4. Jernbaneformål
Utgreiinga av ein framtidig jernbane mellom Sandvika og Hønefoss, Ringeriksbanen, og koplingane mot planane om ny E16 på same strekning er sist omtalt i Prop. 1 S (2014–2015).
I Innst. 450 S (2012–2013) om Nasjonal transportplan 2014–2023 uttalte eit fleirtal i Stortinget at det ikkje var behov for ei ny konseptvalutgreiing for Ringeriksbanen, men bad m.a. om at Jernbaneverket fekk eit utgreiingsoppdrag der det blir vurdert utbyggingsalternativ med dobbeltspor og høgare hastigheitsstandard enn det som tidlegare har vore utgreidd. Samferdselsdepartementet bad på denne bakgrunn Jernbaneverket, saman med Statens vegvesen, om å gå igjennom og supplere føreliggjande utgreiingar før det blir teke stilling til oppstart av planlegging etter plan- og bygningslova. Det tverretatlege arbeidet har samanheng med dei tette koplingane ei ny jernbanelinje til Hønefoss vil ha mot planane for ny E16 på same strekning. Etatane tilrår m.a. ein meir eller mindre felles trasé for både veg og jernbane frå Kroksund til Hønefoss.
Stortinget har behandla Ringeriksbanen fleire gonger. I samband med Innst. S. nr. 67 (2002–2003), jf. St.prp. nr. 66 (2001–2002), gjorde Stortinget vedtak om trasé for banen. Det blei vedteke at den vidare planlegginga av nedkortinga av Bergensbanen (Ringeriksbanen) tek utgangspunkt i korridoren over Åsa. Ringeriksbanen er eit svært stort prosjekt, og tilrådingane frå dei to etatane blir derfor no kvalitetssikra eksternt. Kvalitetssikringa er venta å vere ferdig i juni 2015. Deretter tek regjeringa sikte på å behandle saka.
Samferdselsdepartementet meiner at planlegginga av Ringeriksbanen ikkje bør vere avhengig av tidlegare stortingsvedtak om traséval, og foreslår derfor at dette blir oppheva. Det er normalt regjeringa som tek stilling til overordna traséval for ulike veg- og banestrekningar. For å få gjennomført ein raskast mogleg planprosess i tråd med nemnde innstillingar frå Stortinget, vil det vere tenleg om regjeringa, slik det er vanleg i denne typen saker, tek endeleg stilling til trasévalet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake med ei orientering i budsjettproposisjonen for 2016.
Jernbaneverket tok i 2014 over driftsansvaret for godsterminalar med tilhøyrande jernbaneinfrastruktur som tidlegare var drifta av CargoNet/RailCombi, jf. Prop. 93 S (2013–2014) og Prop. 1 S (2014–2015) for Samferdselsdepartementet. Det blei samtidig vedteke at Jernbaneverket skulle setje ut sjølve terminaldrifta på konkurranse.
Jernbaneverket har oppretta ei eiga eining som skal ha ansvaret for forvaltninga av godsterminalane. Jernbaneverket har m.a. teke over ansvaret for innpasseringskontrollen på Brattøra og Alnabru godsterminal og eigarskapen til dei fastmonterte lastekranene på Alnabru. Jernbaneverket har berekna utgiftene til aktivitetane omtala i proposisjonen til 62 mill. kr i 2015. Utgiftene blir dekt innanfor gjeldande løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald.
Komiteen syner til at Ringeriksbanen er eit viktig prosjekt for å korte reisetida på Bergensbanen og for å knytte Hønefoss-regionen nærare Oslo-området. Komiteen syner vidare til at Ringeriksbanen har vore på planleggingsstadiet i svært mange år, og at Stortinget har handsama saka mange gonger, slik det vert gjort greie for i proposisjonen.
Komiteen syner vidare til at ein samla komité i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2013–2014), jf. Innst. 13 S (2013–2014), la til grunn at Ringeriksbanen skulle vere del av InterCity-utbygginga, og at planlegging skulle leggje til grunn at prosjektet kunne startast opp ved rulleringa av neste Nasjonal transportplan.
Komiteen syner til at Samferdselsdepartementet i januar 2014 bad Jernbaneverket og Statens vegvesen samordne prosjektorganisasjonane sine, og vurdere å planleggje E16 Skaret–Hønefoss og Ringeriksbanen som eit felles prosjekt, og at dei utgreiingane som har kome etter det har vore gjennomført felles mellom etatane.
Komiteen er positiv til dei grep Samferdselsdepartementet har teke for å utgreie ei samordna utbygging av E16 og Ringeriksbanen i eitt prosjekt, og for å sjå på moglegheitene for å korte ned planleggingstida og bidra til ei raskare realisering av dette viktige prosjektet.
Komiteen syner til at Jernbaneverket og Statens vegvesen i november 2014 gjorde framlegg om å leggje bort Åsa-linja, for å gjere det vidare utgreiingsarbeidet enklare.
Komiteen har merka seg at Jernbaneverket og Statens vegvesen i ei av sine utgreiingar har synleggjort at planleggingstida kan halverast samanlikna med vanleg prosess, ved å ta i bruk statleg plan, redusere talet på alternativ som vert utgreia og nytte seg av dei moglegheitene til raskare planlegging som finst i plan- og bygningsloven. Komiteen syner til at dette er i tråd med ambisjonane i Meld. St. 24 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023.
Komiteen meiner det er gjort gode grep så langt i prosessen, og ser fram til at Samferdselsdepartementet kjem tilbake til Stortinget med nærare orientering i budsjettproposisjonen for 2016.
Komiteen sluttar seg til Samferdselsdepartementet sitt framlegg om å oppheve Stortingets tidlegare vedtak om traséval for Ringeriksbanen, og at endeleg traséval for Ringeriksbanen skal fattast av regjeringa, slik som er vanleg i denne type saker.
Komiteen syner til forslaget i proposisjonen der det mellom anna heiter:
«…. at regjeringa tek stilling til val av trasé før ei eventuell formell planlegging av Ringeriksbanen blir starta opp.»
Komiteen har merka seg at bruken av nemninga «eventuell» i forslaget har ført til ei viss uro omkring framdrifta for planlegging av Ringeriksbanen, noko som komiteen forstår ikkje har vore tilsikta med framlegget frå regjeringa, jf. også svar frå statsråden på spørsmål frå komiteen.
Komiteen fremjar difor følgjande forslag:
«Stortinget samtykkjer i at vedtaket om vidare planlegging av Ringeriksbanen som tek utgangspunkt i korridoren over Åsa, blir oppheva, og at regjeringa tek stilling til val av trasé før formell planlegging av Ringeriksbanen blir starta opp.»
Medlemmet i komiteen fra Senterpartiet forventer at det settes inn tilstrekkelig med ressurser for å få byggestart på Ringeriksbanen i 2018, og at valg av trasé ivaretar hensynet til jordvern og bevaring av kulturlandskapet.
Komiteen har merka seg at Jernbaneverket har gjort fleire grep for å effektivisere godsterminalane og bidra til at meir gods vert flytta over på bane, i tråd med Stortingets intensjonar.
Komiteen har ingen ytterlegare merknader og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine vurderingar.