Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet
Dette dokument
- Innst. 121 S (2015–2016)
- Kildedok: Prop. 23 S (2015–2016), kap. 5613
- Dato: 07.12.2015
- Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2015.
Det blir i proposisjonen vist til at som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna som Siva har tatt opp i 2015, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 4,2 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer departementet i proposisjonen framlegg om å redusere løyvinga med 4,2 mill. kroner, frå 27,5 til 23,3 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga budsjettkapittel 5613 og har elles ingen merknader.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Inntekter | |||
5613 | Renter frå Siva SF | ||
80 | Renter, blir redusert med | 4 200 000 | |
frå kr 27 500 000 til kr 23 300 000 |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 7. desember 2015
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |