Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Internasjonale avtaler

Handelsavtalene som Noreg er ein del av, er meinte å bidra til auka verdiskaping ved å redusere handelsbarrierane i dei landa vi forhandlar med. Frihandelsavtaler er med på å sikre at norske eksportbedrifter innanfor finansnæringa har marknadstilgjenge og konkurransedyktige vilkår i utlandet. Vidare kan frihandelsavtaler gje auka stabilitet for føretak og kundar ved at marknadstilhøva internasjonalt vert meir føreseielege. Fri handel og frie kapitalrørsler kan også gje auka konkurranse frå utanlandske tenesteleverandørar og på den måten bidra til auka konkurranse om tenester i Noreg. Det kan gjeve gevinstar til konsumentane gjennom lågare prisar og større utval av godar.

Regulering og tilsyn med finansmarknadene er naudsynt for å sikre finansiell stabilitet og fungerande finansmarknader. Regulering av finansmarknadene har i takt med globaliseringa og den stadig friare rørsla av kapital i aukande grad vorte ei internasjonal sak. Størstedelen av reguleringa av finansmarknadsområdet i Noreg byggjer no på EØS-avtala, der vedlegget om finansielle tenester er eitt av dei mest omfattande. Gjennom EØS-avtala har Noreg bunde seg til å respektere felles reglar for økonomisk verksemd, medrekna prinsippa om fri rørsle for varer, personar, tenester og kapital mellom alle land som er partar i avtala. Avtala slår mellom anna fast at det i EØS-området ikkje skal vere restriksjonar på etableringshøve, tenesteytingar eller overføring av kapital. Eit viktig prinsipp i EØS-avtala er at heile EØS-området er ein felles marknad. I tråd med dette prinsippet inneber EØS-regelverket at tenesteleverandørar med løyve til å yte ei teneste i eitt land normalt skal ha høve til å yte tenesta i andre land i EØS-området.

Noreg står friare til å regulere tenesteleverandørar som kjem frå land utanfor EØS enn leverandørar frå land i EØS. Men dei folkerettslege avtalene som Noreg har inngått, set også visse rammer for handlefridommen til å regulere tenesteleverandørar frå tredjeland. To slike avtaler er OECD sine kapital- og liberaliseringskodar og WTO sin generalavtale om handel med tenester. I tillegg har Noreg gjennom EFTA inngått ei rekkje frihandelsavtaler. Alle desse avtalene byggjer på grunnleggjande prinsipp om marknadstilgjenge og om at medlemslanda ikkje skal forskjellsbehandle på grunnlag av nasjonalitet. Dei internasjonale skyldnadene våre inneber at det i hovudsak ikkje kan nyttast nasjonale verkemiddel som diskriminerer mellom utanlandske og nasjonale aktørar (tenesteleverandørar, investorar, låntakarar med fleire) eller mellom utanlandske aktørar frå ulike land.

Ein vesentleg forskjell på EØS-avtala og dei andre avtalene Noreg har inngått, er at EØS-avtala er supplert med regelverksharmonisering og gjensidig anerkjenning av tilsyn, løyve og regelverk. Desse tillegga vert bindande etter kvart som direktiva og forordningane vert tekne inn i EØS-avtala. Det inneber at det vil vere forskjellig regulering av tenesteleverandørar frå andre EØS-statar, som kan drive verksemd sidan dei har løyve i heimstaten, og tenesteleverandørar frå tredjeland, som må ha norsk løyve. Men også overfor føretak frå tredjeland set dei internasjonale avtalene Noreg har inngått, medrekna OECD sin kapitalkode og GATS-avtala, grenser for kva krav Noreg kan stille, og kva restriksjonar Noreg kan innføre. I det følgjande gjev vi ei nærare omtale av desse internasjonale avtalene og korleis dei set rammer for finansmarknadsreguleringa.

Ein viser til meldinga for nærmare omtale.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Venstre, tar omtalen til orientering.

Komiteens medlem fra Venstre viser til at Venstre en rekke ganger har tatt opp regjeringens lett uforståelige kamp mot EU når det gjelder å implementere EU-forordningen om kapitalkrav når det gjelder utlån til små og mellomstore bedrifter, populært kalt SMB-rabatten. Konsekvensen av regjeringens politikk er at norske småbedrifter blir pålagt dyrere lån enn det som er nødvendig, og at Norge kaster vekk ressurser og goodwill som burde vært brukt til det motsatte, nemlig bedre rammevilkår for norsk næringsliv.

Dette medlem viser til at Finans-Norge under høringen om finansmarknadsmeldinga understreket at særnorsk implementering innebærer at norske myndigheter ikke utnytter det nasjonale handlingsrommet på samme måte som omverdenen gjør. Særnorske regler rammer ikke filialer av utenlandske banker med virksomhet i Norge, og skjevreguleringen innebærer at lik risiko ikke blir regulert likt i det norske markedet.

Dette medlem fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen om snarest å implementere EU-forordningen om kapitalkrav når det gjelder utlån til små og mellomstore bedrifter.»