Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Kristelig Folkeparti:

Forslag 1

Ny transplantasjonslov § 12 Behandling med sikte på donasjon, første ledd skal lyde:

Når livreddande behandling er formålslaus, og det er svært sannsynleg at pasienten vil døy innan kort tid, kan legen som er ansvarleg for behandlinga av pasienten, ta avgjerd om at respirator- og annan organstøttande behandling skal forlengjast med sikte på donasjon. Igangsetjing av slik behandling med sikte på donasjon kan besluttast når pasienten har samtykta til donasjon. Behandling etter første punktum kan ikkje gjevast dersom ein av dei næraste pårørande, jf. § 3 bokstav d, nektar.

Forslag 2

I lov om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking skal § 2 Verkeområde første ledd lyde:

Lova gjeld for medisinsk obduksjon og donasjon av lekam til undervisning og forsking og anna behandling av lik. Reglane i § 7 gjeld tilsvarande for forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med ein rettsmedisinsk obduksjon. Paragraf 8 første og tredje ledd gjeld tilsvarande for rettsmedisinske obduksjonar.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

I lov om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev skal § 13 om samtykke frå avdøde og næraste pårørande sin rett til å nekte donasjon, annet ledd lyde:

Om ein ikkje kan klarleggje samtykket til den avdøde, kan ein likevel gjennomføre donasjonen, dersom det ikkje ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motsett seg donasjon. Så vidt det er mogleg, skal ein spørje dei næraste pårørande til den avdøde om det ligg føre slike forhold. Avgjerd om donasjon skal treffast av behandlingsansvarleg i samråd med dei næraste pårørande til den avdøde.