2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til Prop. 76 S (2014–2015) om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av PROGRESS-aksen i forordning (EU) nr. 1296/2013, programmet for sysselsetting og sosial innovasjon EaSI (2014–2020).
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, samtykker til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av PROGRESS-aksen i forordning (EU) nr. 1296/2013, programmet for sysselsetting og sosial innovasjon EaSI (2014–2020).
Et annet flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, viser til regjeringens europastrategi for perioden 2014–17. Dette flertallet mener at vi må ha en åpen og inkluderende europapolitikk. Europapolitikk er et nasjonalt lagarbeid, og det er viktig at det er en åpen debatt om den europeiske utviklingen slik den påvirker Norge.
Dette flertallet mener arbeidskraft fra andre EU/EØS-land bidrar til vekst og verdiskaping i Norge, og dette flertallet støtter regjeringens ønsker om at det skal være enkelt og attraktivt å søke jobb over landegrensene i Europa.
Dette flertallet mener derfor det er viktig for Norge å ta del i det europeiske samarbeidet på det arbeidslivspolitiske og sosialpolitiske området. Derfor støtter dette flertallet regjeringens ønsker om at Norge skal sikre seg god og løpende kontakt om politikkutviklingen og være en bidragsyter til arbeidet med å skape et solidarisk, inkluderende og trygt Europa.
Dette flertallet merker seg at EU-programmet EaSI har til formål å bidra til gjennomføringen av Europa 2020-strategien gjennom å gi bistand til oppfyllelse av EUs mål om å fremme et høyt sysselsettingsnivå, sikre anstendig sosial beskyttelse, bekjempe sosial utstøting og fattigdom og forbedre arbeidsvilkårene.
Dette flertallet tar til etterretning at grunnet budsjettmessige forhold deltok Norge fra 2014 bare i EaSI-programmets EURES-akse, og ikke i de øvrige delene av forordningen, jf. Prop. 89 S (2013–2014) og Innst. 291 S (2013–2014).
Dette flertallet støtter regjeringens forslag om at Norge fra 2015 også deltar i EaSI-programmets PROGRESS-akse (2015–2020), jf. Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 15 S (2014–2015).
Dette flertallet merker seg at norsk deltakelse i PROGRESS er viktig for å kunne ivareta omfattende faglige interesser på arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet som i sin helhet er innlemmet i EØS-avtalen.
Dette flertallet ser at programmet omfatter områder som er sentrale i norsk politikk, og hvor det er og vil være stor aktivitet i årene som kommer. Dette flertallet merker seg at dette gjelder blant annet arbeidet med å styrke samarbeidet mellom ulike håndhevingsmyndigheter og mellom myndighetene og andre berørte aktører for å bekjempe arbeid som ikke innrapporteres til myndighetene.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet vil understreke at det er viktig for Noreg å halde fram med å ta del i det europeiske samarbeidet på det arbeidslivs- og sosialpolitiske området. Særleg i ei tid med sosial uro og stor arbeidsløyse i Europa er det viktig at Noreg er ein bidragsytar.
Desse medlemene meiner nytteverdien av slik deltaking er stor, og reknar det som sjølvsagt at Noreg skal vere med i arbeidet med å skape eit solidarisk, inkluderande og trygt Europa.
Desse medlemene vil understreke at fram til utgangen av 2013 tok Noreg del i både PROGRESS og EURES, og at dette europeiske samarbeidet var prioritert av regjeringa Stoltenberg II. Under PROGRESS-programmet hadde Noreg mellom anna nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen.
Desse medlemene viser til at bakgrunnen for å slå saman desse to nemnde programma (saman med mikrofinansieringsordninga som Noreg ikkje tek del i) til det nye EaSI-programmet, var eit ønske om å halde fram med å vidareutvikle alle programområda. Særleg EURES og PROGRESS heng logisk saman som ein heilskap. Desse skal bidra til å oppfylle EU sine mål om å fremje eit høgt sysselsettingsnivå, sikre gode arbeidsvilkår og kjempe mot sosial utstøyting og fattigdom.
Desse medlemene viser til at regjeringa gjennom tilslutning til EURES-aksen vel å halde fram med å fremje mobilitet og auke sysselsettingsmoglegheiter ved å utvikle ein open arbeidsmarknad.
Desse medlemene vil framheve at brorparten av EaSI-programmet likevel ikkje handlar om dette, men om PROGRESS-aksen i programmet. Her er viktige mål som å støtte utviklinga av hensiktsmessige sosiale sikringsordningar og arbeidsmarknadspolitikk ved å fremje god styring, gjensidig læring og sosial innovasjon.
Desse medlemene meiner difor at regjeringa prioriterte ned det europeiske samarbeidet på arbeids- og sosialfeltet då ho i 2014 trekte tilslutninga til PROGRESS-aksen. Særleg sidan grunngjevinga var «budsjettmessige forhold».
Desse medlemene meiner at å bidra til auka sysselsetting og sosial solidaritet i Europa bør vere prioritert for Noreg. I tillegg vil større deltaking i EaSI-programmet gje Noreg tilgang på fleire verkemiddel, tiltak og program som kan bidra til å få fleire personar med nedsett arbeidsevne og ungdom inn i den norske arbeidsmarknaden.
Desse medlemene er difor nøgde med at regjeringa no snur og vel å halde fram Noregs tilslutning til PROGRESS-aksen, og dimed vidarefører regjeringa Stoltenberg II sin politikk.
Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at Senterpartiet er motstandar av dagens avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) som byggjer på fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester innanfor dette området og norsk suverenitetsavståing. Senterpartiets representantar røysta i 1992 mot at Noreg skulle inngå EØS-avtalen.
Denne medlemen vil vise til at den særs høge arbeidsløysa i mange land som er tilslutta Den europeiske unionen, har å gjera med den felles europeiske valutaen euro og den typen tiltak som Det internasjonale valutafondet, EU og Den europeiske sentralbanken i fellesskap har valt ut som botemiddel på den finansielle krisa i fleire av desse landa. Desse tre nemnde institusjonane har mellom anna stilt einskildland i eurosona krav om privatisering og liberalisering av arbeidsmarknaden for at desse landa skal få tilgjenge til lånemidlar. Denne medlemen meiner at det at einskildland i eurosona har gjeve frå seg høvet til å føra ein sjølvstendig pengepolitikk tilpassa dei økonomiske kjenneteikna ved det einskilde land, har medført store skilnadar når det kjem til sysselsetting og arbeidsløyse i Europa.
Denne medlemen meiner den beste måten å få auka sysselsetjinga på i fleire europeiske land som i dag har særs høg arbeidsløyse, vil vera om desse landa sjølv bryt ut av tvangstrøya som den felleseuropeiske valutaen representerer.
Denne medlemen merkar seg at departementet tilrår norsk deltaking i PROGRESS-aksen i EaSI-programmet mellom anna fordi programmet omfattar område som er sentrale i norsk politikk. Vidare vil slik deltaking gje Noreg høve til deltaking i ekspertgrupper og gjennomføringsgrupper til handhevingsdirektivet, og i det vidare arbeidet med utsendingsdirektivet og arbeidet med revisjon av arbeidstidsdirektivet. Norsk deltaking i PROGRESS inneber ein årleg kostnad på om lag 21 mill. kroner i gjennomsnitt i perioden 2015–2020. Om lag halvparten av midlane skal nyttast til arbeidet med å sikra sosialt vern, motarbeida sosial utstøyting og til å førebyggja og redusera fattigdom. Denne medlemen viser til at Noreg gjennom EØS-midlane medverkar til sosial utjamning i fleire austeuropeiske land, og at det er eit stort potensial for å målretta bruken av desse midlane meir til sosial utjamning og reduksjon av fattigdom.
Denne medlemen meiner Noreg skal forsterka arbeidet med å motverka press på løns- og arbeidsvilkår innan ei rekkje yrker kjenneteikna ved høgt innslag av utanlandsk arbeidskraft. Noreg bør òg halda fram med å yta økonomisk støtte målretta mot å motverka sosial utstøyting og fattigdom i andre europeiske land.
Denne medlemen meiner det viktigaste vi som sjølvstendig nasjon kan gjera er å visa andre europeiske land at det er mogleg å behalda den norske modellen med høg sysselsetjingsgrad – både for menn og kvinner – og eit godt tryggleiksnett gjennom romslege universelle velferdsordningar for våre eigne borgarar, sjølv i økonomisk krevjande tider. Dette fordrar at Noreg arbeider endå meir med kva vår nasjon kan gjera av tiltak for å auka sysselsetjingsgraden, som dei siste åra diverre har vore fallande og som dermed svekkjer vår modell. Ein føresetnad for ein slik modell er eigen penge- og finanspolitikk.
Denne medlemen viser til at det i proposisjonen vert bede om at Stortinget gjev sitt samtykkje til at Noreg deltek i PROGRESS-aksen av EaSI-programmet før EØS-komiteen har teke si avgjerd. Denne medlemen viser til at det er friviljug for Noreg å slutta seg til PROGRESS-aksen i EU-programmet for sysselsetjing og sosial innovasjon for perioden 2014–2020. Denne medlemen går imot norsk deltaking og går difor imot komiteen si tilråding.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Sosialistisk Venstreparti ønsker å erstatte dagens EØS-avtale med en mindre omfattende handels- og samarbeidsavtale. Sosialistisk Venstreparti vil sikre at EØS ikke kan overprøve tariffavtaler, at lovgivningen for arbeidslivet ikke kan svekkes av EU og at EU-regler ikke kan sette til side ILO-konvensjoner Norge har forpliktet seg til å følge.
Dette medlem viser til at formålet med EaSI er å fremme et høyt sysselsettingsnivå, sikre anstendig sosial beskyttelse, bekjempe sosial utstøting og fattigdom og forbedre arbeidsvilkår. Dette medlem støtter disse formålene.
Dette medlem mener at Norge også burde vært en del av den tredje aksen, Progress Mikrofinance and Social Innovation. Dersom Norge blir med i denne aksen, vil det gjøre det enklere å drive med sosialt entreprenørskap i Norge, på linje med andre europeiske land.
Dette medlemfremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at Norge deltar i den tredje aksen av EaSI-programmet.»