1. Proposisjonens hovedinnhold
I proposisjonen fremmes forslag til endringer i lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) og i lov 31. mai 1918 nr. 4 om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer (avtaleloven) om konkurransebegrensende avtaler i arbeidsforhold.
Konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausuler regnes som konkurransebegrensende avtaler i arbeidsforhold. Det vises til proposisjonen der det er nærmere redegjort for de ulike typer klausuler.
I dag er det bare konkurranseklausuler som reguleres særskilt i lovgivningen.
Det vises til proposisjonens kapittel 2 der det er nærmere redegjort for bakgrunn for lovforslagene og kapittel 3 der det er gjort greie for gjeldende rett, herunder reguleringer i Danmark, Sverige og Finland.
Forslag om å regulere konkurransebegrensende avtaler i et nytt kapittel 14 A i arbeidsmiljøloven ble sendt på høring 18. juni 2010 med høringsfrist 1. november 2010. Her ble avtaleloven § 38 andre og tredje ledd foreslått opphevet. Et forslag om ny regulering av konkurransebegrensende avtaler var også på høring i 2008.
Det vises til proposisjonens kapitel 2.4 der det er gjort greie for høringen og de enkelte kapitlene i proposisjonen der høringsforslagene og høringsuttalelsene er nærmere beskrevet.
I proposisjonens kapittel 4 er det gjort greie for andre tilgrensede regler og reguleringer/avtaler som vil kunne begrense arbeidstakers adgang til å opptre i konkurranse med arbeidsgiver, herunder:
Markedsføringsloven
Straffeloven
Lojalitetsplikt
Taushetsplikt
Forholdet til konkurranseloven
EØS-rett
Karanteneregulering i staten
I proposisjonens kapittel 5 er det redegjort for departementets vurderinger når det gjelder plassering av de nye bestemmelsene i arbeidsmiljøloven.
Det foreslås å regulere de forskjellige konkurransebegrensende avtalene i et eget kapittel i arbeidsmiljøloven, nytt kapittel 14 A. Samtidig foreslås det at avtaleloven § 38 andre og tredje ledd oppheves.
Det foreslås at konkurranseklausuler bare skal være gyldige i den grad arbeidsgiver har et særlig behov for vern mot konkurranse når klausulen gjøres gjeldende. I tillegg foreslås det at følgende vilkår må være oppfylt for at en konkurranseklausul skal være gyldig: Den må inngås skriftlig, gi arbeidstaker krav på kompensasjon, ikke vare lenger enn ett år etter arbeidsforholdets opphør og arbeidsgiver må ha gitt arbeidstaker en redegjørelse for om og i hvilken grad en klausul gjøres gjeldende. Konkurranseklausuler kan ikke gjøres gjeldende ved oppsigelse fra arbeidsgiver, med mindre oppsigelsen er saklig begrunnet i arbeidstakers forhold. Slike klausuler kan heller ikke gjøres gjeldende dersom arbeidsgivers mislighold har gitt arbeidstaker rimelig grunn til å avslutte arbeidsforholdet. Videre foreslås det at arbeidsgiver som hovedregel kan si opp en konkurranseklausul mens arbeidsforholdet består.
En avtale om kundeklausul må inngås skriftlig, den kan ikke vare mer enn ett år og arbeidstaker har krav på skriftlig redegjørelse for om klausulen vil bli gjort gjeldende. En kundeklausul kan etter forslaget bare omfatte kunder som arbeidstaker har hatt kontakt med eller ansvar for det siste året før tidspunktet for redegjørelsen.
Det foreslås at virksomhetens øverste leder skal kunne unntas fra reglene om konkurranse- og kundeklausuler hvis vedkommende i en skriftlig avtale har sagt fra seg sine rettigheter mot avtale om etterlønn.
Det foreslås et forbud mot rekrutteringsklausuler som avtales mellom virksomheter, men med unntak for situasjoner der det forhandles om eller gjennomføres virksomhetsoverdragelse mellom to eller flere virksomheter. Det foreslås ikke å regulere avtaler om rekrutteringsklausuler mellom arbeidsgiver og arbeidstaker.
I forbindelse med komiteens behandling av proposisjonen ble det 12. mai 2015 avholdt høring i saken. Følgende deltok på høringen:
NHO
LO
Hovedorganisasjonen Virke
Akademikerne
Bedriftsforbundet
NITO – Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon
Komiteen sendte 21. mai 2015 ytterligere spørsmål til statsråden. Komiteens brev, samt statsrådens svarbrev av 15. september 2015 følger vedlagt innstillingen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Stefan Heggelund, leiaren Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen og Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, og frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til at det i fleire år har vore gjenstand for politisk vurdering i Arbeids- og sosialdepartementet kor vidt det er behov for ny – og betre – regulering av konkurranseavgrensande avtalar i arbeidstilhøve. Spørsmålet vart først vurdert av regjeringa Stoltenberg II, og seinare av regjeringa Solberg, som no har fremja ein lovproposisjon til Stortinget.
Kunde- og rekrutteringsklausular er privatrettslege avtalar utan anna regulering i lov enn moglegheita til etter ei konkret skjønnsmessig vurdering å gjere den generelle lempingsregelen i avtalelova § 36 gjeldande. Konkurranseklausular har hittil vore regulert gjennom avtalelova § 38. Særleg representantar for arbeidstakarsida har gjeve uttrykk for at arbeidstakar sitt vern er for svakt, og at det difor er behov for ei innstramming i, og tydeleggjering av regelverket. Komiteen er samd med regjeringa i at vilkåra i § 38 skapar ei lite føreseieleg rettsstilling for både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, og ønskjer eit framlegg til ny regulering velkomen.
Komiteen syner til at regjeringa gjer framlegg om å lovfeste avgrensingar i bruken av konkurranseklausular. Komiteen meiner det er behov for å avgrense og regulere bruken av desse.
Komiteen syner til at konkurranseavgrensande avtalar er avtalar som i sin natur påfører arbeidstakaren hindringar i høvet til fritt å kunne utnytte si arbeidskraft. Dette gjeld både arbeidstakar si moglegheit til å kunne akseptere jobbtilbod frå andre arbeidsgjevarar, og vedkomande si moglegheit til sjølv å kunne søke etter nye utfordringar og stillingar innafor sitt kompetanseområde. For somme arbeidstakarar kan slike avtalar, då særleg konkurranseklausular, difor verke som eit yrkesforbod. Dette er uheldig, ikkje berre for arbeidstakar, men òg frå ein samfunnsøkonomisk synsvinkel. Mobilitet i arbeidsmarknaden er eit viktig samfunnsøkonomisk omsyn, både når det gjeld konkurranse, innovasjon og å skape nye arbeidsplassar.
Komiteen har merka seg at i ein del bransjar er konkurranseklausular no ein del av standard arbeidsavtalar. Tekna opplyser om at 13 pst. av deira medlemmar har dette i sine kontraktar, noko som utgjer 4 600 personar. Econa opplyser om at dette gjeld 20 pst. av deira medlemmar, og dimed 2 000 tilsette. Vidare opplyser Econa om at 25 pst. av deira medlemmar som jobbar i privat næringsliv, har ein konkurranseklausul som ein del av arbeidskontrakten. Delen er høgast blant dei nytilsette. Komiteen syner til at NITO opplyser at 16,4 pst. av deira medlemmar i privat sektor, tilsvarande 5 500 personar, har konkurranseklausular i sine kontraktar, og at 20 pst. ikkje veit om dei har det. Desse opplysningane frå fagforeiningane fortel om ein aukande tendens. I tillegg kjem alle dei som ikkje veit om dei har slike klausular eller ikkje i kontrakten. Komiteen syner til at slike klausular i dag ikkje har nokon kostnad for arbeidsgjevar, berre for arbeidstakar, og kan dimed bidra til mindre innovasjon, nyetableringar og nye verksemder. Å etablere ei lønsplikt forankra i arbeidsmiljølova vil bidra til at verksemder i større grad enn i dag er kritiske til bruken av slike klausular. Komiteen er oppteken av at konkurranseklausular i arbeidsavtalar ikkje skal vere del av standard arbeidskontraktar, men vere basert på individuelle vurderingar.
Komiteen vil samstundes understreke at ved reguleringa av slike konkurranseavgrensande avtalar er det viktig å balansere omsynet til arbeidstakar, arbeidsgjevar og samfunnet. Arbeidsgjevar må ha moglegheit til å beskytte sin konkurransesituasjon. For lovgivar er det ei sentral oppgåve å finne balansen mellom desse omsyna.
Komiteen peikar på at det i liten grad finst statistikk eller anna materiale som gjev god oversikt over kor mange personar som er forplikta av konkurranseavgrensande avtalar. Det er uklart i kva omfang konkurranseklausular blir brukt, kor lange karanteneperiodar som er vanlege eller kva som er vanleg kompensasjon. Det er heller ikkje klart i kva omfang dagens regelverk skapar konfliktar og tvistar. Dimed er det per i dag vanskeleg å evaluere konsekvensane av lovendringane. Samstundes er ei skildring av dagens omfang av bruken av klausular heilt naudsynt for å kunne vurdere forslaga i sin heilskap.
Komiteen merker seg at den framlagde proposisjonen ikkje i stor nok grad baserer seg på statistikk, fakta og forsking.
Komiteen er difor nøgd med at Arbeids- og sosialdepartementet har lyst ut ein forskings-/utgreiingsavtale for perioden 2015–2016, for å kartlegge omfanget av konkurranseavgrensande avtalar i Noreg. Det overordna målet med ei slik utgreiing er å utarbeide ein nullpunktsanalyse. Dette vil vere eit verktøy til å evaluere lovendringane sin effekt. Ein slik analyse vil kunne bidra til å avklare i kva omfang konkurranseklausular blir nytta, kor lang karanteneperiode som er vanleg, spørsmålet om kompensasjon, og i kva grad regelverket skapar konfliktar og tvistar.
Komiteen viser til at ein i norsk arbeidsliv stort sett vender seg til arbeidsmiljølova for å identifisere rammene for verksemder sine høver til å regulere forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Komiteen støttar difor framlegget om å plassere reglar om konkurranseavgrensande avtalar i arbeidsmiljølova. Dette vil òg gjere reglane meir tilgjengelege. Samstundes ligg det til grunn for komiteen sitt standpunkt at arbeidstakar no blir sikra visse minimumsrettar gjennom at dei føreslegne reglane blir preseptoriske og skal tolkast i lys av arbeidsmiljølova sin føremålsparagraf.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet meiner det er ei svakheit med den framlagde proposisjonen at han i for liten grad baserer seg på statistikk, fakta og forsking. Dette er ei stor utfordring for Stortinget som lovgivande forsamling, då avgjerdsgrunnlaget for lovgjevar vert ufullstendig.
I tillegg må det kommenterast at etter desse medlemene sitt syn liknar den framlagde proposisjonen på eit hastverksarbeid der ein ikkje har greidd å balansere arbeidstakar sine rettar i karantene med arbeidsgjevar sitt rettmessige behov for å beskytte knowhow og forretningsløyndomar i ein konkurransesituasjon. Desse medlemene meiner regjeringa i langt større grad burde ha involvert partane i arbeidslivet i arbeidet med å finne dette balansepunktet.
Desse medlemene sitt primærstandpunkt er difor at proposisjonen burde blitt sendt tilbake for ytterlegare utgreiing, og betre samarbeid med partane i arbeidslivet. Når det i forhandlingane i Stortinget ikkje let seg gjere å finne fleirtal for eit slikt standpunkt, vel desse medlemene likevel å gå inn i realitetshandsaming av proposisjonen, med sikte på å finne eit minneleg balansepunkt mellom omsyna til arbeidstakar, arbeidsgjevar og samfunnet. Gjennom høyringa og i tett dialog med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane har saka blitt betre opplyst, og desse medlemene meiner partane slik har på ein førebiletleg måte bidrege til å informere og betre avgjerdsgrunnlaget til komiteen.