Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Noreg opplever no noko auka arbeidsløyse. Det er dels ei følgje av lågare oljepris. Samtidig er det monaleg usikkerheit om den økonomiske utviklinga. Det er ønskjeleg å gjere det enklare for verksemdene å tilpasse arbeidstokken til behovet ved å lempe noko på dei kostnadene dei har ved permitteringar, slik at dei kan halde på naudsynt kompetanse ved mellombels marknadssvikt, og dermed planleggje arbeidskraftbehovet betre. I proposisjonen foreslåas det å redusere arbeidsgivarperioden etter lov om lønnsplikt under permittering (permitteringslønnsloven) § 3 (1) første leddet tredje punktum, frå 20 til 10 dagar. Det er då tatt omsyn til at partane i arbeidslivet også har peikt på nye utfordringar og behov for lempingar i permitteringsregelverket. Det leggjas til grunn at endringa blir gjort gjeldande frå og med 1. juli 2015.

Forslaget i revidert nasjonalbudsjett for 2015 om å auke perioden arbeidsgivarar er fritekne for lønnsplikt under permittering frå 26 til 30 veker i løpet av ein periode på 18 månader, med tilsvarande rett til dagpengar under permittering, blir fremja i ei eiga forskrift.

I proposisjonens kapitel 2 er det gjort nærare greie for bakgrunn for forslaget, gjeldande rett, samt departementet sine vurderingar.

Som følgje av at arbeidsgivarperioden blir kortare, vil dei permitterte få rett til dagpengar under permittering frå eit tidlegare tidspunkt enn etter gjeldande reglar. Det vil medføre ein auke av dagpengeutbetalingane for 2015 med om lag 85 mill. kroner. Den samla effekten i 2016 er anslått til 185 mill. kroner.