4. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)
I
I lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. blir det gjort følgjande endringar:§ 13 overskriften skal lyde:
Fortrinnsrett til ny stilling.
§ 13 nr. 6 blir oppheva.
§ 13 nr. 7 blir § 13 nr. 6.
II
I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse blir det gjort følgjande endringar:§ 20 første ledd bokstav f blir oppheva. Noverande bokstav g og h blir bokstav f og g.
§ 23 fjerde ledd blir oppheva.
III
I lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak blir det gjort følgjande endring:§ 55 tredje ledd blir oppheva.
Noverande § 55 fjerde ledd blir tredje ledd og skal lyde:
Kongen kan i forskrift eller for det enkelte tilfelle gi nærmere bestemmelser om overføring av virksomhet til statsforetak etter første og annet ledd.
IV
Følgjande føresegner i annan lovgjeving blir oppheva:
Lov 15. juni 2001 nr. 87 om omdanning av Jernbaneverkets kommersielle televirksomhet til aksjeselskap § 4.
Lov 21. juni 2002 nr. 43 om omdanning av statens jernbanetrafikkselskap (NSB BA) og statens postselskap (Posten Norge BA) til aksjeselskaper § 7.
Lov 13. desember 2002 nr. 84 om omdanning av Statens vegvesens produksjonsvirksomhet til statlig aksjeselskap § 4.
Lov 13. desember 2002 nr. 85 om omdanning av Luftfartsverket til aksjeselskap § 4.
Lov 17. desember 2004 nr. 90 om omdanning av Kystverkets produksjonsvirksomhet til statsaksjeselskap § 4.
Lov 7. januar 2005 nr. 5 om omdanning av Jernbaneverkets forretningsenhet BaneService til aksjeselskap § 4.
V
Ikrafttredings- og overgangsføresegner
1. Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.
2. Den som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft, held fram med å ha retten til ventelønn eller vartpengar etter dei reglane som gjeld ved endringa.
Den som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft, held fram med å ha retten til medrekning av tenestetid etter lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 20 første ledd bokstav f, slik den er formulert ved endringa.
Nærmare reglar om ventelønn og vartpengar kan fastsetjast av Kongen i forskrift.