Innstilling frå justiskomiteen om endringar i jordskiftelova (reglar om saksbehandling mv.)

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i reglane om saksbehandling i den nye jordskiftelova av 21. juni 2013 nr. 100 som skal tre i kraft 1. januar 2016.

Forslaga inneber at saksbehandlingsreglane i §§ 6-21 første ledd og 6-23 fjerde ledd i ny jordskiftelov blir endra slik at dei avgjerdene som er «jordskifteavgjerder» etter § 6-23 fjerde ledd får ei behandling etter § 6-21 som er meir i tråd med dei tilsvarande reglane i gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd og § 20. § 6-21 første ledd blir endra slik at ikkje alle jordskifteavgjerder skal følgje framgangsmåten i paragrafen. Slik førebuing skal berre gjelde dei avgjerdene der det er tenleg for å sikre kvaliteten på avgjerdene. Dette gjer at saksbehandlinga kan bli meir effektiv og rasjonell enn den ville ha blitt etter ordlyden i den nye lova. I §§ 6-21 første ledd og 6-22 første ledd blir det også foreslått endringar for å få tydlegare fram at forslag til avgjerder som retten legg fram for partane, ikkje må ha ei grunngiving. I § 6-23 fjerde ledd blir det foreslått nokre endringar i redaksjon og ordlyd slik at det ligg til rette for ei enklare tilvising frå § 6-21 første ledd.

Vidare blir det foreslått å rette opp nokre feil i §§ 3-18, 3-37, 6-1, 7-7 og 9-7 nr. 7.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, leiaren Hadia Tajik og Lene Vågslid, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Charlotte Spunkeland og Anders B. Werp, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og frå Senterpartiet, Jenny Klinge, vil vise til Prop. 96 L (2014–2015) som inneheld endringar til reglane om sakbehandling i den nye jordskiftelova av 21. juni 2013 nr. 100. Komiteen viser til at den nye loven av 2013 skal tre i kraft 1. januar 2016.

Komiteen vil vise til at endringane inneber at saksbehandlingsreglane i §§ 6-21 første ledd og 6-23 fjerde ledd i ny jordskiftelov blir endra slik at dei avgjerdene som er «jordskifteavgjerder» etter § 6-23 fjerde ledd får ei behandling etter § 6-21, som er meir i tråd med dei tilsvarande reglane i tilsvarande jordskiftelov § 17 a andre ledd og § 20. § 6-21 første ledd blir endra slik at ikkje alle jordskifteavgjerder skal følgje same framgangsmåten i paragrafen.

Komiteen viser elles til omtale av endringane i proposisjonen og støttar dette.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i jordskiftelova (reglar om saksbehandling mv.)

I

I lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-18 skal lyde:

§ 3-18 Vern mot tap

Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene og ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett.

§ 3-37 andre ledd første punktum skal lyde:

Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2, 3-3 eller 3-18 ikkje var oppfylte.

§ 6-1 andre ledd skal lyde:

Desse delane, kapitla og paragrafane i tvisteloven gjeld slik det går fram av paragrafane i lova her, og elles så langt dei høver: Kapittel 2, 3 og 8, § 9-6 første og andre ledd, tredje ledd første og andre punktum og fjerde ledd, §§ 9-10 og 9-13 til 9-17, § 10-5 første og andre ledd, kapittel 11, § 12-1 første til tredje ledd, § 13-1 andre og tredje ledd, §§ 13-3 og 13-4, kapittel 13 II, kapittel 14, § 15-2 første ledd bokstav b, §§ 15-6 til 15-8, kapittel 16 I, II og III, § 16-18, kapittel 17, §§ 18-1 og 18-2, kapittel 19 og 20, femte del og sjette del.

§ 6-21 første ledd skal lyde:

Ved førebuing av ei jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd bokstav b), f) og h), skal retten utarbeide forslag som viser resultatet av jordskifteavgjerda, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

§ 6-22 første ledd skal lyde:

Dersom det ikkje er tvist mellom partane, skal jordskifteretten utarbeide forslag som viser resultatet av avgjerda om fastsetjing av grenser, eigedomsrett, rettar eller anna, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

§ 6-23 fjerde ledd skal lyde:

Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd om

a) vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, samt sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9

b) verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og andre jordskifteløysingar undervegs i saka som ikkje er nemnde annan stad i leddet her

c) merking og måling også når dette arbeidet er utsett til etter at saka er avslutta

d) skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten

e) reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid

f) fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30

g) sakskostnader etter § 7-6, og

h) den endelege jordskifteløysinga.

§ 7-7 første ledd skal lyde:

Jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til trekking av ei sak, avvising av ei sak når vilkåra for saka ikkje er oppfylte, eller for seine krav eller opplysningar på dei som har valda kostnadene.

I § 9-7 nr. 7 skal endringa i lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom § 7 andre ledd første punktum lyde:

I slike høve skal eigaren svara vederlag i jord, rettar eller pengar.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer.

Oslo, i justiskomiteen, den 10. november 2015

Hadia Tajik

Lene Vågslid

leiar

ordførar