Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)
Dette dokument
- Innst. 286 L (2014–2015)
- Kildedok: Prop. 106 L (2014–2015)
- Dato: 26.05.2015
- Utgiver: familie- og kulturkomiteen
- Sidetall: 11
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.2 Bakgrunnen for lovforslaget
- 1.3 Definisjon av omgrepet «dokument»
- 1.4 Avlevering og bruk av digitalt grunnlagsmateriale
- 1.5 Talet på avleveringseksemplar
- 1.6 Innsamling av nettdokument
- 1.7 Avgrensingar i lagringsretten, klausulering og sletting av digitalt materiale i nettarkivet
- 1.8 Tilgang til nettarkivet
- 1.9 Informasjonsplikt og retten til tilsvar
- 1.10 Kringkasting
- 1.11 Språkbanken
- 1.12 Økonomiske og administrative konsekvensar
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument.
Pliktavlevering er eit lovpålagt krav til alle utgivarar, trykkjeri, produsentar og importørar av dokument om å levere frå seg eksemplar av alt materiale som er gjort tilgjengeleg for allmenta, til Nasjonalbiblioteket til bevaring og bruk som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Formålet med revisjonen er å klargjere plikta til å avlevere allment tilgjengelege dokument utan omsyn til kva medium dokumenta er gjorde tilgjengelege i. Både fysisk og digitalt materiale er avleveringspliktig og skal behandlast likt, så langt det er formålstenleg. Det er viktig at dei same vilkåra og prinsippa blir lagde til grunn for avlevering, automatisert innsamling (hausting) og bevaring av alle medietypar.
I dag digitaliserer Nasjonalbiblioteket store delar av samlinga av sikrings- og konserveringsomsyn. Dette vil kunne gjerast meir kostnadseffektivt dersom Nasjonalbiblioteket kan få levert det digitale grunnlagsmaterialet saman med utgivingsformatet. Departementet foreslår derfor å påleggje utgivaren å levere frå seg det digitale grunnlagsdokumentet saman med utgivingsformatet. Departementet understrekar samtidig at bruken av dette materialet skal regulerast i forskrift, og at bruken skal vere innanfor dei rammene som blir sette av internasjonale konvensjonar. Dette er behandla nærare i kapittel 4 av meldinga.
Departementet foreslår også ein heimel som gir Nasjonalbiblioteket rett til automatisert innsamling (hausting) av digitale, internettbaserte dokument. Sidan ein slik innsamlingsrett kan reise særlege utfordringar for personvernet, er trygginga av personvernet behandla særskilt. Omsyn til kulturvernet tilseier at det er viktig å ta vare på mest mogleg materiale. Samtidig er det eit viktig personvernprinsipp at kvar enkelt har rett til kontroll over eigne personopplysningar. Det har derfor vore viktig å sikre personvernet gjennom å foreslå ein særskild heimel for bevaring. Av personvernomsyn er det også foreslått strengare reglar for tilgang til nettarkivet enn dei som gjeld for anna pliktavlevert materiale. Forslaget sikrar at bevaringa av informasjonen blir gjord med så få inngrep i personvernet til kvar enkelt som mogleg. Dette er behandla nærare i kapitla 6, 7 og 8 i meldinga.
Det er særlege utfordringar knytte til personvernet for barn i samband med den auka aktiviteten deira på Internett. Ein bør derfor ta ekstra omsyn til personvernet for barn når ein samlar inn materiale frå nettsider. Inngrepet i personvernet til den enkelte blir mindre dersom høvet til klausulering og sletting blir utvida. Dette er behandla nærare i kapittel 7 i meldinga.
Endringsforslaget inneber:
Det blir slått fast at både fysiske og digitale dokument skal avleverast. Utgivar eller produsent blir pålagd å avlevere det digitale grunnlagsmaterialet for dokumentet, i tillegg til utgivingsmediet.
Nasjonalbiblioteket får heimel til å gjere ei automatisk innsamling (hauste) av norsk materiale som er gjort allment tilgjengeleg på Internett.
Desse tiltaka er foreslått for å sikre personvernomsyn ved innsamling av nettdokument:
Nasjonalbiblioteket skal informere om innsamling av nettmateriale både før og under sjølve innsamlinga.
Passordverna sider som ikkje er allment tilgjengelege, skal ikkje avleverast.
Informasjon på passordverna sider som er allment tilgjengelege ved at alle kan få tilgang til dei gjennom registrering eller betaling, skal avleverast i den grad dei ville vore omfatta av avleveringsplikta om dei vert gitte ut i anna format.
Det blir gitt avgrensa tilgang til dei delane av nettarkivet som vil kunne innehalde personsensitivt materiale.
Den personopplysningane gjeld, vil kunne be Nasjonalbiblioteket om å søkje etter eigne personlege opplysningar, for så å kunne søkje Nasjonalbiblioteket om å få merknad hefta til dokumentet, eller om at opplysningane blir klausulerte eller i nokre tilfelle sletta.
Informasjon som er lagd ut av privatpersonar under 18 år, eller som omhandlar personar under verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne, kan ein krevje klausulert og i somme tilfelle sletta.
Personopplysningar som det aldri har vore meininga å gjere tilgjengelege for allmenta, eller som er lagde ut av tredjemann og ikkje er gjorde alminneleg kjende av den personopplysningane gjeld, kan ein krevje klausulerte eller sletta.
Ein person som har gjort allment tilgjengeleg personopplysningar om seg sjølv, kan krevje at personopplysningane blir klausulerte eller sletta dersom det vil medføre ei vesentleg ulempe at informasjonen blir oppbevart til forskingsformål.
Departementet foreslår at det skal opprettast ei særskild nemnd som skal behandle avslag på søknad om klausulering eller sletting.
Definisjonen av omgrepet dokument blir foreslått endra slik at han blir tilsvarande som for dokumentomgrepet i mellom anna arkivlov, forvaltningslov og offentleglov.
Departementet foreslår å fjerne konsesjonskravet som vilkår for pliktavlevering av kringkasting.
Pliktavleveringslova har ikkje vore revidert sidan ho tok til å gjelde 1. juli 1990. Den digitale utviklinga dei siste tjuefem åra har reist fleire problemstillingar som har skapt eit behov for oppdatering av lov og forskrift.
Den teknologiske utviklinga inneber at det for innsamling av nettdokument er eit særskilt behov for å vurdere nærare forholdet mellom personvernomsyn og kulturvernomsyn.
I dag skjer publisering og formidling i aukande grad i digital form. Mange aktivitetar er flytta til Internett, og mange nye har oppstått.
Ei pliktavlevering som også omfattar innsamling og avlevering av digitalt materiale, er nødvendig for å kunne dokumentere samtida og samfunnsutviklinga vår.
Departementet ser det som viktig at det ikkje oppstår tolkingstvil som kan føre til at dokument fell utanfor avleveringsplikta. Sjølv om definisjonen av omgrepet har halde seg godt og medverka til klarare avgrensingar av avleveringsplikta i tvilstilfelle, er det viktig at eit slikt sentralt omgrep er definert på same måten i alle regelverk der det er meint å bety det same.
Ei justering av definisjonen sikrar heilskap i omgrepsbruken i lovverket og sikrar at ein unngår at små ulikskapar i ordlyden i forskjellige lover kan føre til uønskt forskjellsbehandling.
Departementet foreslår at definisjonen av dokument i pliktavleveringslova § 3 første ledd andre strekpunkt blir endra slik at han får same ordlyd som definisjonen av dokument i forvaltningslova.
Det aller meste av det materialet som blir gjort tilgjengeleg for allmenta i dag, vil ha eit digitalt grunnlagsmateriale, sjølv om utgivinga skjer i ei fysisk form.
Det vil vere formålstenleg og samfunnsøkonomisk effektivt at Nasjonalbiblioteket får avlevert det digitale grunnlagsdokumentet i tillegg til det fysiske mediet dokumentet blir gjort tilgjengeleg i, framfor å måtte digitalisere avlevert materiale etterpå. Eit slikt krav vil representere ei utviding av gjeldande avleveringsplikt for utgivar eller produsent og krev derfor heimel i lov.
I høyringsnotatet blei det foreslått å endre § 4 i lova slik at ho opnar for at digitalt grunnlagsmateriale kan krevjast avlevert saman med utgivingsformatet.
Dei aller fleste høyringsinstansane var positive til dette forslaget.
Gjeldande praksis for fysiske dokument inneber at det pliktavleverte materialet blir gjort tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon ved Nasjonalbiblioteket og universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.
Departementet legg til grunn at omgrepet «forsking» i pliktavleveringslova korresponderer med det same omgrepet i forvaltningslova § 13 d, der forsking svarer til studium på masternivå under rettleiing av kompetent rettleiar. Denne føresegna inneber at forvaltninga kan gi innsyn i materiale underlagt teieplikt for forskingsformål. Arkivverket nyttar den same forskingsdefinisjonen ved vurdering av om forskarar skal få tilgang til avlevert arkivmateriale som er underlagt teieplikt.
Tilvisinga til dokumentasjonsformål i formålsparagrafen betyr at det avleverte materialet også skal kunne brukast til meir enn forskingsprosjekt ved universitet og høgskular. Studentar skal til dømes kunne bruke kjelder frå Nasjonalbibliotekets samlingar når dei skriv oppgåver eller førebur seg til eksamen. Dokumentasjonsformål omfattar også bruk av kjeldemateriale i til dømes utgreiingsarbeid, slektsforsking og bygdebokskriving. Det same vil gjelde journalistar og forfattarar som søkjer etter bakgrunnsstoff til prosjekta sine.
Omgrepet «dokumentasjonsformål» i pliktavleveringslova § 1 omfattar også tilgang basert på behov for å identifisere dokument frå rettshavaren sjølv eller innhaldet i enkeltdokument ved mistanke om plagiat eller forskingsfusk.
Det er nødvendig å finne ein god balanse mellom at pliktavlevert materiale skal fungere som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon, og at pliktavleveringa er eit inngrep i eineretten til opphavsmannen. Rettshavarorganisasjonane er positive til den sida av pliktavleveringa som er knytt til konservering, men er skeptiske til å utvide bruken for mykje. I høyringsrunden har det kome fleire kritiske merknader til forslaget om tilgjengeleggjering av det digitale grunnlagsmaterialet, som er foreslått regulert i forskrift.
Ei godt fungerande pliktavleveringsordning er avhengig av eit godt samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og opphavsmennene. Departementet understrekar at bruk av pliktavlevert materiale skal liggje innanfor ramma av dei konvensjonsforpliktingane Noreg har i samband med opphavsretten. I samsvar med Bernkonvensjonen må avgrensingar i eineretten til opphavsmannen berre gjelde i spesielle og avgrensa tilfelle, ikkje skade den normale utnyttinga av verket og ikkje på urimeleg måte setje til side dei legitime interessene til opphavsmannen. Etter åndsverklova må ikkje avgrensingsreglane i bibliotek mv. innebere ein «nevneverdig økonomisk konkurranse med opphavsmennene», og regulering av bruken av pliktavlevert materiale må ta omsyn til dette. Dei nærare reglane for bruken av det pliktavleverte materialet vil bli gitt i forskrift, som vil bli gjenstand for eiga høyring.
Departementet meiner det er viktig å heimle retten til å kunne krevje avlevert det digitale grunnlagsmaterialet. Dette er viktig av bevaringsomsyn og ikkje spesielt kontroversielt. Departementet foreslår derfor ei endring i § 4 første ledd som pålegg utgivaren å avlevere digital fil i tillegg til den forma som dokumentet blir gjort allment tilgjengeleg i. Departementet foreslår at bruken av det avleverte materialet blir regulert i forskrift heimla i åndsverklova. Utarbeidinga av forskriftene vil skje i dialog med opphavsrettsorganisasjonane og representantar for brukarinteressene og vil vere gjenstand for ny høyring.
Departementet meiner at høyringsrunden ikkje har gitt eit klart nok svar på om det er formålstenleg å gå ned frå sju til fem avleveringseksemplar. Nasjonalbibliotekets innspel om at det vil vere ressurskrevjande å opne for vidarefordeling av det pliktavleverte materialet etter bestilling frå dei enkelte universitets- og høgskulebiblioteka, taler for å ikkje gå inn på ei slik ordning inntil vidare.
Departementet foreslår å endre gjeldande ordning slik at sju avleveringseksemplar blir eit maksimum, jf. § 4 første ledd første punktum. Det blir da opp til Nasjonalbiblioteket å avgjere kor mange eksemplar det er behov for å avlevere innanfor denne maksimumsgrensa.
Departementet foreslår vidare å fjerne spesifikasjonen av konkrete medium i strekpunkta i § 4 og erstatte dette med ei presisering av at avleveringsplikta omfattar både digitale og fysiske dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta. Ei endring der det ikkje blir opplyst om typar medium i lova, vil bidra til å understreke at lova er medieuavhengig, og opnar for betre kostnadseffektivitet, både for produsentar/utgivarar og Nasjonalbiblioteket. Nærare føresegner knytte til talet på eksemplar av dei ulike media vil bli fastsette i forskrift. Også kven som skal få eksemplar, reglar for bruken av det digitale materialet og korleis dei avleverte eksemplara skal forvaltast, vil måtte regulerast i forskrift med heimel i denne lova og åndsverklova.
Ved innsamling og bevaring av digitale dokument frå Internett må det takast stilling til korleis personvernomsyn skal sikrast. For fysiske, allment tilgjengelege dokument, som i dei aller fleste tilfelle har ein ansvarleg utgivar, vil spørsmål om personvern som hovudregel bli sikra som ein del av utgivingsprosessen. Tilsvarande vil gjelde for nettsider med ein ansvarleg redaktør. Dei fleste av nettdokumenta, slik som nettaviser, firmasider og sider som høyrer til offentlege organ, vil stort sett innehalde dokument med informasjon som ikkje reiser særlege spørsmål knytte til personvernet. Digitale dokument som blir lasta direkte ned frå nettet, vil derimot kunne utløyse personvernutfordringar.
Det er avgjerande at det blir etablert gode og tilstrekkelege tiltak for å sikre personvernet ved innsamling av nettmateriale. Det aller meste av nettmaterialet er personvernmessig heilt uproblematisk å samle inn og arkivere, men det er likevel viktig å etablere strenge reglar for tilgang til og god tryggleik for det som er samla inn. Det er også nødvendig å leggje inn tilstrekkelege tryggingsmekanismar som gjer at ein kan avgrense tilgangen til eller ta ut informasjonen av nettarkivet som er blitt gjord tilgjengeleg for eit allment publikum ved ein feil.
Sjølv om det finst ein behandlingsheimel for innsamling av nettdokument i personopplysningslova, meiner departementet at innsamlinga av allment tilgjengelege nettsider til bruk for forsking og dokumentasjon bør heimlast i pliktavleveringslova, på lik linje med at behandling av personopplysningar for arkiv- og statistikkformål er regulert i eigne lover. Dette er også i tråd med det som er uttalt både av Personvernkommisjonen og Personvernnemnda.
I høyringsrunden har det blitt peikt på at ein del av dei ytringane som vil vere allment tilgjengelege på Internett, vil ha ein annan og meir privat karakter enn fysiske dokument som blir samla inn og tekne vare på i dag. Departementet legg til grunn at det vil vere rett å halde på kravet om at allment tilgjengelege dokument skal bevarast, også der det er snakk om innsamling av nettsider. Dette gjeld trass i at mengda av ytringar som er tilgjengelege for offentlegheita, har auka monaleg etter at Internett blei allemannseige.
Frå eit bevarings- og dokumentasjonsperspektiv vil det utvida dokumenttilfanget ha stor verdi. Mykje av det som tidlegare blei avlevert som privatarkiv til Nasjonalbiblioteket og Arkivverket i form av privatbrev, dagbøker og anna, er no dokument publiserte gjennom digitale medium, særleg i form av bloggar, tekstar i sosiale medium og på Twitter. Dette er ein konsekvens av at det i dag er mange fleire som skriv mykje meir enn det tidlegare generasjonar med tilsvarande sosial, kulturell eller språkleg bakgrunn gjorde. At ein kan få publisert meiningane sine i ein offentleg kanal utan redaksjonell siling, har ført til ei demokratisering av den offentlege meiningsutvekslinga.
Vurderinga av kva som er nødvendig å samle inn og lagre for ettertida, skjer til dels allereie ved at det er bestemt at det berre er informasjon som faktisk er tilgjengeleg for allmenta, som skal samlast inn. Det er grunnleggjande for oppbygginga av eit truverdig forskingsrelatert kjeldemateriale at valet av kva som vil kunne vere interessant, ikkje blir gjort før innsamlinga. Kartlegging av materialet på Internett viser dessutan at det vil vere vanskeleg å gjere gode selektive utval av bevaringsverdig materiale på førehand. Internettets raske utvikling og endring gjer det vanskeleg å lage gode kategoriar som kan fange opp fenomen som kan oppstå både i nær framtid og i eit lengre tidsperspektiv. Dette prinsippet for innsamling er også lagt til grunn i Danmark og Finland.
Samlinga hos Nasjonalbiblioteket skal så langt det er råd fungere som ei usensurert og fullstendig samling av alt materiale som er gjort allment tilgjengeleg for allmenta, og som er relevant for norske forhold. Ein føresetnad for å kunne praktisere ein informert ytringsfridom er at ein kan få tilgang til alt relevant materiale, og ein føresetnad for å kunne få tilgang til alt relevant materiale i usensurert versjon er at det faktisk er lagra hos eit sikkert og uhilda organ.
Frå eit kulturarvperspektiv bør det visast stor varsemd med å opne for å reservere eller slette materiale som faktisk er gjort tilgjengeleg for allmenta. For store inngrep i nettarkivet vil svekkje integriteten og vil dermed også kunne svekkje truverdet til forskinga på lengre sikt.
Frå eit personvernperspektiv kan ein likevel ikkje sjå bort frå at det i særskilde tilfelle vil kunne oppstå situasjonar der det vil vere eit behov for klausulering eller sletting av enkelte dokument i nettarkivet. Departementet meiner at det bør vere mogleg i heilt spesielle tilfelle å opne for dette, til dømes i dei tilfella der det vil vere ei særleg belastning for den som opplysningane gjeld, om dei blir verande i nettarkivet og gjorde tilgjengelege for forskings- og dokumentasjonsformål.
Etter gjeldande pliktavleveringslov ligg det føre ei plikt til å avlevere «vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv». Dette inneber også ei plikt til å avlevere norsk digitalt materiale som er gjort allment tilgjengeleg gjennom bruk av elektronisk kommunikasjon via elektronisk kommunikasjonsnett, slik dette er definert i e-komlova § 1-5. Dette vil mellom anna omfatte kringkasting og dokument som er publiserte på Internett.
Å måtte avlevere nettdokument er ei løysing som er upraktisk både for dei avleveringspliktige og for Nasjonalbiblioteket som mottaksinstitusjon. Forslaget frå departementet inneber ein klarare heimel for og forenkling av avleveringsplikta ved at Nasjonalbiblioteket får rett til å samle inn opne nettsider. Samtidig blir den generelle avleveringsplikta for allment tilgjengelege digitale dokument ført vidare på lik linje med fysiske dokument.
Bevarings-, dokumentasjons- og forskingsomsyn taler for at målet må vere ei brei innsamling av nettdokument. Både Personvernkommisjonen og Personvernnemnda argumenterer for at det bør gjerast ei avgrensing av det materialet som skal haustast inn og lagrast frå Internett. Utgangspunktet deira er at ein før innsamlinga skal vurdere kor nødvendig det er å behandle personopplysningar.
Departementet meiner personvernet kan sikrast i tilstrekkeleg grad både gjennom informasjon om kva som skal samlast inn, om kva som er avgrensingane for tilgangen til det som er samla inn, og gjennom i visse tilfelle å opne for å kunne klausulere eller i nokre tilfelle slette informasjon etter innsamling.
Nasjonalbiblioteket kan også inngå innsamlingsavtalar med forskjellige aktørar basert på andre vilkår. Dette vil mellom anna bety at Nasjonalbiblioteket i dialog med utgivaren kan vurdere om det er mest praktisk med innsamling eller avlevering av digitale dokument. Dette vil vere relevant til dømes ved innsamling av betalingsbaserte sider som fell innanfor verkeområdet til lova ved at dei er allment tilgjengelege.
Fleire høyringsinstansar meiner at nettsider med slik søkjemotorimmunisering bør sjåast som tilgangsavgrensa, og at det bør krevjast samtykke forut for innsamling. Det blir argumentert for ei avgrensing av pliktavlevering for slike sider fordi dei ikkje kan reknast som allment tilgjengelege når ein ikkje kan søkje etter dei med emneord i kjende søkjetenester.
Departementet deler ikkje oppfatninga om at denne typen sider ikkje er allment tilgjengelege.
Departementet meiner det er viktig at også nettsider med søkjemotorimmunisering blir hausta inn. Utgangspunktet er at denne typen dokument er allment tilgjengelege. Søkjemotorimmunisering reduserer ikkje tilgangen til nettsidene dersom ein har adressa, men gjer at søkjemotorar ikkje listar sidene ved stikkordbaserte søk. At ei side bruker robots.txt, betyr altså ikkje det same som at ho er tilgangsavgrensa.
Departementet legg til grunn at sider med søkjemotorimmunisering bør vere avleveringspliktige. Departementet meiner at dersom nokon vil sikre seg mot at eigne nettsider blir hausta inn og lagra, må dei leggja inn ei tilgangsavgrensing slik at sidene berre blir tilgjengelege for ein slutta krins. Dette kan til dømes gjerast ved hjelp av passord. For å sikre personvernet må det etablerast gode tiltak og rutinar i samband med innsamling og lagring. Tilstrekkeleg informasjon om at nettsider med søkjemotorimmunisering vil bli hausta og lagra, både før og under sjølve lagringa, er ein føresetnad. Departementet legg også opp til at det skal vere høve til å krevje at innsamla materiale på nærare vilkår skal kunne klausulerast eller slettast.
I motsetnad til robots.txt er passordvern ei faktisk tilgangsavgrensing. Som fleire høyringsinstansar har peikt på, vil innsamling av slike sider kunne vere utfordrande for personvernet.
For å kome høyringsinstansane i møte og syte for betre sikring av personvernet har departementet kome til at passordverna sider som hovudregel ikkje skal samlast inn. Unntatt frå denne hovudregelen vil vere informasjon frå passordverna sider som ville blitt vurdert som allment tilgjengelege og dermed omfatta av avleveringsplikta dersom innhaldet hadde vore utgitt på papir.
Nasjonalbiblioteket vil i samarbeid med eigar av sida måtte gjere ei vurdering av kva for informasjon som vil vere å rekne som allment tilgjengeleg.
Datatilsynet har tilrådd bruk av anonymisering av persondata. Anonymisering betyr at ein fjernar informasjon som kan brukast for å identifisere ein enkeltperson. Ei slik anonymisering vil vere problematisk i eit kulturarvperspektiv. Anonymisering inneber mellom anna eit inngrep i og sensurering av innsamla informasjon, som igjen vil føre til at han taper seg i verdi eller mister verdien som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. Anonymisering av nettsider vil vere både kostnadskrevjande og lite praktisk. Departementet tilrår derfor at personvernet blir sikra på andre måtar enn gjennom anonymisering.
«The chilling effect» er eit argument som blir brukt for å avgrense tilgangen til brei innsamling og lagring av nettsider. Teorien går ut på at informasjonsinnsamling og lagring av nettsider med ytringar av privat karakter vil kunne avgrense ytringsfridommen fordi det kan føre til at kommunikasjonen blir hemja. Ein går ut frå at enkeltpersonar vil vere varsame i ytringane sine på nett i frykt for at synspunkta deira blir lasta ned og lagra for ettertida.
Departementet viser igjen til at det berre er allment tilgjengeleg informasjon som skal samlast inn, og at det innsamla materialet berre skal nyttast til forsking og dokumentasjon, med klare reglar for kven som kan få tilgang. Det innsamla materialet skal ikkje brukast til etterretning. Departementet meiner det er lite truleg at innsamling frå Internett for å bevare den digitale kulturarven vil ha kjølande effekt på ytringsmangfaldet.
Departementet foreslår ein ny § 4 a som heimlar å samle inn norsk materiale som er gjort allment tilgjengeleg via nettet. Nettsider med robots.txt vil som utgangspunkt vere å rekne som allment tilgjengelege og derfor avleveringspliktige etter pliktavleveringslova. For passordverna sider vil det vere nødvendig med ein dialog med sideeigaren for å avklare om sida er omfatta eller ikkje.
Departementet foreslår ikkje endring i gjeldande lovtekst når det gjeld avgrensinga av kva norsk digitalt materiale på Internett omfattar. Utgangspunktet både for fysiske og digitale dokument er pliktavleveringslova § 4, jf. § 3: dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta i Noreg. Dokument som er laga i utlandet, skal avleverast dersom dei er laga for ein norsk utgivar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg.
Arkivering av Internett vil vere eit augneblinksbilete av korleis nettsidene såg ut på dette tidspunktet. Arkiveringa kan gi ei oversikt over breidda av tilgjengeleg informasjon, eller ho kan gå i djupna for å dokumentere innhaldet på ei side. Ei tredelt innsamling av Internett vil samla sett sikre eit godt utval av digitale dokument for ettertida. Dette vil omfatte:
tverrsnittsinnsamling: heile .no og norsk materiale frå andre domene blir hausta med jamne mellomrom
selektiv innsamling: Utvalde nettsider blir hausta med kortare intervall, som aviser og offentlege sider som regjeringa.no og stortinget.no
hendingsinnsamling: Utvalde sider blir lasta ned med kortare intervall i samband med større nasjonale hendingar
Denne kombinasjonen svarer til den vanlegaste løysinga for innsamling av nettdokument i andre land. Dette vil gi ei automatisert arkivering av breidda og djupna av alt innhald og dessutan sikre arkivering av innhald som ein reknar med har bevaringsverdi.
Nasjonalbiblioteket må dessutan etablere gode informasjonstiltak som både syter for informasjon om korleis ein kan avgrense tilgangen til kvar enkelt nettside og informasjon om at innsamling av ei nettside har skjedd, og kva ein eventuelt kan gjere dersom ein meiner denne innsamlinga er i strid med lova.
Det vil framleis vere mogleg å sikre seg mot at eigne ytringar blir hausta inn og lagra. Ved å sikre sidene med passord kan ein halde ytringane innanfor ein slutta krins slik at dei ikkje blir avleveringspliktige.
Det skal gjerast ei konkret vurdering ved innsamling av passordverna sider som likevel blir rekna som allment tilgjengelege. Det er berre passordverna sider som klart hadde vore rekna som allment tilgjengelege om dei var utgitte i eit anna format, til dømes på papir, som skal avleverast. Til dømes vil passordverna medlemssider for fagforeiningar vere å sjå på som allment tilgjengelege, men ikkje alt innhaldet ville vore omfatta av avleveringsplikta om informasjonen vart utgitt i eit anna format. Innhaldet på medlemssidene til ei fagforeining vil kunne vere sensitivt, da medlemskap i fagforeiningar er definert som sensitive personopplysningar, jf. personopplysningslova § 2 nr. 8. Personopplysningar frå passordverna sider som ikkje er allment kjende, skal ikkje samlast inn. Dette er ei innstramming i forhold til vilkåret i høyringsnotatet om at det berre var sensitive personopplysningar som ikkje skulle samlast inn.
Det kan vere ei utfordring å sameine prinsippet i personvernet om eigedomsrett til eigne personopplysningar med prinsippet i pliktavleveringa om mogleg kjeldeverdi i framtida. Departementet held fast ved at det ikkje kan vere slik at det er opp til kvar enkelt å bestemme kva allment tilgjengelege nettdokument som skal vere kjelde for forsking og dokumentasjon i framtida. Lovgivaren må derfor avvege det kulturhistoriske perspektivet mot behovet for eit tilstrekkeleg personvern.
I høyringsrunden er det uttrykt uro for at staten sit på personopplysningar som kan brukast i andre samanhengar enn det dei var meinte for. Sidan det som ligg i nettarkivet, er informasjon som i utgangspunktet har vore tilgjengeleg for allmenta, kan ikkje departementet sjå at faren for myndigheitsmisbruk av dette materialet skal vere spesielt stort. Det er heller ikkje slik at kven som helst av framtidige arbeidsgivarar eller andre som ønskjer å undersøkje kva enkeltpersonar har lagt ut om seg sjølve på eit eller anna tidspunkt, skal ha tilgang til dette arkivet. For å få tilgang til arkivet må den som ønskjer tilgang, vise at det faktisk skal brukast til forsking eller dokumentasjon,og tilgang til uredigerte sider som inneheld personsensitive opplysningar, vil vere tilgjengelege for forsking berre i lokala til Nasjonalbiblioteket.
For å kunne sikre personvernomsyn på ein god måte er utfordringa å avklare gråsona mellom det som blir rekna som allment tilgjengeleg, og det som blir rekna som privat i det digitale rommet. Døme på nettsider som kan vere i gråsona, er sosiale medium, nettsamfunn, brukarstyrte fora og private bloggar. Vilkåra i lova er at det berre er dei sidene som er opne for allmenta, som skal kunne samlast inn. I dette ligg det at dersom ein blogg er passordverna eller ei facebookside er reservert for godkjende venner, skal dei heller ikkje samlast inn.
For dei meir private sidene innanfor sosiale medium som ikkje er passordverna, men der innhaldet klart er meint berre å skulle gjerast kjent for ein lukka krets, foreslår departementet å opne for at Nasjonalbiblioteket, etter søknad, gjer ei konkret vurdering av om heile eller delar av sida bør klausulerast eller i yttarste konsekvens slettast. Behandlinga vil skje på særlege vilkår. Slike sider kan vere av kulturhistorisk interesse og bør derfor i ein del tilfelle kunne bevarast, men terskelen for å klausulere slike sider ved førespurnad frå den som har oppretta dei, bør vere relativt låg. Det blir også lagt opp til at det skal vere høve til å knyte eit tilsvar, motinnlegg eller ein merknad til konkrete nettdokument.
Nettarkivet vil bestå av allment tilgjengeleg materiale frå Internett. Utstrekt sletting og redigering av slikt materiale vil kunne innebere ei uriktig attgiving av historia og vere ei form for historieforfalsking. Utgangspunktet er at nettarkivet skal gi eit bilete av det norske internettet slik det var på innsamlingstidspunktet, som dokumentasjon av norsk kultur- og samfunnsliv. Det vil utgjere eit eineståande kjeldemateriale for forskinga. Truverdet til forskinga er avhengig av at det ikkje blir redigert i kjeldene, og det er avgjerande at det ikkje skjer inngrep i arkivintegriteten.
Departementet erkjenner at det kan vere problematisk at det blir lagra informasjon som den registrerte verken har ønskt å leggje ut eller har gjort allment tilgjengeleg sjølv. Departementet foreslår derfor at vilkåret for å kunne krevje informasjon klausulert eller sletta ikkje blir knytt opp mot at det dreier seg om sensitive personopplysningar, men at det er personopplysningar på private nettsider som ikkje er allment kjende.
Når det skal gjerast ei vurdering av om personopplysningane er allment kjende, må det vurderast om materialet faktisk har hatt eit avgrensa publikum. I den samanheng er det mellom anna relevant kor mange treff sida har hatt, og om sideeigaren har prøvd å setje i verk tiltak for å avgrense tilgangen til sida. Det kan også tenkjast situasjonar der det er klart at personopplysningane aldri skulle vore gjorde allment tilgjengelege. Slike situasjonar kan til dømes oppstå på bakgrunn av tekniske eller menneskelege feil.
Også der personar sjølv har lagt ut informasjonen på nett vel vitande om at informasjonen vil vere tilgjengeleg for allmenta, vil det i særskilde tilfelle kunne oppfattast så belastande at informasjonen blir verande tilgjengeleg, at det bør vurderast om personopplysningane skal klausulerast eller slettast frå det nasjonale minnet.
Det kan tenkjast situasjonar der myndige personar har tilgjengeleggjort personsensitiv informasjon om seg sjølv på private nettsider, bloggar eller andre sosiale medium, men at dei i ettertid oppfattar dette å vere til vesentleg ulempe for seg sjølve. Departementet erkjenner at det er behov for ei løysing som opnar for at privatpersonar i særskilde tilfelle kan søkje om at personopplysningar i dokument dei sjølve har gjort allment tilgjengeleg, skal klausulerast eller slettast frå nettarkivet. Opplysningane kan ha blitt publiserte på nett på eit tidspunkt da ein ikkje var i stand til å sjå konsekvensane av publiseringa, til dømes ved sjukdom, eller det kan vere at ein i ettertid opplever at ytringane har blitt ei stor belastning. Departementet meiner at når ein vurderer kva som skal reknast som vesentleg ulempe, bør det leggjast vekt på synspunkta til den registrerte. Dette inneber ikkje at ein kan krevje å få alle opplysningar om seg sjølv klausulerte eller sletta, men at vedkomande må vise til kva personopplysningar og ytringar i konkrete enkeltdokument det gjeld. Behovet den enkelte har for klausulering eller sletting skal også vegast opp mot interessa samfunnet har for at nettsida blir bevart for ettertida.
Barn har eit særleg behov for personvern. I dag er mange barn og unge aktive på Internett og publiserer store mengder informasjon om seg sjølve og andre på private heimesider, bloggar og i sosiale medium. Det finst mange døme på at barn har lagt ut bilete og opplysningar som dei seinare har angra på, og som har fått konsekvensar barnet ikkje kunne skjønne på førehand. Departementet foreslår at informasjon som ikkje er allment kjend, og som gjeld barn under 18 år og andre personar som ikkje er myndige, blir klausulert eller sletta på førespurnad.
Personvernkommisjonens rapport peiker på at ein må vurdere om mottakaren av materialet har ei plikt til å anonymisere identifiserbare opplysningar når formålet med bruk av opplysningar er oppfylt. Dette er eit lovkrav i dag, jf. personopplysningslova § 28. Det kan stillast spørsmål ved om det kulturhistoriske formålet kan seiast å vere oppfylt. Det er grunn til å gå ut frå at dokumenta vil kunne miste den kulturhistoriske verdien ved at informasjonen blir anonymisert, og at formålet med behandlinga er å ta vare på heile dokumentet nettopp av kulturhistoriske årsaker.
Pliktavlevert materiale som grunnlag for forsking og dokumentasjon vil ikkje i tilstrekkeleg grad kunne oppfylle formålet sitt med anonymiserte data. Det pliktavleverte materialet skal mellom anna danne ei samling av det norske forfattarar, skribentar, fotografar og filmskaparar har gjort tilgjengeleg for allmenta, uavhengig av format. For at det skal vere mogleg å nytte nettarkivet som kjelde til forsking og dokumentasjon, er det avgjerande at dei som skal ha tilgang til arkivet, kan søkje på personopplysningar, så som namnet på forfattaren eller informasjon om omtalte personar. Dei ideelle rettane til opphavsmennene tilseier også at namnet på forfattar eller fotograf blir knytt til det verket dei har skapt. Ein biograf som leiter opp informasjon om livet til den biograferte i nettaviser, elektroniske tidsskrifter, omtalar på bloggar eller andre digitale dokument, er avhengig av at arkivet er så fullstendig som mogleg, og at ein også kan identifisere ytringar frå den biograferte frå fortida, før vedkomande blei kjend. Eit anonymisert nettarkiv vil ikkje kunne oppfylle formålsparagrafen i pliktavleveringslova.
Når det gjeld nettdokument som er ulovlege etter anna lovgiving, meiner departementet at dei kan delast i to kategoriar:
Dokument som etter straffelova er ulovlege å sitje på, meiner departementet bør bli sletta frå nettarkivet med det same Nasjonalbiblioteket oppdagar dei. Dette vil til dømes gjelde barnepornografi etter straffelova § 204 a.
Dokument som inneheld informasjon som er lagd ut på Internett i strid med opphavsrettslege eller personvernrettslege føresegner og er hausta inn i nettarkivet, kan i staden klausulerast etter avtale med opphavsmannen eller den informasjonen gjeld med det same Nasjonalbiblioteket blir merksam på dokumentet. Dokumenta bør klausulerast i minimum 15 år. Ein slik praksis korresponderer med gjeldande føresegn i pliktavleveringslova § 7, som slår fast at også inndregne dokument skal avleverast, men klausulerast. I nokre tilfelle kan ein også vurdere å slette materialet.
Departementet foreslår ein heimel som opnar for klausulering eller i somme tilfelle sletting av sider som ikkje er underlagde redaktøransvar etter mediefridomslova § 3. Det som kan krevjast klausulert eller sletta, er materiale som ikkje har vore meint for allmenta, utvilsamt feilaktig utlagt materiale og materiale om tredjeperson som denne ikkje har gjort kjent for allmenta. I tillegg kan det i særskilde tilfelle opnast for klausulering eller sletting av materiale som ein person sjølv har gjort allment tilgjengeleg, dersom det vil vere til særleg ulempe for vedkomande at opplysningane blir bevarte i nettarkivet og gjorde tilgjengelege for forskingsformål. Departementet foreslår i tillegg at krav om klausulering eller sletting alltid skal oppfyllast der opplysningane gjeld barn under 18 år eller personar under verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne.
For dei tilfella der Nasjonalbiblioteket avslår ein søknad om klausulering eller sletting, vil Kulturdepartementet nemne opp ei eiga nemnd til å avgjere klagar på avslag.
Klausulering inneber at informasjonen ikkje skal takast ut av nettarkivet, men at han blir tilgangsavgrensa på ein slik måte at det i eit nærare spesifisert tidsrom ikkje blir gitt tilgang til materialet sjølv om nokon skulle søkje om det. I utgangspunktet bør klausulering på bakgrunn av personvernomsyn gjelde i 60 år, som svarer til den alminnelege teieplikta etter forvaltningslova. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med ein lengre klausuleringsperiode, til dømes at materialet ikkje skal gjerast tilgjengeleg før etter at den som er omtalt, er død. I nokre typar saker er det fastsett teieplikt ut over 60 år, til dømes barnevernssaker (80 år) og adopsjonssaker (100 år). Departementet meiner elles at det i kvart enkelt tilfelle bør gjerast ei konkret vurdering av om det er særskilt behov for ei lengre klausulering enn 60 år.
Personar som meiner at det ligg informasjon om dei sjølve i nettarkivet som er ulovleg lagd ut etter anna lovgiving, kan ta kontakt med Nasjonalbiblioteket og be om at denne informasjonen blir klausulert og i spesielle tilfelle sletta. Departementet foreslår at dokumenta i slike tilfelle blir klausulerte i minst 15 år.
Departementet foreslår ein ny § 4 b som skal regulere behandling av personopplysningar i nettarkivet. Krypterte dokument skal ikkje lagrast i nettarkivet. Dette er ikkje dokument som er å rekne som allment tilgjengelege.
Avgrensing av tilgangen til nettarkivet er både ein nødvendig og god måte å sikre personvernet på. At det er få av høyringsinstansane som uttrykkeleg har uttalt seg om dette, oppfattar departementet som eit godt grunnlag for å byggje på forslaget i høyringsnotatet.
For å imøtekome dei høyringsinstansane som har uttrykt bekymring for personvernet ved innsamling og bevaring av nettdokument, foreslår departementet å avgrense tilgangen ikkje berre til sensitive personopplysningar, men også til personopplysningar som ikkje er allment kjende. På bakgrunn av dette foreslår departementet å gi tilgang til nettarkivet i samsvar med ei inndeling av materialet i 4 kategoriar.
Materiale i kategori 1 vil vere ope tilgjengeleg på nettstaden til Nasjonalbiblioteket. Dette vil kunne omfatte digitale dokument frå nettsider frå offentlege institusjonar og sider der Nasjonalbiblioteket har gjort avtale med sideeigarar om allmenn tilgang.
Kategori 2 vil innehalde dokument med ein ansvarleg redaktør for innhaldet, slik at dei personvernrelaterte problemstillingane vil vere minimale. Denne kategorien vil ein kunne gjere tilgjengeleg på eigne terminalar ved universitets- og høgskulebibliotek.
Kategori 3 i nettarkivet vil omfatte nettsider som ikkje er underlagde eit redaktøransvar, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende. Dette vil kunne vere heimesider eller bloggar som inneheld informasjon som ikkje er enkelt tilgjengeleg gjennom andre kanalar, slik som økonomiske forhold og familiære forhold i tillegg til sensitive personopplysningar som ikkje er allment kjende. Denne delen av nettarkivet vil bli gjort tilgjengeleg berre for forskarar i lokala til Nasjonalbiblioteket, på særskilde terminalar. Tilgang til denne delen av nettarkivet kan ein berre få etter søknad.
Kategori 4 vil kunne innehalde digitale dokument som inneheld dokument med sensitive personopplysningar som kan klausulerast for ein periode. Dette vil vere nettdokument som kan innehalde personopplysningar som i dag blir rekna som sensitive, men som i eit tidsperspektiv har såpass høg bevaringsverdi at dei ikkje bør slettast frå arkivet. I Arkivverket gjer ein dei same vurderingane for arkivmateriale. Klausulert materiale skal gjerast tilgjengeleg berre etter avtale med den som har kravd klausuleringa.
Digitale dokument, det vil seie dokument som er gjorde tilgjengelege digitalt, som e-bøker, digitale aviser og filmar, vil bli gjorde tilgjengelege på tilsvarande måte som fysiske dokument, det vil seie ved pliktavleveringsinstitusjonane. Dette er Nasjonalbiblioteket og universitets- og høgskulebibliotek.
Nasjonalbiblioteket vil ha høve til å gjere digitale dokument frå Internett tilgjengelege for allmenta på nettsidene sine etter samtykke frå den som er ansvarleg for nettstaden. Dette vil først og fremst vere offisielle nettsider som høyrer til offentlege institusjonar, som til dømes regjeringa.no og stortinget.no. På same måten kan det omfatte nettsider som Nasjonalbiblioteket er bedne om å sikre, som pandemi.no, som var Helsedirektoratets informasjonssider om pandemien i 2009.
Departementet foreslår ei eiga føresegn om tilgang til materiale i det digitale nettarkivet. Bruk av pliktavlevert materiale som er opphavsrettsleg verna, skal regulerast nærare i åndsverklovgivinga.
Det er viktig at Nasjonalbiblioteket informerer om at opne, allment tilgjengelege nettsider blir samla inn og lagra for ettertida. Det må dessutan informerast om at dersom ein ikkje ønskjer at ei side skal lagrast i nettarkivet fordi ho ikkje er meint for allmenta, må ein sjølv syte for å avgrense tilgangen til ho. I praksis vil det som oftast innebere ei eller anna form for passordvern.
Både av omsyn til personvernet og ytringsfridommen vil det vere tenleg at Nasjonalbiblioteket etablerer ei ordning der merknader eller tilsvar kan knytast til innhald som finst i nettarkivet. Det er teknisk mogleg å knyte ein kommentar til ei gitt nettside, som kan identifiserast ved ein URL-kode.
Departementet held fast ved forslaget om å fjerne konsesjonskravet som vilkår for avleveringsplikt. Ei fjerning av konsesjonskravet vil bety at kringkastarar som sender frå Noreg, vil bli omfatta av pliktavleveringa. Fjerning av konsesjonskravet vil også føre til at Nasjonalbiblioteket vil kunne krevje avlevering av sendingar særskilt retta mot Noreg frå utlandet. Dette vil til dømes omfatte TV3 og TVNorges tilleggskanalar. Dette vil innebere at TV-distributørane vil bli pålagde avleveringsplikt til dømes for TV3s sendingar, sidan det er TV-distributørane som gjer sendingane tilgjengelege i Noreg, og altså er å rekne som importør etter pliktavleveringslova § 3.
Avleveringsplikta vil gjelde for dei som driv med kringkasting og fjernsyn, slik desse omgrepa er definerte i kringkastingslova § 1-1 bokstavane a og c. Dette inneber mellom anna at kringkasting som skjer via Internett (direktesend nett-TV), også vil vere avleveringspliktig. Departementet legg opp til at det framleis skal vere avleveringsplikt for denne typen dokument, men kringkastarar og Nasjonalbiblioteket står fritt til å avtale andre avleveringsformer, til dømes innsamling.
Departementet foreslår at pliktavleveringslova § 5 blir endra slik at det ikkje er eit kriterium for avleveringsplikt at kringkastaren har konsesjon. Lovendringa vil måtte følgjast opp med ei forskriftsendring.
Nasjonalbiblioteket fekk i 2010 ansvar for å realisere ein norsk språkbank.
Det har vore reist spørsmål om det er høve til å nytte pliktavlevert materiale i utviklinga av Språkbanken.
Departementet meiner at det digitale pliktavleverte materialet kan nyttast som grunnlagsmateriale for språklege korpus som kan inngå i Språkbanken. Dette vil kunne tilføre Språkbanken store tekstmengder, noko som kan danne grunnlaget for å byggje opp språkkorpusar. Høvet til å gjere bruk av det pliktavleverte materialet i Språkbanken vil bli regulert innanfor ramma av åndsverklova i form av forskrifter som blir sende på eiga høyring.
Ein viser til kapittel 12 i proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arild Grande, Øystein Langholm Hansen, Sonja Mandt og Rigmor Aasrud, fra Høyre, lederen Svein Harberg, Kårstein Eidem Løvaas og Mette Tønder, fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Ib Thomsen, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til proposisjonen og understreker viktigheten av at lover og forskrifter oppdateres når verden stadig er i endring. Utviklingen innenfor produksjon og formidling av dokumenter, lyd og bilde har vært enorm, og det er således helt nødvendig å justere lovteksten slik regjeringen foreslår i denne saken. Komiteen støtter at definisjonen på «dokument» i denne loven harmoniseres med definisjonen brukt i andre relevante lover, f.eks. arkivloven. Gjennom dette utvidede felles begrepet vil også innsamling av dokumenter møte nye utfordringer, ikke minst når det gjelder den delen av materiellet som finnes tilgjengelig på Internett og andre digitale tjenester. Komiteen peker på at den største utfordringen nok er å ivareta personvernet når digitalt materiale samles inn og gjøres tilgjengelig gjennom arkiv, men også utfordringer overfor rettighetshavere blir aktualisert i en slik innsamling.
Komiteen viser til at systematisk innsamling av digitalt materiale for ettertiden vil bli et bredt og godt materiale som dokumenterer både hverdagen og viktige hendelser med utgangspunkt i mange forskjellige ståsteder.
Komiteen ser at innsamling av dokumenter etter de foreslåtte lovendringer vil kreve mulighet og rutiner for å søke om klausulering og sletting, og støtter regjeringens forslag om å opprette en egen nemnd som skal behandle avslag på slike søknader. Komiteen merker seg også at det i lovforslaget påpekes flere forhold som må ivaretas gjennom endringer i forskrifter. Det er viktig at disse forholdene følges nøye opp og at nye, oppdaterte forskrifter kommer på plass så raskt som mulig. Dette gjelder ikke minst bruken av det avleverte materialet. Komiteen merker seg at dette er tenkt håndtert gjennom oppdatert forskrift til åndsverkloven i dialog med opphavsrettsorganisasjonene, og støtter dette.
Komiteen er tilfreds med at det gjennom dette lovforslaget kommer på plass en plattform- og medienøytral lov som sikrer grunnlaget for fremtidig forskning og dokumentasjon. Nytt i loven er at det uansett utgivelsesform også skal innleveres digitalt grunnlagsmateriale. Dette vil gjøre ordningen mer effektiv og mindre byråkratisk, men komiteen vil minne om at dette må organiseres på en slik måte at det ikke svekker rettighetshavernes rett og mulighet til å få betalt for sitt produkt gjennom de ordinære salgskanaler. Komiteen viser videre til endringen som gjør at avlevering av radio- og TV-sendinger ikke lenger er knyttet til konsesjon, men gjelder alle aktører. Komiteen viser til at Nasjonalbiblioteket som hovedaktør ser på lovforslagene som tjenlige, og at det utover noe administrativt arbeid omkring etablering av klagenemnd ikke synes å få negative økonomiske konsekvenser, tvert imot.
Komiteen viser til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)
I
I lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument skal desse endringane gjerast:Tittelen på lova skal lyde:Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (pliktavleveringslova)§ 3 andre strekpunkt skal lyde:
Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning, overføring eller liknande.§ 4 første ledd skal lyde:
Både fysiske og digitale dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta skal avleverast i inntil sju eksemplar. Digitale grunnlagsdokument kan krevjast avleverte i tillegg til utgjevingsmedium.
§ 4 tredje ledd skal lyde:
Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om talet på eksemplar, kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha, og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.
Ny § 4 a skal lyde:
§ 4 a Innsamling av digitale dokument
Norsk materiale som vert gjort allment tilgjengeleg gjennom elektronisk kommunikasjonsnett, kan samlast inn.
Digitale dokument som er verna med passord, skal ikkje samlast inn eller avleverast. Unnataket er dei tilfella der det passordverna dokumentet ville ha vore omfatta av avleveringsplikt om det vart utgjeve i eit anna format. Passordverna dokument som ikkje er omfatta av avleveringsplikta, og som inneheld personopplysningar, kan samlast inn eller avleverast dersom den personopplysningane gjeld, har gjeve eit uttrykkjeleg og informert samtykke.
Når det er naudsynt for å gjennomføra digital innsamling, kan det framstillast nye eksemplar uavhengig av åndsverklova.
Ny § 4 b skal lyde:
§ 4 b Handsaming av personopplysningar i det digitale nettarkivet
Informasjon som er lagra i nettarkivet, skal som hovudregel ikkje slettast. Personar kan knyta merknader til personopplysningar om dei sjølve som er lagra i nettarkivet.
Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet og som inneheld personopplysningar, kan krevjast klausulert eller sletta dersom informasjonen er gjord allment tilgjengeleg ved ein feil.
Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet, som er utgjeve utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar, kan likevel krevjast klausulert eller sletta dersom eitt eller fleire av vilkåra nedanfor er oppfylte:
a) Informasjonen ikkje har vore spreidd utanfor ein lukka krins, og informasjonen aldri var meint å verta gjord allment tilgjengeleg.
b) Informasjonen er lagt ut av ein tredjeperson utan samtykke, og den omtalte sjølv ikkje har gjort informasjonen allment kjend.
c) Det vil vera til vesentleg ulempe for den opplysningane gjeld, at informasjonen blir oppbevart til forskingsføremål.
Informasjon som ikkje er allment kjend, og som omhandlar mindreårige eller personar som er sette under verjemål, skal på førespurnad klausulerast eller slettast.
Avslag på ein søknad om klausulering eller sletting kan påklagast til ei særskild nemnd. Kongen gjev føresegner om ei slik nemnd.
Ny § 4 c skal lyde:
§ 4 c Tilgang til det digitale nettarkivet
Det digitale nettarkivet kan nyttast til forsking og dokumentasjon.
Digitale dokument i nettarkivet som er utgjevne utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende, skal etter søknad berre gjerast tilgjengelege for forskarar på særskilde terminalar hos Nasjonalbiblioteket.
Klausulerte digitale dokument i nettarkivet kan berre gjerast tilgjengelege etter særskild avtale.
Kongen gjev føresegner om tilgang til det digitale nettarkivet. Føresegnene i åndsverklova gjeld for tilgang til materiale som er verna med opphavsrett.
§ 5 første ledd skal lyde:
Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 26. mai 2015
Svein Harberg |
leder og ordfører |