Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Svein Roald Hansen, leiaren Anniken Huitfeldt, Prableen Kaur, Ingalill Olsen og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Elin Rodum Agdestein, Helge Eriksen, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, frå Framstegspartiet, Roy Bjurholt, Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde, frå Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide, frå Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, frå Venstre, Trine Skei Grande, og frå Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser til at meldinga gjer greie for omfanget av eksporten av forsvarsmateriell i 2013. Det knyter seg til kva slags varer, tenester og teknologi knytt til desse varene som blei eksportert, til kva mottakarland og verdien av eksporten. Meldinga gjer også greie for norsk eksportkontrollpolitikk, regelverket og det internasjonale arbeidet når det gjeld eksportkontroll og ikkje-spreiing.

Komiteen ser positivt på det arbeidet som er gjort dei seinare åra for å sikre størst mogleg innsyn i eksport av forsvarsmateriell frå Noreg. Komiteen meiner at auka innsyn og informasjon har medverka til ein opnare sektor og ein breiare samfunnsdebatt om forsvarsmaterielleksporten.

Komiteens medlemmer fra Venstre og Sosialistisk Venstreparti understreker at ytterligere åpenhet er nødvendig for å kunne sikre parlamentarisk kontroll og en bredere samfunnsdebatt. Disse medlemmer etterlyser derfor åpenhet rundt landspesifikke tall om eksport av materiell i vareliste 2.

Komiteen vil påpeike at eit strengt regelverk, open informasjon om eksporten og brei debatt gjennom stortingsmeldinga medverkar til transparens og sikrar legitimiteten til norsk eksport av forsvarsmateriell. Komiteen meiner ein heile tida må leite etter moglegheiter til å forbetre praktiseringa av regelverket.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, finn det positivt at regjeringa har følgd opp komiteen sine merknader om praktiseringa av Utanriksdepartementet sine eksportretningsliner.

Komiteen noterer seg at den samla verdien av eksport av forsvarsmateriell frå Noreg var i underkant av 4,3 mrd. kroner, av dette utgjorde ca. 3,3 mrd. kroner sal av militære varer. Komiteen merkar seg at av dette utgjorde eksporten av A-materiell (våpen og ammunisjon) i overkant av 2,5 mrd. kroner og B-materiell (anna militært materiell) ca. 750 mill. kroner. Komiteen merkar seg at verdien av forsvarsrelaterte tenesteytingar til utanlandske mottakarar var ca. 230 mill. kroner. Komiteen viser vidare til at eksporten av fleirbruksvarer (sivile varer omtala på UDs liste II) til militær mottakar, i 2012 summerer seg til 680 mill. kroner, ei auke i høve til 2011 på 366 mill. kroner.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at forsvarsindustrien er en betydelig bidragsyter til kompetanseutvikling i norsk industri. Forsvarsindustrien teller i dag 137 bedrifter og gir 4 800 årsverk, og er en betydelig arbeidsgiver, ikke minst i distriktene. Samlet omsetning i 2013 er nær 12 mrd. kroner, og forsvarsrelatert virksomhet og tjenesteyting er derfor en viktig bidragsyter til offentlige budsjetter og derigjennom norsk velferd. Flertallet merker seg at forsvarsindustrien har betydelig innovasjonskraft og at den bidrar til å opprettholde og utvikle kompetanse også til andre høyteknologiske næringer.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er viktig å markedsføre norsk forsvarsteknologi utenfor Norges grenser, og viser til den gode måten kongehuset er med på å fremme norsk eksport gjennom sine utenlandsbesøk.

Komiteen registrerer at den samla eksporten av norsk forsvarsmateriell sank med vel 6 pst. i 2013 samanlikna med 2012. Komiteen merkar seg at dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg er NATO-landa, samt Sverige og Finland. I 2013 gjekk 88 pst. av Noreg sin eksport av A-materiell til NATO-landa, samt Finland og Sverige, medan 93 pst. av eksportert B-materiell gjekk til dei same landa. Komiteen merkar seg at det blei gitt 19 avslag på søknader og kontraktar om eksportlisens for forsvarsmateriell og tenester.

Komiteen meiner det er viktig at Noreg praktiserer eit strengt eksportkontrollregelverk. Komiteen meiner det er viktig å ha felles internasjonale reglar om sal av våpen og teknologi. Komiteen stør regjeringa sitt arbeid i relevante fora for å fremje høge internasjonale kontrollstandardar når det gjeld eksport av forsvarsmateriell. Komiteen ber regjeringa frå norsk side arbeide vidare i relevante internasjonale fora for å oppnå ein felles norm for sluttbrukardokumentasjon, og arbeide for at dette blir norm i NATO. Regjeringen bes melde attende til Stortinget om framdrifta i dette arbeidet på eigna måte.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til den enstemmige presisering komiteen gjorde i Innst.103 S (2013–2014), jf. Meld. St. 49 (2012–2013) om en mer systematisk vurdering av forhold knyttet til respekten for menneskerettigheter, internasjonal humanitærrett og den innenrikspolitiske situasjonen som følge av eksisterende motsetninger eller væpnede konflikter i den endelige bestemmelsesstaten. Komiteen understreker i den nevnte innstillingen viktigheten av

«at sjekklisten blir konsekvent og systematisk anvendt, og at regjeringens risikovurdering fører til at Norge ikke vil tillate salg av forsvarsrelaterte varer til land i områder med internasjonal væpnet konflikt eller hvor slik væpnet konflikt truer, eller til land hvor det aktuelle forsvarsrelaterte utstyret kan benyttes i forbindelse med intern væpnet konflikt og det anses å foreligge en uakseptabel fare for at utstyret kan bli brukt til intern undertrykking, eller til å angripe en annen stat eller tvinge gjennom territorialkrav med makt».

Komiteen vil også understreke at produksjon og eksport av forsvarsmateriell står for ei stor verdiskaping i Noreg og medverkar til utvikling av teknologi som også kan brukast sivilt. Komiteen viser til at mange av dei mindre bedriftene er lokalisert i dei same områda, men det finst underleverandørar i nær alle fylka. For desse bedriftene er produksjon av forsvarsmateriell avgjerande for næringsutvikling og arbeidsplassar lokalt. Slik produksjon bidreg til å halde oppe verdfulle kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Komiteen viser til at nokre tidlegare norske marinefartøy har endt opp hos private aktørar i Nigeria. Dette er no under etterforsking, og saka er dessutan til handsaming i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Komiteen merkar seg at Utanriksdepartementet har gjort ei forskriftsendring i 2014 som styrkjer lisensplikta for materiell som har vore konstruert spesielt eller modifisert for militært føremål, uavhengig av materiellet sin tilstand på eksporttidspunktet. Slik kontroll kjem i tillegg til lisensplikta som gjeld for varene og teknologien som er skildra i forskrifta si liste I (forsvarsmateriell), og medfører ei styrking av kontrollen.

Komiteen noterer seg at Utanriksdepartementet gjekk inn i eit tettare samarbeid med Statens strålevern i 2014, med det føremål å styrkje kontrollen med eksport av kjernefysiske materiale og teknologi. Dette medfører at Strålevernet set av naudsynte ressursar for å sikre etterleving av eksportkontrollreglane i samband med sine tilsynsoppgåver for relevante aktørar i Noreg, og at etaten ved behov bidreg med faglege vurderingar overfor Utanriksdepartementet i spørsmål om eksport av kjernefysiske varer.

Komiteen merkar seg at Kunnskapsdepartementet i mars 2014 sende brev til lærestadene for å informere om gjeldande regelverk kring arbeidet med å hindre kunnskapsoverføring som kan medverke til utforming av kjernefysiske våpen. Kunnskapsdepartementet sitt brev var meint til å bidra til å klårgjere regelverket slik at det ikkje blir skapt unødige problem for utanlandske studentar ved norske lærestader. Komiteen understreker at regelverket fortsatt må praktiserast slik at Noreg med sikkerheit hindrar at sensitiv kunnskap kjem på avvege, og slik kan auke faren for produksjon av atomvåpen.

Komiteen merkar seg at Utanriksdepartementet i 2013 tok initiativ til eit prøveprosjekt for kursing i eksportkontroll og lisensiering av forsvarsmateriell for eksportbedrifter. Komiteen ser positivt på at departementet gjennom dette bidreg til ei betre forståing i næringa for regelverket og praktiseringa av dette.

Komiteen vil vise til at Utanriksdepartementet sidan 2012 har arbeidd med å utvikle ei digitalisert teneste for effektivisering og modernisering av eksportkontrollen, og at regjeringa i meldinga varslar at departementet hausten 2014 vil innføre eit skreddarsydd elektronisk sakshandsamingssystem som vil medføre store gevinstar for både næringslivet og departementet. Komiteen meiner det er viktig at ein har eit sikkert og effektivt system for lagring av store mengder sensitive data, og ser det som positivt at dette no kjem på plass.

Komiteen merkar seg at Noreg overtok formannskapet i MTCR i oktober 2014. Komiteen noterer seg at det under plenumsmøtet i Oslo i oktober 2014 blei semje om å invitere ikkje-medlemer til å formelt deklarere at dei sluttar seg til og implementerer MTCR sine kontrollister og -standardar i sine nasjonale eksportkontrollar. Komiteen registrerer at ein frå norsk side vil leggje vekt på å føre eit aktivt formannskap og ein open dialog. Komiteen legg til grunn at regjeringa følgjer opp denne målsetjinga.

Komiteenmerkar seg at Utanriksdepartementet 15. august 2014 sette i verk forskrift om restriktive tiltak i samband med handlingar som undergrev eller truar Ukrainas territoriale integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet. Forskrifta bringar dei norske tiltaka på linje med EUs tiltak. Komiteen noterer seg at EU innførte nye restriktive tiltak mot Russland den 12. september 2014, og at regjeringa slutta seg til desse. Komiteen stadfestar at Russlands brot på folkeretten ikkje kan aksepterast. Komiteen støtter regjeringa sitt forbod mot eksport av våpen og forsvarsmateriell til Russland, samt eksport av fleirbruksvarar og -teknologi som kan være berekna for militær bruk.

Komiteenunderstrekar samstundes at Noreg ikkje alltid har likelydande interesser med EU. Noreg må til eikvar tid gjere sjølvstendige nasjonale vurderingar av kva tiltak som fremmar Noregs tryggleik på ein best mogleg måte.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, mener at dagens eksportregelverk er strengt, men etisk balansert. Flertallet mener det er viktig å gi industrien forutsigbare rammer. Dette gjøres best gjennom et tydelig regelverk. Reglene må gi norske produsenter mulighet til å konkurrere på mest mulig like vilkår som utenlandske bedrifter.

Et annet flertall, komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, mener en videreføring av dagens regelverk vil gi industrien, bedriftenes industrielle samarbeidspartnere i NATO og industriens kunder nødvendig forutsigbarhet.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at Norge ikke må havne i en situasjon hvor norsk industri blir holdt utenfor internasjonale utviklingsprosjekter som en følge av nye særnorske regler.

Komiteens medlemmer fra Venstre og Sosialistisk Venstreparti viser til at flertallsmerknaden i Innst. 62 S (2011–2012) ikke har bidratt til å stoppe eksport til land hvor myndighetene begår alvorlige brudd på menneskerettighetene. Disse medlemmer påpeker at operasjonaliseringen av regelverket ikke opprettholder de hensyn omfattet av sjekklisten utarbeidet i samarbeid med SIPRI, og ber derfor regjeringen om å skjerpe regelverket slik at menneskerettighetssituasjonen i mottakerlandet blir tilstrekkelig avslagsgrunnlag. Disse medlemmer påpeker at intensjonen bak tidligere innstramninger utvetydig har vært å stanse våpeneksport til land hvor myndighetene begår alvorlige brudd på menneskerettighetene.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti understreker at det ikke kun kan være utstyrets karakter som vurderes (om utstyret kan brukes til undertrykkelse eller ikke), men at menneskerettighetssituasjonen i mottakerlandet skal være avgjørende. Dette medlem understreker at dette må omfatte eksport av alle strategiske varer, som inkluderer A- og B-materiell og flerbruksvarer. Dette fordi enhver eksport av forsvarsmateriell bidrar til å øke mottakerlandets militære kapabilitet, uavhengig av utstyrets karakter.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstrepartiunderstreker at på tross av eksportregelverkets intensjon om å vektlegge demokrati- og menneskerettssituasjonen i mottakerland har norsk våpeneksport til regimer med grove menneskerettighetsbrudd fortsatt (gjennom flere regjeringer). Noen land som her bør nevnes er Bahrain, Egypt, De forente arabiske emirater, Jordan, Kuwait, Libya, Oman, Qatar og Saudi-Arabia. Av disse landene har Saudi-Arabia vært den største eksportmottakeren ved å motta militærutstyr for til sammen 650 mill. kroner i løpet av det siste tiåret. Dette er undertrykkende regimer hvor innbyggerne har liten eller ingen politisk innflytelse, og hvor myndighetene tøyler ytringsfrihet, forsamlingsfrihet og organisasjonsfrihet. Dette er land hvor myndighetskritikk blir slått hardt ned på, og hvor myndighetene kritiseres for alvorlige brudd på menneskerettighetene, som tortur og annen mishandling.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti påpeker at en slik eksportpraksis avviker sterkt fra regelverket av hensyn til demokrati og menneskerettigheter. All militær eksport styrker den militære maktkapasiteten til mottakerlandet og bidrar dermed til å opprettholde et undertrykkende regime.

Komiteens medlemmer fra Venstre og Sosialistisk Venstrepartipåpeker at det også er viktig å se våpeneksport i en regional kontekst. I tilfeller der det er stor sannsynlighet for at våpen eksportert til et mottakerland vil kunne bli brukt i et annet land, må dette vektlegges i vurderingen. Blant annet har Saudi-Arabia bistått Bahrain med å slå ned et gryende opprør i landet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til det tverrpolitiske målet om størst mulig åpenhet og understreker behovet for å forsterke det parlamentariske ansvaret for norsk eksport av strategiske varer. Dette medlem understreker at Stortinget er ansvarlig for å føre kontroll med regjeringens eksportpraksis. Mangelen på debatt om eksporten skyldes blant annet manglende innsyn i eksportkontrollen. Stortinget har ikke innsyn i lisenssøknader som ligger inne til behandling i UD. Politikere får innsyn kun gjennom denne meldingen som kommer seks måneder etter eksportårets slutt. Det manglende politiske innsynet i den løpende eksportkontrollen skyldes begrensninger som taushetsbestemmelsene i eksportloven gir. Som følge av dette har ikke Stortinget påvirkning på den løpende eksporten. Informasjonen i meldingen gir heller ikke tilstrekkelig begrunnelse for godkjente lisenssøknader eller avslag. Stortingets manglende innsyn i både den løpende eksportkontrollen og hvilke vurderinger som ligger til grunn, svekker Stortingets evne til å føre kontroll over regjeringens eksportpraksis.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti viser til muligheten for å opprette et parlamentarisk utvalg i Stortinget.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti påpeker at utvalget bør ha fullt innsyn og rådføres i eksportsaker. Utvalgets mandat bør spesifikt være rettet mot å identifisere mulige motsigelser ved eksport til spesifikke regimer, ved endring av eksportpraksis til et mottakerland, eller ved endring av politisk situasjon i mottakerlandet.

Komiteens medlem fra Venstre foreslår at det bør utredes en mulighet for å opprette et etikkråd for norsk våpensalg. Rådet bør ha fullt innsyn og rådføres i eksportsaker. Rådets mandat bør spesifikt være rettet mot å identifisere mulige motsigelser ved eksport til spesifikke regimer, ved endring av eksportpraksis til et mottakerland, eller ved endring av politisk situasjon i mottakerlandet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at norske selskaper i dag kan etablere seg i land med mer liberale eksportregelverk for å gjennomføre videreeksport til stater det norske regelverket setter en stopper for. Dette medlem viser til at det blant annet er kommet fram at det gjennom USA blir eksportert norske våpen til bruk i Israel, noe som strider mot det grunnleggende kriteriet for eksportkontroll om ikke å tillate eksport til et område «i krig eller borgerkrig, eller der krig truer». Dette medlem viser til at aktiv og ansvarlig bruk av eierskapspolitikken kan sette en stopper for slik eksport, også på fabrikker i andre land. Dette medlem understreker at en ansvarlig eierskapspolitikk som er samstemt med andre politikkområder, er i Norges interesse, og fremmer forslag om at vi skal bruke eierskapet vårt til å sørge for at de bedrifter som er helt eller delvis statlig eid følger norsk politikk, også på fabrikker i andre land.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen stramme inn regelverket for eksport av forsvarsmateriell ved at Norge ikke vil tillate salg av strategiske varer (som inkluderer A- og B-materiell og flerbruksvarer) til land hvor myndighetene begår alvorlige brudd på menneskerettighetene.»

«Stortinget ber regjeringen utrede en ordning med et parlamentarisk eksportkontrollråd for eksport av norsk forsvarsmateriell. I en slik utredning er det naturlig å se nærmere på erfaringene fra Sverige, England, Belgia og andre land med ordninger for økt parlamentarisk innsyn.»

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn i eierskapsutøvelsen at norskeide våpeneksporterende selskap skal følge norsk politikk for våpeneksport, også når de er lokalisert i andre land.»

Komiteens medlem fra Venstre fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for et etikkråd for norsk våpeneksport som systematisk gir råd til Utenriksdepartementet og som har som mandat å identifisere og påpeke eventuelle motsigelser av eksport til spesifikke regimer, ved endring av eksportpraksis til et mottakerland eller ved endring av politisk situasjon i mottakerlandet.»