10. Virksomheten til Det internasjonale valutafondet (IMF)
Det internasjonale valutafondet (IMF) blei oppretta i 1945 og har i dag 188 medlemsland. IMF skal fremje samarbeidet om det internasjonale monetære systemet, styrkje den finansielle stabiliteten og støtte opp under den internasjonale handelen. IMF skal også arbeide for høg sysselsetjing, berekraftig økonomisk vekst og redusert fattigdom verda rundt. Dei tre hovudoppgåvene til IMF er:
å overvake økonomien i medlemslanda for å førebyggje økonomiske ubalansar og kriser
å gi teknisk assistanse til medlemslanda
å gi lån til medlemsland som har problem med betalingsbalansen.
IMF samarbeider med andre internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, dei regionale utviklingsbankane og Verdas handelsorganisasjon (WTO). IMF deltek også i G20 sitt arbeid med å stabilisere og styrkje verdsøkonomien.
IMF har stått sentralt i arbeidet med å dempe dei økonomiske skadeverknadene av den verdsomspennande finanskrisa og den statsfinansielle krisa i Europa. I tillegg til å gi lån har IMF brukt den omfattande ekspertisen organisasjonen har på krisehandtering, til å lage analysar og gi råd.
Dette kapittelet tek føre seg verksemda til IMF med vekt på det siste halvanna året.
Ein viser til meldinga for nærmare omtale.
Komiteen tar omtalen til orientering.