3. Vegformål
Innkrevjinga av bompengar for å finansiere utbygginga av Svinesundsforbindelsen tok til sommaren 2005. Det er innkrevjing både på den nye og gamle brua. Det var lagt opp til ein innkrevjingsperiode på maksimalt 20 år. Dei siste prognosane tyder på at anlegget kan vere nedbetalt på 15–16 år, dvs. rundt 2021.
Innkrevjingsutstyret er no 10 år. Delar av det er slitt og har ikkje no den nødvendige kvaliteten for å oppretthalde ei effektiv innkrevjing. Vesentlege delar av det tekniske utstyret må derfor skiftast ut.
Sverige og Noreg er no samde om å automatisere innkrevja av bompengar på Svinesund. Etter automatiseringa vil alle bomstasjonane for Svinesundsforbindelsen stå på norsk side. Bompengeinnkrevjinga på Svinesund vil likevel vere eit norsk-svensk innkrevjingsopplegg. Innkrevjinga av bompengar på Svinesundsforbindelsen er regulert gjennom avtalar mellom den svenske og norske regjeringa. Endringa i innkrevjingsopplegget gjer at avtalane må endrast.
Ved behandlinga av Prop. 143 S (2012–2013) Utviding og finansiering av Bergensprogrammet med tredje etappe av Bybanen m.m. slutta Stortinget seg til eit opplegg for utviding av Bergensprogrammet, jf. Innst. 324 S (2012–2013). Utvidinga gir rom for å gjennomføre tredje etappe av Bybanen frå Rådal til Flesland, byggje verkstad/depot for Bybanen og auke satsinga på tiltak innanfor programområda. For å finansiere utvidinga blei bompengetakstane auka, og den maksimale rabatten redusert. Tredje etappe vil venteleg bli opna for trafikk i 2016.
Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune la i 2009 fram utgreiinga «Framtidig bybanenett i Bergensområdet». Det blei her tilrådd å forlengje Bybanen nordover til Åsane etter at utbygginga til Flesland er gjennomført, og deretter forlengje Bybanen vestover frå sentrum til Fyllingsdalen.
I 2012 blei det vedteke eit planprogram som grunnlag for vidare planlegging av Bybanen mellom sentrum og Åsane. Traseen går gjennom den historiske delen av Bergen, m.a. Bryggen, med mange kulturminne. Det har vore store utfordringar i planlegginga, og det kan ta noko tid før godkjent reguleringsplan ligg føre.
Byrådet fatta i møte 27. november 2014 vedtak om å starte arbeidet med å utarbeide reguleringsplanar for traseen til Fyllingsdalen og å sende planprogrammet på høyring. Hordaland fylkeskommune uttalte seg til planprogrammet i møte i fylkesutvalet 29. januar 2015. Heile strekninga frå sentrum til Fyllingsdalen er på 8,5–10 km, avhengig av traséval. Førebels er det lagt til grunn at kostnadene ved prosjekteringa vil bli i storleiken 200 mill. kr.
Økonomien i Bergensprogrammet har utvikla seg gunstigare enn lagt til grunn i Prop. 143 S (2012–2013). Samferdselsdepartementet går inn for at det kan nyttast bompengar til å prosjektere fjerde etappe av Bybanen frå sentrum til Fyllingsdalen. Departementet viser til at det blei nytta bompengar ved førebuinga til anleggsstart på andre og tredje etappe av Bybanen, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009), St.prp. nr. 72 (2008–2009) og Prop. 113 S (2011–2012). Førebuingane av fjerde etappe av Bybanen er føresett finansiert innanfor det vedtekne opplegget, utan endringar i takstar eller innkrevjingstid.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til finansieringa av fjerde etappe av Bybanen når tilstrekkelege avklaringar ligg føre.
Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 13 S (2014–2015).
Oppgraderinga av området rundt Vøringsfossen vert gjennomført som eit spleiselag der Eidfjord kommune, Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet går inn med eit samla tilskot på 50 mill. kr. Den totale kostnaden for prosjektet er rekna til om lag 200 mill. kr.
Etter budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre i samband med statsbudsjettet for 2015 blei løyvinga til Nasjonale turistvegar redusert (kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar). Det er derfor ikkje løyvd statlege midlar til å oppgradere området rundt Vøringsfossen i 2015. Men det er løyvd til saman 28 mill. kr i lokale tilskot til prosjektet. Dette gjer at Statens vegvesen likevel kan starte arbeidet med å løfte kvaliteten på dette viktige reiselivsikonet i 2015.
Skjeggestad bru på E18 ved Holmestrand i Vestfold fekk alvorlege skader etter grunnbrot som følgje av eit kvikkleireskred 8. februar 2015. E18 blei stengd, og omkøyringsvegar blei etablerte. Rivinga av sørgåande bru er i sluttfasen. Målingar viser at nokre av fundamenta på nordgåande bru må utbetrast før det kan gå trafikk på brua att. Det blir arbeidd med sikte på at dette kan skje før sommaren 2015.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til vidare prosess for prosjektet.
I arbeidet med Transportreforma har Samferdselsdepartementet vurdert organiseringa av Vegtilsynet. Vegtilsynet er i dag organisert som ein del av Statens vegvesen i ei eiga eining direkte under vegdirektøren.
Departementet ønskjer å gjere Vegtilsynet meir uavhengig ved å etablere det som eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet.
Vegtilsynet har no ansvar for å føre tilsyn med Statens vegvesens verksemd knytt til riksveginfrastrukturen. I arbeidet med å skilje ut Vegtilsynet frå Statens vegvesen vil det bli drøfta om det vil vere føremålstenleg å gi tilsynet fleire oppgåver. Regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med dette spørsmålet.
Komiteen er tilfreds med at Samferdselsdepartementet no går inn for å automatisere bompengeinnkrevjinga på Svinesundforbindelsen.
Komiteen syner til at denne avgjerda er teken etter ei heilskapleg kostnadsvurdering, og har merka seg at Samferdsledepartementet ser gevinstane som større enn kostnadene, trass i at ein aldri kan vere sikker på at alle som passerer, betaler.
Komiteen har merka seg at etter denne effektiviseringa vil alle bomstasjonane stå på norsk side av grensa, og er tilfreds med at det medfører ytterlegare effektiviseringar i form av enklare regnskapsmessige høve.
Komiteen syner til at omtalen gjeld bruk av bompengar frå Bergensprogrammet til prosjektering av fjerde etappe av Bybanen i Bergen.
Komiteen har merka seg at økonomien i Bergensprogrammet har utvikla seg gunstigare enn det som opphavleg var føresett, som følgje av lågare lånerenter.
Komiteen syner til at vidare utbygging av Bybanen er eit viktig prosjekt for å auke kollektivandelen i Bergen, og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine vurderingar.
Komiteen syner til at nasjonale turistvegar er viktige prosjekt for Noreg som turistdestinasjon for naturglade menneske frå heile verda. Komiteen syner til at tiltaka som vert utført i samband med nasjonale turistvegar skapar auka tryggleik og betra oppleving for dei som vitjar vegane.
Komiteen syner til at lokale tilskot gjer det mogleg å gjennomføre første etappe av dette prosjektet allereie i år, og sluttar seg til Samferdselsdepartementet sine vurderingar.
Komiteen syner til at E18 har vore stengt sidan sørgåande felt på Skjeggestad bru kollapsa 8. februar 2015, og at trafikken har vorte leia inn på omkøyringsvegar som i liten grad har hatt kapasitet til å ta unna den trafikkmengda som gjekk på E18 før.
Komiteen ser det som positivt at trafikken snart kan opnast i begge retningar på nordgåande bru.
Komiteen meiner det er naudsynt å vurdere nøye om avbøtande tiltak bør utførast på omkøyringsvegane om det tek lang tid å opne nordgåande bru.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, meiner Vegtilsynet har ei viktig rolle, og har hatt ei positiv utvikling sidan opprettinga i 2012.
Fleirtalet syner til at Vegtilsynet i dag er direkte underlagt Vegdirektøren, men har merka seg at Samferdselsdepartementet ynskjer å gjere det meir uavhengig frå Statens vegvesen i dag.
Fleirtalet syner vidare til at Vegtilsynet vil kunne få ei større rolle gjennom opprettinga av eit vegselskap, jf. Meld. St. 25 (2014–2015).
Fleirtalet sluttar seg til intensjonen om å gjere Vegtilsynet uavhengig og skilje det frå Statens vegvesen, og ser fram til at Samferdselsdepartementet kjem tilbake til saka i meir detaljert form.