1. Innleiing
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet for 2016 under dei kapitla og postane som er fordelte til komiteen under rammeområda 1, 6 og 18.
Komiteen har ved vedtak i Stortinget 13. oktober 2015 og 3. november 2015 fått tildelt kapittel under rammeområde 1 (Statsforvaltning), rammeområde 6 (Innvandring, regional utvikling og bustad) og rammeområde 18 (Rammeoverføringar til kommunesektoren mv.), jf. Innst. 1 S (2015–2016). Ved Stortingets vedtak 3. desember 2015 er netto utgiftsramme for rammeområde 1 fastsatt til kr 8 464 189 000 for rammeområde 6 fastsatt til kr 19 664 684 000 og for rammeområde 18 fastsatt til kr 167 134 068 000, jf. Innst. 2 S (2015–2016).
Komiteen viser til at i samsvar med Stortingets forretningsorden § 43 femte ledd skal berre dei forslaga som summerer seg til ramma for rammeområda 1, 6 og 18, og som er vedteken ved handsaminga av Innst. 2 S (2015–2016), bli tatt opp til votering ved handsaminga av denne innstillinga.
Open høyring blei heldt 19. og 20. oktober 2015. Følgjande organisasjonar deltok: KS, Nordnorsk råd, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fagforbundet, Fellesorganisasjonen (FO), UNIO, Utdanningsforbundet, NHO, ABELIA NHO, Sjømat Norge, Leieboerforeningen, Pensjonistforbundet, Norsk Leirskoleforening, PRESS, Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO), Norges Handikapforbund, FFO, Personskadeforbundet LTN, Unge Funksjonshemmede, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Norges forskningsråd, Bokhandlerforeningen, Norsk Friluftsliv, Foreningen for innovasjonsselskaper i Norge, Frivillighet Norge, Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund, IKT-Norge, Norges Blindeforbund, Norsk Varmepumpeforening, Norsk Arkivråd, Naturvernforbundet, ZERO, Byggenæringens Landsforening, Boligprodusentenes forening, NBBL, Norsk Teknologi, Selvaag realkapital AS, SABIMA, Norsk Forening Mot Støy, Norsk Folkehjelp, NOAS, Redd Barna, Norske kvinners sanitetsforening. OMOD, MIRA, Caritas Norge, Norges Idrettsforbund, SAMORA, Grenseløs Kjærlighet, Norske Kveners Forbund og Sametinget.