1. Samandrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Endringsforslag
- Kap. 840 Krisetiltak
- Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
- Kap. 844 Kontantstøtte
- Kap. 845 Barnetrygd
- Kapittel 852 Adopsjonsstønad
- Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
- Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
- Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
- Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
- Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
- Kap. 868 Forbrukarombodet
- Kap. 2530 Foreldrepengar
- Andre saker
I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2015 i samsvar med punkt 1.2 nedenfor.
Det blei løyvd midlar til å vidareutvikle eit foreldrerettleiingsprogram for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2015. Målet er å rettleie og hjelpe foreldre som fryktar at barna deira skal bli radikaliserte eller rekrutterte til ekstreme og valdelege miljø. Det har tatt lengre tid enn føresett å utvikle prosjektet og rekruttere rettleiarar. Det har også vist seg vanskelegare enn føresett å rekruttere foreldre til prosjektgrupper. Det er derfor eit mindrebehov på 2,4 mill. kroner i 2015.
BLD føreslår å redusere kap. 840 post 21 med 2,4 mill. kroner.
Det er stor søking på tilskotsordninga Tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar på posten i 2015. BLD føreslår derfor å auke ramma for ordninga med 1,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 857 post 72, jf. nærmare omtale under denne posten.
BLD føreslår å auke kap. 840 post 70 med 1,8 mill. kroner.
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle til meklarar utanfor familievernet er lågare enn løyvinga.
BLD føreslår derfor å redusere kap. 841 post 21 med 0,6 mill. kroner.
Midlane på posten går til refusjon av kostnadene Folkehelseinstituttet har knytt til DNA-analysar i farskapssaker rekvirert av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Kostnadene er anslått til å bli lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 841 post 23 med 1,6 mill. kroner.
Utgiftene til kontantstøtte er anslått til 1 620 mill. kroner, som er 30 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Talet på barn med kontantstøtte synest å bli noko lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Mindrebehovet skuldast også eit redusert anslag på gjennomsnittleg utbetaling per barn som følgje av lågare etterbetalingar enn tidlegare føresett.
BLD føreslår å redusere kap. 844 post 70 med 30 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd er anslått til 15 110 mill. kroner, som er 40 mill. kroner lågare enn løyvinga. Reduksjonen kjem av eit lågare tal på barn det blir utbetalt stønad for enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
BLD føreslår å redusere kap. 845 post 70 med 40 mill. kroner.
Talet på adopsjonar frå utlandet har gått gradvis ned, og det er venta eit mindreforbruk på posten på 1 mill. kroner. Anslaget legg til grunn om lag 150 adopsjonar.
BLD føreslår å redusere kap. 852 post 70 med 1 mill. kroner.
Det er eit meirbehov på 0,5 mill. kroner på posten som følgje av meirutgifter til lønn og drift i samband med gjennomføring av prosjektet ProSak fase 1 i inneverande år. ProSak er det nye saksbehandlingssystemet til fylkesnemndene. BLD føreslår å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 854 post 21 til kap. 853 post 1.
BLD føreslår å auke kap. 853 post 1 med 0,5 mill. kroner.
Det er løyvd 86,4 mill. kroner på posten. Løyvinga går til ulike førebyggjande tiltak og kjøp av tenester i samband med utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. Det er eit mindreforbruk på 5,1 mill. kroner knytta til tiltaka på posten. Det er mellom anna løyvd 4 mill. kroner over posten til vidareutdanningstilbodet Rettleia førsteår i barneverninstitusjon. Tiltaket vil ikkje bli gjennomført i 2015.
BLD føreslår at 0,5 mill. kroner blir flytta frå posten til kap. 853 post 1 for å dekkje eit meirbehov i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. BLD føreslår i tillegg å flytte 0,6 mill. kroner frå posten til kap. 854 post 22 for å dekkje eit meirbehov i Barnesakkunnig kommisjon.
Samla føreslår BLD å redusere kap. 854 post 21 med 5,1 mill. kroner.
Løyvinga på posten går til drift av Barnesakkunnig kommisjon. Det er eit meirbehov på 0,6 mill. kroner knytta til drifta. BLD føreslår å dekkje inn dette ved å flytte midla frå kap. 854 post 21.
BLD føreslår å auke kap. 854 post 22 med 0,6 mill. kroner.
Løyvinga på posten er 1 354 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.
Siste prognose for totale utbetalingar på kap. 854 post 65 er 1 200 mill. kroner i 2015. Årsaka til reduksjonen er mellom anna at det blei lagt til grunn eit for høgt beløp for utbetalingar i 2015 for kommunale utgifter i 2014. Dette er no retta opp.
BLD føreslår å redusere kap. 854 post 65 med 154,4 mill. kroner.
Løyvinga på posten er 312 mill. kroner. Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år, kjøp av plassar i private omsorgssenter og forvaltningsoppgåver knytta til omsorgssentera.
Gjeldande løyving er basert på at det ville kome totalt 500 barn til omsorgssentera i 2015. Det blir no lagt til grunn at det vil kome 840 barn til omsorgssentera i 2015. BLD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 69 mill. kroner til kjøp av plassar i private omsorgssenter. Desse tala er usikre. Dersom det kjem fleire barn til omsorgssentera enn det som er lagt til grunn i berekningane, vil behovet på posten auke, jf. forslag til romertalsvedtak. Vidare blir det føreslått å auke løyvinga til forvaltningsoppgåvene knytt til omsorgssentera med 2,5 mill. kroner. Forvaltningsoppgåvene inkluderer mellom anna godkjenning, oppfølging og kontroll av omsorgssentera, oppfølgingsvedtak og arbeid med busetjing.
BLD føreslår å auke kap. 856 post 1 med 71,5 mill. kroner
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECDs utviklingskomité godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått å auke løyvinga på kap. 856 post 1 med 71,5 mill. kroner. Regjeringa føreslår at 69 mill. kroner av dette beløpet blir rapportert inn som utviklingshjelp.
BLD føreslår å auke kap. 3856 post 4 med 69 mill. kroner.
Det er løyvd 11,5 mill. kroner til denne tilskotsordninga som er ny frå 2015. Etter to utlysingsrundar er det restmidlar på 1,8 mill. kroner på posten. Ein formålstenleg alternativ bruk av midlane vil vere at dei vert flytta til tilskotsordninga Tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar på kap. 840 post 70. Midlane vil då framleis bli brukte på valdsfeltet.
BLD føreslår å redusere kap. 857 post 72 med 1,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 840 post 70.
Ansvaret for kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei overført frå IMDi til Bufdir 1. september 2015. BLD føreslår å flytte 1,4 mill. kroner frå IMDis driftspost, kap. 820 post 1, til Bufdirs driftspost på kap. 858 post 1, sjå omtale under kap. 820 post 1.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 1 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 820 post 1.
Forbrukarombodet har i 2015 fått meirutgifter på 0,4 mill. kroner som følgje av idømte saksomkostningar i ei sak som ombodet har tapt i Marknadsrådet.
BLD føreslår å auke kap. 868 post 1 med 0,4 mill. kroner. Midlane blir flytta frå kap. 821 post 62.
Utgiftene til foreldrepengar er anslått til 18 480 mill. kroner, som er 60 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av høgare auke i foreldrepengegrunnlaget enn i anslaget i gjeldande budsjett.
BLD føreslår å auke kap. 2530 post 70 med 60 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad er anslått til 18 480 mill. kroner, som er 10 mill. kroner mindre enn løyvinga, som følgje av redusert anslag på talet på fødslar.
BLD føreslår å redusere kap. 2530 post 71 med 10 mill. kroner.
For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått at stikkordet «kan nyttast under post 70» blir lagt til kap. 846 post 21, og at stikkordet «kan nyttast under post 21» blir lagt til kap. 846 post 70.
For å sikre korrekt postbruk blir det føreslått at stikkordet «kan nyttast under post 70» blir lagt til kap. 865 post 21, og at stikkordet «kan nyttast under post 21» blir lagt til kap. 865 post 70.
I samband med handsaminga av Dokument 8:30 S (2013–2014) og Innst. 204 S (2013–2014) vedtok Stortinget 5. juni 2014 oppmodingsvedtak nr. 440:
«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»
Arbeidet med meldinga starta opp hausten 2014. Det er nødvendig å bruke noko meir tid til å gjennomføre nødvendige utgreiingar og sikre kvaliteten på framlegget, og meldinga vil difor bli lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2016.