Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Virksomheten til Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i fondet er regulert gjennom eit overordna mandat som er fastsett av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av SPN mellom anna gjennom kvartalsvise møte.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtalt i Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2014, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet forvalta i 2014 også Statens obligasjonsfond, men dette fondet vart avvikla i løpet av året, jf. omtale i Nasjonalbudsjettet 2015.

Folketrygdfondet har for 2014 utarbeidd ein årsrapport om forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond, jf. ovanfor. I tillegg har Folketrygdfondet utarbeidd kvartalsrapportar om SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 21 (2014–2015).

I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg inngått ei avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.

Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 27. mars 2015.

Ein viser til meldinga for nærmare omtale.

Komiteen viser til at departementet har igangsatt et arbeid for å vurdere om det bør åpnes for at deler av Folketrygdfondet/SPN skal kunne investeres i unotert eiendom og infrastruktur, og at fondet har lagt frem vurderinger der dette anbefales. Komiteen viser til at slike investeringer kan bidra til en bedre balanse mellom avkastning og risiko i SPN, og at også norske livselskaper og pensjonskasser vil kunne få glede av at markedet for slike investeringer i Norge styrkes. Komiteen mener det er viktig at det arbeides videre med denne problemstillingen, og at arbeidet må sees i sammenheng med vurderingen av tilsvarende unoterte investeringer i SPU. Komiteen vil for øvrig vise til de respektive merknader i Innst. 290 (2014–2015), jf. Meld. St. 21 (2014–2015).