1. Sammendrag
- 1.1 Føremål og hovudoversikt
- 1.2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
- 1.3 Bestillingsfullmakter
Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2015, for å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2015 vart vedteke.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering er handsama.
Omgrupperingsproposisjonen for 2015 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2015 og tilleggsløyvingar. Det er òg føreslått ein reduksjon på løyvingane som følgje av utsette utbetalingar på prosjektet for nye kampfly. Totalt utgjer omgrupperinga for 2015 ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 816 280 mill. kroner. Reduksjonen er ikkje reell, då dei reduserte midlane til kampflyanskaffing er foreslått løyva ekstra på budsjettet for 2016. I tillegg føreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt.
Forsvarsdepartementet ved Forsvarsbygg har behov for å auke kapasiteten i samband med nyprosjektering. Det er derfor foreslått i 2015 å etablere eit eige prosjektkontor i eigna lokale på Linderud leir. Dette medfører ei meirutgift på 5 000 mill. kroner i 2015. Midlane for 2015 skal brukast mellom anna til arealmessige tilpassingar og kabellegging for teknisk utstyr.
Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1710 post 1 vert auka med 5 000 mill. kroner i 2015.
I Prop. 1 S (2015–2016) er det foreslått å auke løyvinga til kampflyanskaffingar i 2016 med 1 100 000 mill. kroner basert på at forventa utbetalingar i 2015 er utsett til 2016. Som følgje av dette vert den føreslåtte løyvinga på kap. 1761 post 45 for 2015 redusert tilsvarande med 1 100 000 mill. kroner. Dette blir såleis ein teknisk reduksjon sett mot auka i 2016.
Stortinget har, gjennom behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtatt å etablere ein kampflybase på Ørland hovudflystasjon og ein framskoten operasjonsbase ved Evenes. Vidare er det vedtatt å flytte Luftforsvaret si styrkeproduksjon knytt til luftvern og basesett til Ørland. Endringane inneber at det er behov for å tilpasse tilbodet av bustad og kvarter til befal og mannskap på Ørland. Ei kartlegging av status og framtidig behov visar at det er eit behov for å auke talet på befalskvarter med om lag 150 boeiningar. Opptrappinga av tilbodet av kvarter vert gjennomført i fleire trinn, tilpassa personellplanen for Luftforsvaret ved Ørland hovudflystasjon samt tilgjengelege investeringsmidlar for eigedom, bygg og anlegg. Trinn 1 vert planlagt ferdig i løpet av 2017. Øvrige kvarterbehov vert planlagt ferdig i løpet av 2020.
Prosjekt Ørland – befalskvarter trinn 1 omfattar bygging av ei forlegning med til saman 50 nye kvarter i nærleiken av eksisterande befalskvarter og messe på Ørland hovudflystasjon. Prosjektet er viktig for å føre vidare Ørland hovudflystasjon som ein framtidsretta og attraktiv arbeidsplass. Løysinga skal baserast på gjenbruk av byggeprosjekt under gjennomføring på Bardufoss og Setermoen for å halde prosjekteringskostnadene låge.
Den anbefalte kostnadsramma for prosjektet, inkludert nødvendig innreiing, er på 110 000 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetting for usikkerheit. Prosjektet si styringsramme er på 94 500 mill. kroner.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2015, midlar overførte frå 2014 og seinare endringar gjorde av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2015.
Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2015 | 43 787 866 |
Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB) | 342 067 |
Innst. 357 S (2014–2015) til Prop. 133 S (2014–2015) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap («soldatproposisjonen»)» | 1 032 |
Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015 | 99 270 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 44 230 235 |
+ Midlar overførte frå 2014 | 2 433 748 |
= Disponible midlar i 2015 før omgrupperinga | 46 663 983 |
Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2015 | 5 604 470 |
Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB) | 287 727 |
= Løyvingar før omgruppering | 5 892 197 |
I høve til saldert budsjett for 2015, med dei seinare endringane gjorde av Stortinget, er ei meirinntekt på 278 720 mill. kroner. Det same beløpet er føreslått lagt til utgiftsida. Den budsjettmessige verknaden på utgiftssida av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015 er 99 270 mill. kroner. På inntektssida er verknaden i 2015 på 6,937 mill. kroner. Desse midlane vart fordelte i samband med lønsoppgjeret. Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2014–2015) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.
Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2015.
Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida | 278 720 |
Tilleggsløyvingar | 5 000 |
Midlar i samband med kampflyanskaffingar vert førte tilbake | -1 100 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | -816 280 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 44 230 234 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 43 413 954 |
+ Midlar overførte frå 2013 | 2 433 748 |
= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga | 45 847 702 |
Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):
Meirinntekter | 278 720 |
+ Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015 | 6 937 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 285 657 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 5 892 197 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 6 177 854 |
På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak at utgiftsramma vert redusert med 816 280 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 285 657 mill. kroner.
I statsbudsjettet for 2015 bli det foreslått følgjande endringar:
Kap. | Post | Føremål | Kroner | |
Utgifter | ||||
1700 | Forsvarsdepartementet | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 34 970 000 | ||
frå kr 412 686 000 til kr 447 656 000 | ||||
73 | Forsking og utvikling, kan overførast, vert auka med | 480 000 | ||
frå kr 30 499 000 til kr 30 979 000 | ||||
1710 | Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg | |||
1 | Driftsutgifter, kan overførast, vert auka med | 5 000 000 | ||
frå kr 3 336 420 000 til kr 3 341 420 000 | ||||
47 | Nybygg og nyanlegg, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761 post 47, vert redusert med | 46 500 000 | ||
frå kr 1 692 983 000 til kr 1 646 483 000 | ||||
1716 | Forsvarets forskingsinstitutt | |||
51 | Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt, vert redusert med | 1 196 000 | ||
frå kr 185 950 000 til kr 184 754 000 | ||||
1719 | Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 7 124 000 | ||
frå kr 284 171 000 til kr 291 295 000 | ||||
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, vert redusert med | 3 829 000 | ||
frå kr 3 829 000 til kr 0 | ||||
71 | Overføringar til andre, kan overførast, vert redusert med | 1 192 000 | ||
frå kr 58 837 000 til kr 57 645 000 | ||||
1720 | Felles leiings- og kommandoapparat | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 39 881 000 | ||
frå kr 3 694 354 000 til kr 3 734 235 000 | ||||
1721 | Felles leiing av Forsvarets spesialstyrkar | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 940 000 | ||
frå kr 38 666 000 til kr 39 606 000 | ||||
1723 | Nasjonalt tryggingsorgan | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 13 960 000 | ||
frå kr 205 113 000 til kr 219 073 000 | ||||
1725 | Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben | |||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 59 854 000 | ||
frå kr 2 093 141 000 til kr 2 033 287 000 | ||||
70 | Renter låneordning, kan overførast, vert redusert med | 4 280 000 | ||
frå kr 8 974 000 til kr 4 694 000 | ||||
1731 | Hæren | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 766 000 | ||
frå kr 5 327 879 000 til kr 5 329 645 000 | ||||
1732 | Sjøforsvaret | |||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 20 456 000 | ||
frå kr 3 576 729 000 til kr 3 556 273 000 | ||||
1733 | Luftforsvaret | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 129 955 000 | ||
frå kr 4 824 606 000 til kr 4 954 561 000 | ||||
1734 | Heimevernet | |||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 7 871 000 | ||
frå kr 1 232 874 000 til kr 1 225 003 000 | ||||
1735 | Etterretningstenesta | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert auka med | 4 177 000 | ||
frå kr 1 232 611 000 til kr 1 236 788 000 | ||||
1740 | Forsvarets logistikkorganisasjon | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 148 418 000 | ||
frå kr 2 024 518 000 til kr 2 172 936 000 | ||||
1760 | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | |||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760 post 45, | |||
vert auka med | 8 480 000 | |||
frå kr 987 820 000 til kr 996 300 000 | ||||
44 | Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del, kan overførast, vert redusert med | 16 000 000 | ||
frå kr 52 733 000 til kr 36 733 000 | ||||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761 post 45, vert auka med | 82 991 000 | ||
frå kr 4 111 312 000 til kr 4 194 303 000 | ||||
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, kan overførast, vert redusert med | 46 500 000 | ||
frå kr 68 103 000 til kr 21 603 000 | ||||
75 | Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskot til NATOs investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760 post 44, vert redusert med | 10 000 000 | ||
frå kr 85 000 000 til kr 75 000 000 | ||||
1761 | Nye kampfly med baseløysing | |||
1 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1761 post 45, vert redusert med | 244 000 | ||
frå kr 115 168 000 til kr 114 924 000 | ||||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med | 1 131 700 000 | ||
frå kr 4 584 857 000 til kr 3 453 157 000 | ||||
1790 | Kystvakta | |||
1 | Driftsutgifter, vert redusert med | 41 365 000 | ||
frå kr 1 031 809 000 til kr 990 444 000 | ||||
1791 | Redningshelikoptertenesta | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 91 149 000 | ||
frå kr 794 319 000 til kr 885 468 000 | ||||
1792 | Norske styrkar i utlandet | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 5 344 000 | ||
frå kr 571 562 000 til kr 576 906 000 | ||||
1795 | Kulturelle og allmennyttige føremål | |||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 072 000 | ||
frå kr 269 502 000 til kr 270 574 000 | ||||
60 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, vert redusert med | 1 000 000 | ||
frå kr 1 000 000 til kr 0 | ||||
Inntekter | ||||
4700 | Forsvarsdepartementet | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 36 000 000 | ||
frå kr 24 185 000 til kr 60 185 000 | ||||
4710 | Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg | |||
1 | Driftsinntekter, vert redusert med | 15 678 000 | ||
frå kr 4 101 002 000 til kr 4 085 324 000 | ||||
47 | Sal av eigedom, vert redusert med | 21 700 000 | ||
frå kr 171 701 000 til kr 150 001 000 | ||||
4719 | Fellesinntekter til føretak under Forsvarsdepartementet | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 3 253 000 | ||
frå kr 775 000 til kr 4 028 000 | ||||
4720 | Felles leiings- og kommandoapparat | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 2 252 000 | ||
frå kr 130 742 000 til kr 132 994 000 | ||||
4721 | Felles leiing av Forsvarets spesialstyrkar | |||
1 | Driftsinntekter, vert løyvd med | 1 890 000 | ||
frå kr 0 til kr 1 890 000 | ||||
4723 | Nasjonalt tryggingsorgan | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 13 000 000 | ||
frå kr 7 028 000 til kr 20 028 000 | ||||
4731 | Hæren | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 30 000 000 | ||
frå kr 64 628 000 til kr 94 628 000 | ||||
4733 | Luftforsvaret | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 11 200 000 | ||
frå kr 179 664 000 til kr 190 864 000 | ||||
4740 | Forsvarets logistikkorganisasjon | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 101 777 000 | ||
frå kr 221 623 000 til kr 323 400 000 | ||||
4760 | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 585 000 | ||
frå kr 2 234 000 til kr 2 819 000 | ||||
45 | Større nyskaffingar, vert auka med | 48 870 000 | ||
frå kr 19 063 000 til kr 67 933 000 | ||||
48 | Fellesfinansierte investeringar, inntekter, vert redusert med | 27 500 000 | ||
frå kr 65 500 000 til kr 38 000 000 | ||||
4791 | Redningshelikoptertenesta | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 92 203 000 | ||
frå kr 755 722 000 til kr 847 925 000 | ||||
4792 | Norske styrkar i utlandet | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 7 000 000 | ||
frå kr 10 368 000 til kr 17 368 000 | ||||
4795 | Kulturelle og allmennyttige formål | |||
1 | Driftsinntekter, vert auka med | 2 505 000 | ||
frå kr 9 495 000 til kr 12 000 000 |
For omtale av endringane i dei enkelte kapitla vises det til proposisjonen.
Det er føreslått auke i bestillingsfullmakter i 2015:
Bestillingsfullmakt under kap. 1740 post 1 Driftsutgifter, er føreslått auka med 50 000 mill. kroner, frå 1 320 000 mill. kroner til 1 370 000 mill. kroner. Auka kjem som følgje av prisauke på varer og tenester som vert kjøpte inn av FLO.