til Filmfondet 10,7 mill. kroner. Med unntak av TV 2-vederlaget har ikkje dei norske allmennkringkastarane formell plikt til å investere i filmproduksjon.

Så sant allmennkringkastarane framleis har stor interesse av å investere i norske kvalitetsseriar og filmar, er det etter departementets vurdering ikkje behov for å leggje statlege føringar for omfanget av investeringane til allmennkringkastarane i norske audiovisuelle produksjonar. Bransjen har teke ansvar for å føre arbeidet vidare, og vil kome tilbake til departementet med resultatet av arbeidet med å finne berekraftige løysingar for filmbransjen som også handlar om bl.a. ansvaret kringkastarane har for å sikre produksjon og formidling av norsk film- og serieinnhald i framtida.

I ein beredskapssituasjon vil det kunne vere viktig for styremaktene å nå raskt fram med informasjon nasjonalt, regionalt eller lokalt. For å vareta beredskapsomsyn har styremaktene etablert regulering med føremål å sikre

  • at styremaktene har tilgang til sentrale massemedia

  • at vesentlege sendarnett er tilstrekkelege robuste

Departementets konklusjonar om beredskap:

  • Den generelle bestemminga etter kringkastingslova § 2-4 som gjeld alle kringkastarar i ein beredskapssituasjon, og som inneber plikt til å sende meldingar frå statsmakta når det er vesentleg viktig, blir ført vidare.

  • NRKs overordna plikter om å sikre at informasjon frå regjeringa når heile befolkninga, skal vere regulerte i forskrift.

  • NRKs meir detaljerte beredskapsmessige plikter til å gje teknisk bistand til regjeringa skal vere regulerte i ei eiga avtale med departementet.

Styremaktene har aktivt lagt til rette for kommersiell allmennkringkasting i ei årrekkje. Dette kjem dels av at frekvensressursar for kringkasting har vore eit knappheitsgode som det har vore knytt forpliktingar til, og dels av eit politisk ønske om å sikre at NRK ikkje skal vere åleine om å tilby allmennkringkastingsinnhald. Per i dag er det ein TV-kanal (TV 2) og to radiokanalar (Radio Norge og P4) som har status som riksdekkjande kommersielle allmennkringkastarar i Noreg. I tillegg er ei rad kommersielle lokalradioar underlagde allmennkringkastingsplikter.

I Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering av radiomediet la Kulturdepartement til grunn at det ikkje vil vere grunnlag for å stille konsesjonsplikter etter at FM-nettet blir sløkt. Avgjerda vart grunngjeven med at det riksdekkjande DAB-nettet vil ha kapasitet tilnærma lik etterspurnaden, og at det difor ikkje lenger vil vere grunnlag for å stille konsesjonsplikter for riksdekkjande radiokringkasting. Dette tyder at kommersiell allmennkringkasting på radio vil bli avvikla når FM-nettet blir sløkt i 2017. Vurderingane i dette kapittelet er difor knytte til kommersiell allmennkringkasting i TV.

Å halde ved lag eit kommersielt allmennkringkastingstilbod er verdfullt for mediemangfaldet. Kommersiell allmennkringkasting har også ein skjerpande effekt på NRKs tilbod. Dersom NRK skulle vere åleine om å tilby visse programkategoriar og å tene smale grupper, ville selskapet misse eit insentiv til å prioritere kvalitet og mangfald overfor desse kategoriane. Departementet vil difor lyse ut ei ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar som alle interesserte aktørar kan søkje på. Dette vil bli gjort i god tid før TV 2s avtale med staten går ut 31. desember 2016.

Departementet kjem attende til innhaldet i den nye avtala. Krav om eigenprodusert nyheitstilbod og lokalisering i Bergen vil liggje fast.

Offentleg støtte er eit mogleg tiltak som kan bidra til kommersiell allmennkringkasting. Regjeringa vil gje eit offentleg utnemnt utval i oppdrag å vurdere mediemangfaldet i Noreg. Utvalet skal bl.a. vurdere behov, omfang og offentleg finansiering av allmennkringkasting og nyheits- og aktualitetsmedia. Departementet har difor ikkje vurdert offentleg finansiering av kommersiell allmennkringkasting i stortingsmeldinga.

Departementet vil setje i gang eit arbeid med å revidere kringkastingslova. I revisjonen vil departementet vurdere om kringkastingsregelverket bør liberaliserast og forenklast for å betre konkurranseevna og lønsemda til norske kommersielle kringkastarar.

AMT-direktivets sendarlandsprinsipp inneber at TV-kanalar einast er underlagde jurisdiksjonen i det landet kanalane er etablerte i. Eitt av hovudformåla med direktivet er å leggje til rette for fri rørsle av fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester. Prinsippet om fri vidareformidling inneber at det einskilde EØS-landet (heretter mottakarland) i utgangspunktet ikkje kan hindre vidaresending av TV eller audiovisuelle bestillingstenester frå tilbydarar som er etablerte i eit anna EØS-land (sendarland), jf. AMT-direktivet artikkel 3 nr. 1. Sendarlandsprinsippet og prinsippet om fri vidareformidling inneber at Noreg i utgangspunktet ikkje kan setje seg imot sendingar frå TV-kanalar som har etablert seg i eit anna EØS-land med lempelegare reglar og som rettar sendingane sine mot Noreg. For eksempel er TV3 etablert i Storbritannia og dermed underlagt britisk kringkastingsregulering, sjølv om TV3 konkurrerer i den same annonsemarknaden som norske kringkastarar. Dette tyder i praksis at TV3 har ein konkurranseføremon samanlikna med norske kringkastarar, fordi det britiske regelverket er meir liberalt enn det norske. Ei liberalisering og forenkling av reglane i kringkastingslova er difor eit verkemiddel til å styrkje konkurranseevna til norske kringkastarar.

Departementet meiner at det er eit klårt behov for å vurdere ei opprydding i kringkastingsregelverket.

Departementet vil leggje fram eit høyringsnotat med forslag til endringar i reklameregelverket hausten 2015. Departementet viser elles til at Helse- og omsorgsdepartementet 17. april 2015 sende på høyring eit framlegg om å oppheve forbodet mot reklame for reseptfrie legemiddel på fjernsyn.

Regjeringa vil notifisere eit meirverdiavgiftsfritak for alle nyheits- og aktualitetsmedium, medrekna nyheits-TV-kanalar. Eit meirverdiavgiftsfritak for nyheits-TV-kanalar vil kunne stimulere til auka produksjon av norsk nyheitsbasert TV-innhald og vil kunne kome bl.a. TV 2 Nyhetskanalen til gode. Dersom ordninga blir godkjend av EFTAs overvakingsorgan, legg departementet til grunn at tiltaket vil ha positiv effekt for produksjon av norsk audiovisuelt nyheits- og aktualitetsinnhald og stimulere nyheits- og aktualitetstilbodet til norske brukarar.

Det såkalla infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd inneber at staten ikkje berre skal halde seg frå inngrep i ytringsfridomen, men også leggje til rette for ytringsvilkåra til borgarane. Dette tyder at det må leggjast til rette for kanalar som kan medverke til ei open og opplyst offentleg samtale. Staten har fleire mediepolitiske verkemiddel til å fremje dette. Departementet meiner at det er behov for å vurdere om verkemidla har ei formålstenleg innretning sett i lys av endringane i mediemarknaden. Regjeringa vil derfor nemne opp eit utval som bl.a. skal vurdere korleis statens verkemiddel kan innrettast for å leggje til rette for ein open og opplyst offentlig samtale og stimulere til eit mangfaldig tilbod av medium. Regjeringa vil gje utvalet følgjande mandat:

  • Utvalet skal vurdere kva statens mål for mediemangfaldet bør være, og beskrive sentrale utviklingstrekk på mediefeltet og korleis desse påverkar mediemangfaldet.

  • Utvalet skal vurdere det samla norske tilbodet med særleg fokus på to område: nyheits- og aktualitetsmedium og funksjonen media har i nyheits- og debattformidlinga, samt allmennkringkastarar og deira betyding for Noregs språk og kultur.

  • Med utgangspunkt i sin analyse skal utvalet vurdere korleis det statlege økonomiske verkemiddelapparatet, bl.a. produksjonstilskotet og kringkastingsavgifta, best kan innrettast for å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale og stimulere til eit mangfaldig tilbod av medium. Utvalet skal bl.a. vurdere behov, omfang og offentleg finansiering av allmennkringkasting og nyheits- og aktualitetsmedium. Utvalet kan også vurdere regulatoriske verkemiddel dersom dette er relevant.

NRK-plakaten inneheld Stortingets overordna krav og rammer for NRK og fastset dermed fellesskapets forventningar til NRKs tilbod. Kulturdepartementet legg i kapittel 5 i meldinga opp til at det blir innført eit klårare skilje mellom dei overordna krava i plakaten og meir detaljerte krav i NRK-vedtektene. Føremålet med dette er at dei overordna krava skal drøftast og vedtakast av Stortinget for å sikre open debatt og demokratisk forankring av oppdraget, medan dei meir detaljerte punkta i vedtektene blir fastsette av NRKs generalforsamling ved kulturministeren og dermed kan endrast utan Stortingets samtykke.

I tillegg til at plakaten blir utforma på eit meir overordna plan, inneber den nye NRK-plakaten i hovudsak at gjeldande oppdrag blir ført vidare. Konkrete endringar går fram av dei føregåande kapitla i stortingsmeldinga.

NRK-plakaten er det politiske styringsinstrumentet for allmennkringkasting og NRKs verksemd. Den formelle styringa av NRK skjer via generalforsamlingas eigarstyring. Dette inneber bl.a. at NRK-plakaten må gjerast formelt bindande i selskapets vedtekter. Plakaten legg dermed føringar for generalforsamlingas høve til å fastsetje meir detaljerte føresegner i vedtektene.

Departementet understrekar at både dei overordna krava i NRK-plakaten og dei meir detaljerte krava i NRK-vedtektene må fastsetjast med respekt for NRKs redaksjonelle sjølvstende og kringkastingssjefens suverene ansvar for NRKs laupande programverksemd, jf. kringkastingslova § 6-3 og mediefridomslova. Vidare viser departementet til at EØS-avtala legg visse føringar for utforminga av NRKs allmennkringkastingsoppdrag ettersom ESAs retningsliner for offentleg støtte til allmennkringkastarar stiller krav om at oppdraget bør definerast så klårt og presist som mogleg og at oppdraget må liggje føre som eit formelt pålegg, jf. kapittel 4.2.1.2 i meldinga.

§ 1 NRK skal ha som formål å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle behov i samfunnet.

§ 2 NRK skal vareta ytringsfridom og ytringsvilkår for borgarane. NRK skal vere redaksjonelt uavhengig og vere balansert over tid. NRK skal bidra til å fremje den offentlege samtala og medverke til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne vere aktivt med i demokratiske prosessar.

§ 3 NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet.

§ 4 NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga. NRK skal ta omsyn til funksjonshemma i utforminga av tilbodet sitt.

§ 5 NRK skal styrkje det norske og dei samiske språka, og styrkje norsk og samisk identitet og kultur. Ein stor del av tilbodet skal ha norsk forankring og avspegle det kulturelle mangfaldet i folket. NRK skal ha daglege sendingar for den samiske befolkninga. NRK skal ha program for nasjonale og språklege minoritetar.

§ 6 NRK skal formidle norsk kultur og ein brei variasjon av norske kunstuttrykk frå mange ulike kunstnarar, ubundne miljø og kulturinstitusjonar. NRK skal formidle norsk musikk, film og drama og stimulere norske produksjonsmiljø.

§ 7 NRKs tilbod skal spegle Noregs religiøse arv og mangfald av livssyn og religion i det norske samfunnet.

§ 8 NRKs tilbod skal i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 pst. av innhaldet skal vere på nynorsk.

§ 9 NRK skal reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og ha eit godt lokalt tilbod og lokalt nærvær.

§ 10 NRKs tilbod skal i hovudsak vere av redaksjonell karakter. NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping. NRKs tilbod skal ha tematisk og sjangermessig breidde. NRKs tilbod skal appellere til alle aldersgrupper.

§ 11 NRK skal fremje borns rett til ytringsfridom og informasjon, og skjerme borna mot skadelege former for innhald. NRK skal ha norskspråklege program for born under 12 år, jamlege norskspråklege program for unge, og jamlege program for born og unge på dei samiske språka.

§ 12 NRK skal leggje til rette for at styremaktene kan nå ut til befolkninga med informasjon over kringkastingsnetta ved nasjonale kriser og katastrofar.

Om desse konsekvensane viser ein til meldinga.