Forslag fra mindretall
Forslag fra Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa arbeide for ein internasjonal bindande avtale som forbyr atomvåpen.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa fremme ei erklæring, eller eit løfte, tilsvarande det løftet Austerrike gav etter den internasjonale konferansen i Wien i desember 2014 om å arbeide for å stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen, også kalla «The Austrian Pledge».
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa ta initiativ til og delta i ei kjernegruppe av land som kan arbeide for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.