Samandrag

Det blir i dokumentet fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa gjennomgå LAR-ordninga i Noreg og fremje tiltak som sikrar kvaliteten i tilbodet og reduserer overdose ved dødsfall i LAR.»

LAR (legemiddelassistert rehabilitering) vart innført i Noreg i 1998. Formålet med ordninga var å gi personar med opioidmisbruk auka livskvalitet og redusere skadane av opioidmisbruk, samt bidra til å redusere talet på overdosedødsfall. LAR-ordninga omfattar i dag om lag 7 000 pasientar.

Det blir vist til rapporter frå Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF) og Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS).

Undersøkingar viser at bare 34 prosent av LAR-pasientane har ein utarbeida individuell plan. Forslagsstillarane meiner at den lave bruken av individuell plan viser at kvaliteten i tilbodet er for dårleg, og at arbeidet med individuell plan må vere eit satsingsområde.

Forslagsstillarane meiner det trengs meir kunnskap om kvaliteten i LAR-behandlinga blant innsette i fengsel og spesifikke tiltak for å hindre lekkasje av medisin og tiltak for å sikre rehabiliteringsdelen av ordninga.

Forslagsstillarane meiner det er viktig at LAR-ordninga fungerer etter intensjonen, og at kvaliteten i tilbodet vert sikra. De meiner òg det trengs meir kunnskap og forsking om LAR, og at det bør gjerast ny kunnskapsinnhenting om langtidseffektane hjå borna som er født i LAR.