2. Avslutta saker
- 2.1 Oppfølging av Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar – Dokument 3:9 (2008–2009)
- 2.2 Riksrevisjonens undersøkelse av Enova SFs drift og forvaltning – Dokument 3:6 (2009–2010)
- 2.3 Riksrevisjonens undersøkelse om oppfølging av og kvalitet i private institusjoner innen tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengige – Dokument 3:7 (2009–2010)
- 2.4 Oppfølging av Riksrevisjonens undersøkelse om strålingssikkerhet og beskyttelse av miljøet mot forurensning fra radioaktive kilder i Nordvest-Russland – Dokument 3:9 (2009–2010) og Dokument 3:5 (2011–2012)
- 2.5 Riksrevisjonens undersøkelse av resultatorienteringen i norsk bistand – Dokument 3:4 (2010–2011)
- 2.6 Riksrevisjonens undersøkelse av Arbeids- og velferdsetatens oppfølging av sykmeldte – Dokument 3:5 (2010–2011)
- 2.7 Riksrevisjonens undersøking av årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever regelverket for offentlege anskaffingar – Dokument 3:6 (2010–2011)
- 2.8 Riksrevisjonens undersøkelse av spesialundervisningen i grunnskolen – Dokument 3:7 (2010–2011)
- 2.9 Riksrevisjonens undersøkelse av intern kontroll i forsvarssektoren – Dokument 3:9 (2010–2011)
- 2.10 Riksrevisjonens undersøkelse av vedlikehold og sikring av kirkebygg – Dokument 3:10 (2010–2011)
- 2.11 Komiteens merknader
- 2.12 Riksrevisjonens undersøkelse av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger – Dokument 3:3 (2010–2011)
- 2.13 Oppfølging i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
- 2.14 Riksrevisjonens vurdering
- 2.15 Komiteens merknader
Dokument 3:9 (2008–2009) Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar blei sendt til Stortinget 21. april 2009. Komiteen leverte innstillinga si 1. desember 2009, jf. Innst. 71 S (2009–2010) som Stortinget behandla 7. desember 2009.
Riksrevisjonen følgde opp saka i Dokument 3:1 (2013–2014). Ved behandling av Dokument 3:1 (2013–2014), jf. Innst.133 S (2013–2014), var kontroll- og konstitusjonskomiteen tilfreds med at Riksrevisjonen følgjer saka vidare.
Riksrevisjonen bad i brev 11. april 2014 Klima- og miljødepartementet om å greie ut om status og om kva tiltak som er sette i verk når det gjeld dei problemstillingane som blei tekne opp i Innst. 133 S (2013–2014). Klima- og miljødepartementet svarte i brev av 19. mai 2014. Vidare bad Riksrevisjonen i brev av 11. april 2014 Sametinget om å gjere greie for status og om kva tiltak som er sette i verk når det gjeld dei problemstillingane som blei tekne opp i Innst. 133 S (2013–2014). Sametinget svarte i brev av 4. juni 2014.
Riksrevisjonen registrerer at Klima- og miljødepartementet har endra det nasjonale målet for tap av verneverdige bygningar. Riksrevisjonen har samtidig merka seg at det framleis ikkje er etablert eit tilfredsstillande rapporteringssystem for målet for verneverdige bygningar, og at miljøovervakingsprogrammet som starta opp i 2013, er utsett.
Riksrevisjonen har merka seg at Klima- og miljødepartementet framleis ikkje har utarbeidd ei endeleg liste over kva fredingar som er nødvendige for å få eit representativt utval. Riksrevisjonen har vidare merka seg at Riksantikvaren og fylkeskommunane til saman har 141 saker i restanse. Desse sakene kjem i tillegg til dei fredingssakene som må gjennomførast for å få eit representativt utval.
Riksrevisjonen registrerer at den totale tilstanden til freda bygningar i privat eige er usikker. Tal frå Riksantikvaren sin kulturminnedatabase (Askeladden) viser at per 31. desember 2013 har 59 prosent av freda bygningar i privat eige ikkje eit ordinært vedlikehaldsnivå (tilstandsgrad 1), dvs. at det er behov for moderate og/eller store utbetringar.
Riksrevisjonen har merka seg det positive samarbeidet som er etablert med å identifisere og registrere samiske bygningar, og at departementet, Riksantikvaren og Sametinget skal halde fram diskusjonen om den automatiske fredingsgrensa for samiske bygningar.
Riksrevisjonen har på den andre sida merka seg at det framleis ikkje er avklart korleis ein skal forstå reglane om automatisk freda kulturminne i kulturminnelova. Manglande avklaringar av reglane i kulturminnelova om automatisk freda kulturminne får konsekvensar for det arbeidet som er sett i gang med å kartleggje og registrere samiske bygningar, sidan det framleis ikkje er gitt ei endeleg avklaring på kva bygningar som er freda. Dette får igjen konsekvensar for kva bygningar som skal setjast i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå. Riksrevisjonen registrerer at ein er langt frå å nå målet om eit ordinært vedlikehaldsnivå på freda samiske bygningar innan 2020.
Riksrevisjonen vurderer det slik at Klima- og miljøverndepartementet har sett i verk fleire tiltak for å nå dei nasjonale måla for freda og verneverdige bygningar. Trass i dette meiner Riksrevisjonen at det er ein risiko for at Klima- og miljødepartementet ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at freda og verneverdige bygningar blir tekne vare på slik at vi når dei nasjonale måla på området innan 2020. Riksrevisjonen følgjer utviklinga på området og set eventuelt i gang ein ny forvaltingsrevisjon dersom det framleis er risiko for at måla i vedtaka og føresetnadene til Stortinget ikkje nås.
Saka er avslutta.
Dokument 3:6 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøkelse av Enova SFs drift og forvaltning blei overlevert Stortinget 15. april 2010. Oppfølginga av undersøkinga er tidlegare rapportert i Dokument 3:1 (2013–2014) Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner, som blei sendt over til Stortinget 19. november 2013. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 25. februar 2014, jf. Innst. 133 S (2013–2014). Stortinget behandla saka 6. mars 2014.
Riksrevisjonen bad Olje- og energidepartementet i brev av 2. april 2014 om å gjere greie for kva endringar og tiltak som er sette i verk for å følgje opp funna i kontrollen og merknadene frå komiteen. Departementet gav si utgreiing i brev av 30. april 2014.
Riksrevisjonen har merka seg at departementet følgjer opp Enova på eit overordna nivå, og at resultata av arbeidet og aktivitetane til Enova blir rapporterte til Stortinget i den årlege budsjettproposisjonen. Riksrevisjonen legg til grunn at Stortinget gjennom dette får eit godt grunnlag for å følgje opp at arbeidet og resultata til selskapet, blant anna realisering av energiresultat, er i tråd med Stortinget sine vedtak og føresetnader.
Riksrevisjonen har vidare merka seg at departementet legg opp til å evaluere Enovas rolle, forvaltning og verksemdsorganisering i inneverande år. Riksrevisjonen følgjer utviklinga i selskapet gjennom den årlege selskapskontrollen.
Saka er avslutta.
Dokument 3:7 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøkelse om oppfølging av og kvalitet i private institusjoner innen tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengige blei sendt til Stortinget 29. april 2010. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav instillinga si 25. mai 2010, jf. Innst. 266 S (2009–2010). Stortinget behandla saka 15. juni 2010.
Oppfølginga av Dokument 3:7 (2009−2010) blei rapportert til Stortinget i Dokument 3:1 (2013−2014) Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner som er behandlet av Stortinget. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 25. februar 2014, jf. Innst. 133 S (2013−2014). Stortinget behandla saka 6. mars 2014.
Riksrevisjonen bad departementet i brev av 10. april 2014 om å gjere greie for statusen på tiltak som var sette i verk for å følgje opp merknadene frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Departementet gav sitt svar i brev av 3. juli 2014.
Riksrevisjonen meiner det er teke fleire initiativ for å styrkje systemet for å følgje opp den tverrfagleg spesialiserte behandlinga (TSB) av rusmiddelavhengige personar i private institusjonar. Særleg merkar Riksrevisjonen seg at Helsedirektoratet gjennom første halvdelen av 2015 vil ha fullført alle dei planlagde nasjonale retningslinjene innanfor TSB. Desse vil tilrå behandlingsmetodar baserte på tilgjengeleg kunnskap.
Riksrevisjonen ser positivt på at dei første kvalitetsindikatorane innanfor TSB er innført i 2014, og at departementet er i dialog med Helsedirektoratet om kva som er tenleg styringsinformasjon innanfor TSB. Dette er viktig for at departementet på ein betre måte kan vurdere resultat og kvalitet i spesialisthelsetenesta når det gjeld TSB.
Riksrevisjonen merkar seg at dei regionale helseføretaka ved avtalar om kjøp av tenester frå private tilbydarar innanfor TSB krev at alle tilbydarane må dokumentere at dei har eit internkontrollsystem som tilfredsstiller krava i forskrift om internkontrollsystem i sosial- og helsetenesta.
Riksrevisjonen peiker på kor viktig det er at pasientar innanfor TSB får utarbeidd ein individuell plan. For ei behandling som omfattar fleire aktørar på ulike nivå i helsevesenet, kan ein individuell plan som gjer greie for oppfølgingstiltaka etter at opphaldet ved institusjonen er slutt, og kven som er ansvarlege, vere avgjerande for om pasienten får ei heilskapleg oppfølging.
Riksrevisjonen peiker på at nytteverdien av behandlinga kan gå tapt dersom ikkje spesialisthelsetenesta i samarbeid med kommunane klarer å leggje til rette for ei samanhengande teneste. Riksrevisjonen føreset at samarbeidsavtalane mellom kommunane og spesialisthelsetenesta gjer sitt til dette.
Det må forventast at desse pasientane får ei betre oppfølging ved at det blir innført nasjonale retningslinjer og kvalitetsindikatorar når det gjeld TSB, ei betre oppfølging av internkontrollen i dei private institusjonane og eit betre samarbeid mellom private tilbydarar, helseføretaka og kommunane.
Riksrevisjonen følgjer opp utviklinga i arbeidet i den årlege kontrollen.
Saka er avslutta.
Dokument 3:9 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøkelse om strålingssikkerhet og beskyttelse av miljøet mot forurensning fra radioaktive kilder i Nordvest-Russland blei sendt til Stortinget 11. mai 2010. Undersøkinga blei gjennomført som ein parallellrevisjon med riksrevisjonen til Den russiske føderasjonen. Partane utarbeidde eit felles memorandum med resultat frå undersøkingane til dei respektive riksrevisjonane og felles vurderingar.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 16. november 2010, jf. Innst. 75 S (2010–2011), og Stortinget behandla saka 30. november 2011.
På bakgrunn av den svake kontrollen med midlane som Riksrevisjonen sitt Dokument 3:9 (2009–2010) påviste, førte den norske og den russiske riksrevisjonen vidare samarbeidet med å revidere økonomistyringa i utvalde prosjekt innanfor atomtryggleikssamarbeidet i Nordvest-Russland. Dokument 3:5 (2011–2012) Riksrevisjonens oppfølging av parallellrevisjon med den russiske riksrevisjonen om strålingssikkerhet og beskyttelse av miljøet mot forurensning fra radioaktive kilder i Nordvest-Russland blei sendt til Stortinget 6. desember 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 14. februar 2012, jf. Innst. 183 S (2011–2012). Stortinget behandla saka 26. mars 2012.
Riksrevisjonen bad i brev av 17. januar 2013 Utanriksdepartementet om å gjere greie for kva endringar og tiltak som er sette i verk etter at Stortinget behandla Dokument 3:9 (2009–2010) og Dokument 3:5 (2011–2012). Utanriksdepartementet svarte i brev 15. februar 2013. Statens strålevern er også intervjua for å utdjupe dei ulike temaa i undersøkinga.
Oppfølginga av undersøkinga er gjort i samarbeid med den russiske riksrevisjonen. Den norske og den russiske riksrevisjonen har gjennomført felles intervju med russiske organ som har ansvaret for atomtryggleikssamarbeidet med norske styresmakter. Memorandum med resultat frå dei respektive undersøkingane til partane og felles vurderingar følgjer i vedlegg til Dokument 3:1 (2014–2015).
Målet for atomtryggleikssamarbeidet med Russland har vore å medverke til å redusere risikoen for ulykker og forureining frå dei nukleære installasjonane i Nordvest-Russland. Riksrevisjonen si oppfølging viser at dei norske tryggingsprosjekta ved Kola kjernekraftverk skal ha medverka til å gjere det mindre sannsynleg at ulykker og hendingar som avvik frå normaldrift, skal skje. Eigaren av russiske atomkraftverk, Rosenergoatom, vil sannsynlegvis søkje om å få forlengje driftstida til dei to eldste reaktorane. Dette vil, slik Riksrevisjonen ser det, krevje at Noreg held fram innsatsen sin for å følgje opp tryggleiken ved kjernekraftverket.
Vidare viser oppfølginga at arbeidet med å transportere det radioaktive avfallet og brukte kjernebrenselet frå Andrejevbukta er kome i gang. Riksrevisjonen merkar seg at norske og russiske styresmakter har kartlagt og identifisert tiltak for å utbetre seglingsforholda for å redusere risikoen for uhell når det radioaktive materialet skal transporterast ut. I tillegg blir det stilt krav om risiko- og miljøkonsekvensanalysar ved alle prosjekt som har ein risiko for radioaktiv forureining.
Riksrevisjonen ser positivt på at Utanriksdepartementet har behandla ferdig eit utkast til felles detaljerte varslingsprosedyrar, og at dette ligg til behandling hos russiske styresmakter. Riksrevisjonen ser også positivt på at norske og russiske styresmakter har auka innsatsen for å overvake avfall som utgjer ein risiko for radioaktiv forureining til havmiljøet.
Riksrevisjonen vil gjenta kor viktig det er å ha eit godt system for intern kontroll for å medverke til ei målretta og effektiv utnytting av midlane som går til prosjekt i Nordvest-Russland. Riksrevisjonen viser i samband med dette til den norske og den russiske riksrevisjonen si felles vurdering om at kontraktane mellom norsk og russisk part må innehalde presise krav til rekneskapsføring, økonomirapportering og anbodskonkurranse ved val av leverandørar (sjå det felles memorandumet i vedlegg 1). Riksrevisjonen ser i den samanhengen positivt på at kontraktar som nyleg er inngåtte mellom Fylkesmannen i Finnmark og den russiske kontraktsparten SevRao, inneheld slike krav. Vidare registrerer Riksrevisjonen at Utanriksdepartementet har sett i verk tiltak for tettare oppfølging av kontrollen som norske prosjektleiarar har med dei norske midlane.
Slik Riksrevisjonen vurderer det, viser oppfølgingsundersøkinga at det framleis står att viktige utfordringar, som planar om å forlengje driftstida til dei gamle reaktorane på Kola kjernekraftverk, om å auke storleiken på flåten med atomdrivne isbrytarar og om å bruke flytande atomkraftverk til energiforsyning. Dette tyder på at det framleis er behov for eit tett samarbeid mellom norske og russiske styresmakter om strålingstryggleik og vern av miljøet i Nordvest-Russland.
Saka er avslutta.
Dokument 3:4 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av resultatorienteringen i norsk bistand blei sendt til Stortinget 13. januar 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen heldt 25. oktober 2011 ei open kontrollhøyring som ledd i behandlinga av saka. Komiteen gav innstillinga si 6. desember 2011, jf. Innst. 104 S (2011–2012). Stortinget behandla saka 13. desember 2011.
Riksrevisjonen bad i brev av 9. april 2014 Utanriksdepartementet om å gjere greie for korleis departementet har følgt opp dei problemstillingane som blei påpeikte i Innst. 104 S (2011–2012). Departementet svarte i brev av 15. mai 2014.
Riksrevisjonen registrerer at Utanriksdepartementet har teke aktivt del i styra til UNDP/UNFPA og Unicef og sett i verk tiltak for å forbetre dokumentasjonen av styrearbeidet. Riksrevisjonen ser også positivt på at departementet har lagt vekt på å utforme norske synspunkt som er tydelege på kva som blir forventa av FNs fond og program.
Utanriksdepartementet opplyser at UNDP er den av dei tre organisasjonane som krev mest saksbehandlingskapasitet, og at kapasiteten har auka frå 1 årsverk i 2011 til om lag 1,5 årsverk. Riksrevisjonen føreset at saksbehandlingskapasiteten i Utanriksdepartementet sikrar ei tilstrekkeleg oppfølging av FN-organisasjonane.
Riksrevisjonen er positiv til at Utanriksdepartementet arbeider kontinuerleg med å styrkje mål- og resultatstyringa av norsk bistand. Riksrevisjonen har merka seg at departementet har sett i verk fleire tiltak, blant anna er det oppretta ein eigen seksjon for kvalitetssikring og tilskotsforvaltning, gjennomført ulike kompetansehevingstiltak og gjort jamlege revisjonar av malar og skjema for tilskotsforvaltninga.
Utanriksdepartementet peiker på, med referanse til ein evalueringsrapport som Norad lanserte i mars 2014, at departementet og Norad har system for resultatmåling, men at desse ikkje blir følgde i tilstrekkeleg grad. Riksrevisjonen føreset at departementet, utover å setje i verk tiltak for å forbetre systema for mål- og resultatstyring, også sikrar at desse systema blir følgde.
Riksrevisjonen vil følgje opp tilskotsforvaltninga i departementet gjennom den løpande revisjonen.
Saka er avslutta.
Dokument 3:5 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av Arbeids- og velferdsetatens oppfølging av sykmeldte blei sendt Stortinget 11. januar 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 15. mars 2011, jf. Innst. 255 S (2010–2011). Stortinget behandla saka 21. mars 2011.
Riksrevisjonen bad i brev av 25. mars 2014 Arbeids- og sosialdepartementet om å gjere greie for kva tiltak som er sette i verk for å følgje opp merknadene frå komiteen, og å forklare korleis bruken av gradert sjukmelding har utvikla seg. Departementet svarte i brev av 5. mai 2014.
Riksrevisjonen har merka seg at Arbeids- og sosialdepartementet har sett i verk fleire tiltak for å styrkje sjukefråværsarbeidet til sjukmeldarane. Riksrevisjonen har vidare merka seg den positive utviklinga i delen med gradert sjukmelding, og at delen utgjer om lag 26 prosent i tredje kvartal 2013.
Då rapporten frå Riksrevisjonen blei behandla, viste kontroll- og konstitusjonskomiteen til at Nav har eit særleg ansvar for å følgje opp personar som ikkje har arbeidsgivar. Det er framleis mange sjukmelde utan arbeidsgivar som ikkje får den oppfølginga frå Nav som dei har krav på. Dei fleste sjukmelde utan arbeidsgivar får verken eit vedtak om oppfølging eller eit unntak frå dette. Riksrevisjonen har samtidig merka seg at departementet no rettar større merksemd enn tidlegare mot sjukmelde personar utan arbeidsgivar, blant anna i det årlege tildelingsbrevet til direktoratet. Det kjem ikkje fram av svaret frå departementet om det er sett i verk konkrete tiltak for at Nav betre kan følgje opp denne gruppa spesielt.
Fleire studiar har peikt på at det å miste arbeidet aukar risikoen for å bli varig ufør. Oppfølginga som arbeids- og velferdsetaten har av sjukmelde personar som mistar arbeidsgivar, kan dermed ha mykje å seie for enkeltpersonar. Riksrevisjonen understrekar derfor kor viktig det er å avklare oppfølgingsbehovet til den enkelte og å sikre ei god oppfølging av dei som treng det.
Riksrevisjonen følgjer utviklinga på området gjennom den årlege revisjonen.
Saka er avslutta.
Dokument 3:6 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøking av årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever regelverket for offentlege anskaffingar blei sendt til Stortinget 15. februar 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 29. mars 2011, jf. Innst. 288 S (2010–2011). Stortinget behandla saka 12. april 2011.
Riksrevisjonen bad i brev av 31. mars 2014 Nærings- og fiskeridepartementet, som fekk ansvaret for å forvalte regelverket om offentlege innkjøp frå 1. januar 2014, om å gjere greie for kva tiltak som er sette i verk for å førebyggje brot på innkjøpsregelverket, og om korleis Stortinget er orientert om tiltaka. Departementet svarte Riksrevisjonen i brev av 9. mai 2014.
Riksrevisjonen har merka seg at styresmaktene har sett i verk fleire tiltak som kan medverke til betre internkontroll, leiarforankring, kompetanse og bruk av elektroniske løysingar når det gjeld offentlege innkjøp i staten. Vidare har Riksrevisjonen merka seg at det er sett i gang prosessar for å forenkle regelverket og gjere det meir fleksibelt. Tiltaka kan på sikt førebyggje brot på innkjøpsregelverket. Riksrevisjonen ser også positivt på at det blir arbeidd for å forbetre statistikken over offentlege innkjøp.
Riksrevisjonen registrerer at talet på nye verksemder som innfører elektronisk handel har stige, men at elektronisk handel framleis utgjer ein liten del av det samla offentlege innkjøpet i Noreg. Det er viktig at departementet framleis prioriterer dette arbeidet.
Når innkjøpsregelverket ikkje blir følgt, kan resultatet vere at utnyttinga av ressursane er ineffektiv, at bruken av statlege midlar er lite gjennomsiktig og at risikoen for korrupsjon og misleg framferd aukar. Riksrevisjonen strekar derfor under kor viktig det er at Nærings- og fiskeridepartementet følgjer området nøye framover.
Riksrevisjonen følgjer utviklinga på området gjennom den løpande revisjonen.
Saka er avslutta.
Dokument 3:7 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av spesialundervisningen i grunnskolen blei sendt til Stortinget 10. mars 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 31. mai 2011, jf. Innst. 390 S (2010–2011). Stortinget behandla saka 15. juni 2011.
Riksrevisjonen bad Kunnskapsdepartementet i brev av 8. april 2014 om å gjere greie for kva tiltak som er sette i verk for at kommunane betre skal følgje regelverket om spesialundervisning. Departementet blei vidare bede om å gjere greie for korleis saksbehandlingstida for sakkunnige vurderingar i PP-tenesta er følgd opp, og kva status er for saksbehandlingstida. Kunnskapsdepartementet svarte i brev av 30. mai 2014.
Riksrevisjonen ser positivt på tiltaka som er sette i verk for at regelverket om spesialundervisning skal bli følgt betre. Riksrevisjonen merkar seg særleg at spesialundervisninga blir omfatta av eit felles nasjonalt tilsyn på opplæringsområdet i 2014–2017, og at departementet vurderer å presisere krava til internkontroll i opplæringslova.
Riksrevisjonen merkar seg vidare at Kunnskapsdepartementet ikkje har funne det riktig å foreslå særskilde reglar om saksbehandlingstida i PP-tenesta. Departementet har ikkje gjort greie for status for saksbehandlingstida i PP-tenesta, men viser til fleire tiltak som departementet meiner kan verke inn på saksbehandlingstida. Riksrevisjonen legg til grunn at departementet vil følgje opp om tiltaka får den forventa effekten på saksbehandlingstida i PP-tenesta.
Saka er avslutta.
Dokument 3:9 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av intern kontroll i forsvarssektoren blei sendt til Stortinget 7. juni 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 6. desember 2011, jf. Innst. 101 S (2011–2012). Stortinget behandla saka 13. desember 2011.
Riksrevisjonen bad Forsvarsdepartementet i brev av 7. april 2014 om å gjere greie for kva endringar som er sette i verk for å følgje opp undersøkinga. Departementet svarte i brev av 15. mai 2014.
Riksrevisjonen har merka seg at Forsvarsdepartementet har sett i verk fleire tiltak for å sikre at Forsvaret implementerer og følgjer internkontrollsystema på ein god måte.
Når det gjeld innkjøpsprosessen og materiellforvaltninga, har Riksrevisjonen merka seg at rapporteringa i resultat- og kontrollrapportar (RKR) viser at Forsvaret følgjer hovudprosessen i SAP i over 85 prosent av driftsinnkjøpa, og at Forsvarsdepartementet vurderer Forsvarets grad av gjennomført materiellkontroll i SAP som tilfredsstillande. Riksrevisjonen har særleg merka seg at materiellrekneskapsføringa av alt sanitetsmateriell skal vere på plass innan 1. juli 2014.
Forsvarsdepartementet opplyser at ei evaluering av HEL-arbeidet blant anna viser at sektoren har oppnådd auka medvit og kunnskap rundt haldningar, etikk og leiing, men at det manglar nødvendig systematikk når det gjeld å dele kunnskapar og erfaringar. Riksrevisjonen har merka seg at departementet vil følgje opp funna i rapporten ved å utvikle arbeidet med haldningar, etikk og leiing vidare på alle nivå i forsvarssektoren.
Saka er avslutta.
Dokument 3:10 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøking av vedlikehald og sikring av kyrkjebygg blei sendt til Stortinget 15. september 2011. Kontroll- og konstitusjonskomiteen leverte innstillinga si 8. november 2011, jf. Innst. 41 S (2011–2012). Stortinget behandla saka 28. november 2011.
Riksrevisjonen bad Kulturdepartementet i brev av 8. april 2014 om å greie ut om status og om kva tiltak som er sette i verk når det gjeld dei problemstillingane som blei tekne opp i Innst. 41 S (2011–2012). I tillegg blei departementet bede om å opplyse om utgiftene som fellesråda har til ordinært vedlikehald og rehabilitering av kyrkjebygg. Departementet svarte Riksrevisjonen i brev av 16. mai 2014.
Riksrevisjonen har merka seg at Kulturdepartementet meiner at delen kyrkjer med tilfredsstillande brann- og tjuverisikring har auka, men at det framleis er eit betydeleg etterslep når det gjeld vedlikehald av kyrkjebygg.
Riksrevisjonen registrerer at Kulturdepartementet meiner det har fått betre oversikt over korleis vedlikehaldet av kyrkjebygg har utvikla seg, gjennom tilstandsvurderingane og innhentinga av økonomisk statistikk. Riksrevisjonen meiner dette er viktig for å kunne følgje utviklinga og vurdere tiltak og verkemiddel når utviklinga ikkje går i ønskt retning. Riksrevisjonen legg til grunn at departementet vil følgje opp resultata frå tilstandsvurderinga frå 2013/2014 slik at det planmessige og meir langsiktige vedlikehaldsarbeidet får større merksemd for å unngå at uerstattelege kulturverdiar forfell.
Riksrevisjonen vil gjennom den årlege revisjonen følgje utviklinga på området.
Saka er avslutta.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Kenneth Svendsen og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til at Dokument 3:1 (2014–2015) omtaler oppfølgingen av 11 forvaltningsrevisjoner hvorav 10 er avsluttet. Én sak følges videre: Dokument 3:3 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets (IMDI) måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger.
Komiteen har merket seg at seks av de avsluttede sakene vil bli fulgt opp i Riksrevisjonens løpende revisjoner. Dette gjelder drift og forvaltning av Enova SF, kvaliteten i private institusjoners behandling av rusavhengige, resultatorienteringen i norsk bistand, arbeids- og velferdsetatens oppfølging av sykmeldte uten arbeidsgiver, etterlevelse av regelverket for offentlige anskaffelser og vedlikehold og sikring av kirkebygg.
Komiteen har videre merket seg at Riksrevisjonens oppfølging av undersøkelser om strålingssikkerhet og beskyttelse av miljøet mot forurennsing fra radioaktive kilder i Nordvest-Russland, har vist at det fremdeles gjenstår viktige utfordringer og at det fortsatt er viktig at russiske og norske myndigheter samarbeider om strålingstrygghet og vern av miljøet i Nordvest-Russland. Komiteen er enig i dette.
Komiteen viser til Riksrevisjonens oppfølging av undersøkelse av spesialundervisningen i grunnskolen og av internkontrollen i forsvarssektoren. I begge tilfeller viser Riksrevisjonen til at det er satt i verk flere tiltak i begge departement for å følge opp tidligere anbefalinger. I begge sakene pekes det imidlertid på at det fortsatt er utfordringer som henholdsvis bør følges opp av Kunnskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Komiteen er enig i dette.
Når det gjelder Riksrevisjonens oppfølging av hvordan Miljøverndepartementet har ivaretatt det nasjonale ansvaret for fredede og verneverdige bygninger, mener komiteen det er alvorlig at Riksrevisjonen konkluderer med at det er en risiko for at departementet ikke i tilstrekkelig grad sikrer slike bygninger. Komiteen er derfor tilfreds med at Riksrevisjonen vil følge nøye med på utviklingen på området og foreslå en ny forvaltningsrevisjon dersom det fremdeles er risiko for at målene ikke nås.
Dokument 3:3 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøkelse av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets (IMDis) måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger blei sendt til Stortinget 11. november 2010. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gav innstillinga si 3. februar 2011, jf. Innst. 191 S (2010–2011). Saka blei behandla i Stortinget 11. mars 2011.
Formålet med Riksrevisjonens undersøking var å vurdere om måloppnåinga på viktige område som gjeld integrering, samsvarte med vedtaka og føresetnadene i Stortinget, og korleis IMDi medverka til å nå måla. Det var også eit mål å vurdere korleis departementet styrte og følgde opp IMDi.
Riksrevisjonen har også revidert IMDis resultat og verkemiddel for å busetje flyktningar, jf. omtale i Dokument 1 (2014–2015).
Kontroll- og konstitusjonskomiteen hadde følgjande merknader knytte til desse områda:
Komiteen merkar seg at det går fram av undersøkinga at mange små kommunar har vanskar med å tilby opplæring i samfunnskunnskap på eit språk som deltakaren forstår. Komiteen ser behovet for meir interkommunalt samarbeid på dette området.
Komiteen merkar seg også at både IMDi og departementet i undersøkinga har gitt uttrykk for at det er store kvalitetsforskjellar i norskopplæringa. Komiteen er samd med departementet i at det er eit stort behov for å undersøkje kvaliteten i norskopplæringa meir inngåande, og føreset at dette blir følgt opp.
Komiteen vil […] understreke behovet for at dei som kjem til landet, blir aktive deltakarar i samfunnet gjennom utdanning og jobb, og meiner at ein må rette meir merksemd mot dette. Komiteen meiner det er svært viktig at flyktningane blir mest mogleg sjølvhjelpte og uavhengige av økonomisk sosialhjelp.
Komiteen ser behovet for eit godt samarbeid mellom IMDi, kommunane og Nav. Komiteen ser vidare at tiltak frå Nav og andre arbeidsretta tiltak bør nyttast i større grad i mange kommunar.
Komiteen meiner at feil og manglar i registreringa av viktige opplysningar i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) må utbetrast.
Nykomne flyktningar og innvandrarar har både rett og plikt til å ta del i introduksjonsprogrammet, som skal gi personar som har behov for det, tilgang til ei grunnleggjande kvalifisering for arbeidslivet. Ansvaret for å organisere og gjennomføre introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap ligg hos kommunane. IMDi har ei rolle som pådrivar og rådgivar overfor kommunane. Vox har ansvaret for fagleg og pedagogisk utvikling av faget norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Riksrevisjonen bad i brev av 31. mars 2014 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet om å greie ut om korleis departementet har følgt opp merknadene frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Departementet svarte i brev av 13. mai 2014.
Det er i tillegg gjennomført ei utvida oppfølging av undersøkinga av kva verkemiddel IMDi har nytta, og korleis IMDi har nådd måla i arbeidet med å busetje og kvalifisere flyktningar.
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet er ifølgje departementet sentrale verkemiddel i den grunnleggjande kvalifiseringa av nykomne flyktningar og innvandrarar. Departementet opplyser at både det og IMDi derfor rettar stor merksemd mot dette arbeidet.
Departementet innførte i 2013 tilskotsordninga Kommunale utviklingsmidlar blant anna som eit tiltak for å betre kvaliteten i norskopplæringa. Ramma for ordninga er 32 mill. kroner. Departementet opplyser vidare at Vox har auka kurstilboda sine for lærarar i norsk og samfunnskunnskap, og at dette vil vere med på å jamne ut kvalitetsforskjellar i opplæringa.
Departementet har inngått ein avtale med SSB om å undersøkje resultata i opplæringa, og i 2013 gav SSB for første gong ut statistikk om deltakarar på norskopplæring. Departementet opplyser at SSB arbeider med å utvikle ein monitor for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap som er meint å gi meir kunnskap om samanhengen mellom deltaking i opplæring, prøveresultat og deltaking i arbeid og utdanning.
Det er innført obligatoriske prøver i norsk og samfunnskunnskap for dei med rett og plikt til norskopplæring som fekk opphaldsløyve etter 1. september 2013. Dette vil gi betre data til å vurdere prøveresultata og dermed kvaliteten på opplæringa. Når ny utgåve av Nasjonalt introduksjonsregister blir implementert i 2014, får departementet og IMDi tilgang til meir detaljerte opplysningar om kursdeltakarane når dei vurderer prøveresultata.
I 2014 lyser departementet ut eit FoU-oppdrag om evaluering av introduksjonsordninga og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Det er vidare oppretta ei arbeidsgruppe leidd av IMDi som skal greie ut korleis kommunane betre kan kombinere introduksjonsprogrammet med grunnskule og vidaregåande opplæring.
Departementet innførte 1. september 2012 krav om statleg tilsyn med og plikt til intern kontroll av korleis kommunane følgjer introduksjonslova, som eit ledd i arbeidet med å betre kvaliteten på introduksjonsprogrammet i kommunane, jf. introduksjonslova § 23. Fylkesmannen gjennomfører tilsynet, og tema for tilsynet i perioden 2013–2015 er om introduksjonsprogrammet i kommunane er heilårleg og på fulltid, og det skal årleg gjennomførast tilsyn i to kommunar i kvart fylke.
I tillegg til introduksjonsordninga har departementet sett i verk eller medverka til tiltak som skal føre til god bruk av kompetansen til innvandrarane, som rekruttering av innvandrarar i statlege verksemder, intervjuordningar i staten og kommunane, moderat kvotering, Mangfaldsportalen, tiltak for etablerarar og Jobbsjansen. Jobbsjansen er ei tilskotsordning til prosjekt for å få særleg heimeverande innvandrarkvinner som manglar grunnleggjande kvalifisering, over i arbeid eller utdanning, men somme prosjekt rettar seg også spesielt mot ungdom. Løyvingane til Jobbsjansen utgjer 87 mill. kroner i 2014.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet opplyser at det samarbeider med Arbeids- og sosialdepartementet om utarbeiding av tildelingsbrev og prioriteringar til Arbeids- og velferdsdirektoratet. På lokalt og regionalt nivå samarbeider IMDis regionkontor med Nav i kommunane og Nav Fylke.
Departementet opplyser vidare at det blir gjennomført nettverkssamlingar, fagseminar og samarbeidsmøte mellom IMDi og kommunar, sektororgan og fylke for å formidle kunnskap og erfaring, og der relevant forsking og tiltak frå andre kommunar og/eller andre land blir presenterte.
Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) er eit register over enkeltpersonar som har teke del i norskopplæring og introduksjonsprogram. Dokument 3:3 (2010–2011) viste at det var manglar og feil ved viktige registreringar i NIR, med negative konsekvensar for styringsinformasjonen til IMDi på området, og potensielt også for rettane til enkeltpersonar.
Departementet opplyser at IMDi har sett i gang eit arbeid for å utvikle eit nytt datasystem som skal erstatte eksisterande NIR og sikre betre funksjonalitet og kvalitet. Det nye systemet skal etter planen implementerast hausten 2014.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet stiller i tildelingsbrevet til IMDi for 2013 følgjande krav til resultat når det gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap:
Delen av dei med rett og plikt som oppfyller plikta si (300/600 timar eller består norskprøve) innan fristen på tre år. Resultatkravet er 90 prosent.
Delen av dei med rett og plikt som går opp til og består norskprøvene. Resultatkravet er 65 prosent bestått skriftleg prøve og 90 prosent bestått munnleg prøve.
Delen av personar med rett og plikt som startar opplæringa. Resultatkravet er at av alle som kjem inn i personkretsen for rett og plikt eitt halvår, skal 50 prosent ha starta opplæringa ved utgangen av halvåret som følgjer, og ved utgangen av neste halvår skal 90 prosent ha starta opplæringa.
Delen personar som byrjar på og som gjennomfører norskopplæringa, er stort sett i tråd med resultatkrava frå departementet. Vidare er resultatet nært kravet for kor stor del som skal bestå munnlege prøver. Resultatet er eit stykke unna kravet når det gjeld kor stor del som skal bestå skriftlege norskprøver, der berre 54 prosent av dei som går opp til norskprøve 2 eller 3, består.
Det kjem fram av statistikken frå SSB at det i 2012 var om lag 37 000 deltakarar på opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det har vore ein auke i talet på deltakarar for alle prøvetypane.
Ei samanlikning av resultata frå dei skriftlege prøvene mellom kommunar viser at det er store variasjonar i kor stor del av deltakarane som består. I 10 av dei 74 kommunane der det blei gjennomført norskprøve 3 i 2013, var delen som bestod prøva, under 40 prosent. I den andre enden av skalaen var det 17 kommunar der fleire enn 70 prosent av dei som møtte opp bestod prøvene sine.
Talet på kommunar som har gjennomført norskprøve 3 desse åra, har auka frå 66 i 2009 til 76 i 2012 og 2013. 42 kommunar har gjennomført skriftleg norskprøve 3. kvart år i perioden 2009–2013. I eit fleirtal av desse kommunane er delen som består prøva, betra i perioden. Dette tyder på at mange av kommunane som får erfaring med å gi opplæring i norsk til innvandrarar, blir betre over tid. Samtidig er det, både for norskprøve 2 og norskprøve 3, ein del kommunar som trass i lang erfaring ikkje har lykkast med å forbetre resultata.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og IMDi erkjenner at det stadig er store kvalitetsforskjellar i arbeidet som kommunane gjer med å inkludere og kvalifisere innvandrarar. På somme område har IMDi dei seinare åra blitt meir uroa over kvalitetsforskjellane i norsk- og samfunnskunnskapsopplæringa mellom kommunane, fordi det blir busett fleire flyktningar i kommunar som ikkje har erfaring med å busetje og kvalifisere flyktningar.
Vox meiner at kvalitetsforskjellane mellom kommunane når det gjeld opplæringa, blant anna kjem av ein ulik tilgang på kvalifiserte lærarar, og særleg lærarar med kompetanse i norsk som andrespråk. Det er ifølgje Vox blitt noko lettare for kommunar å få tilgang til lærarar som kan undervise i samfunnskunnskap på eit språk flyktningane forstår. Vox peiker på at ei mogleg årsak til at resultata varierer, er at det varierer frå år til år kor mange flyktningar som blir busette i dei enkelte kommunane, og korleis flyktninggruppa er sett saman. Dette gjer det ifølgje Vox vanskeleg for kommunane å utvikle eit tilpassa vaksenopplæringsapparat.
KS meiner at kvaliteten på opplæring i norsk og samfunnskunnskap er blitt betre dei siste åra, og at IMDi stiller strengare krav til kvalitet enn før. KS opplyser likevel at kommunane opplever at delen deltakarar med større behov for hjelp har auka i den same perioden.
Norskopplæringa er ifølgje IMDi ikkje god nok. Vaksenopplæringa i kommunane er ikkje tilpassa den store gruppa innvandrarar, men er meir tilpassa den norske befolkninga. IMDi etterlyser eit betre samarbeid med Kunnskapsdepartementet om blant anna utforminga av vaksenopplæringslova. Det er ifølgje Vox ikkje krav om at lærarar i norskundervisninga skal ha kompetanse i norsk som andrespråk.
Ifølgje IMDi er SSB Monitor for introduksjonsordningen og Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) dei mest interessante og pålitelege kjeldene når det gjeld overgangen til arbeid og utdanning for deltakarar på introduksjonsprogrammet. NIR registrerer status på deltakarane idet dei avsluttar programmet, medan SSB Monitor undersøkjer kva tilknyting deltakarane har til arbeidsmarknaden eller utdanning året etter at dei avslutta introduksjonsprogrammet.
Delen deltakarar som går direkte over i arbeid eller utdanning, fell frå 2006 til 2010. Delen aukar frå 2010 til 2011 og stabiliserer seg på dette nivået fram til 2013, då 47 prosent gjekk direkte over i arbeid eller utdanning. Resultatkravet frå departementet er 55 prosent.
Også delen som er i arbeid eller utdanning eitt år etter avslutta introduksjonsprogram, fell i perioden 2006–2010, for deretter å auke noko frå 2010 til 2011. Av dei som gjekk ut av programmet i 2007, var 63 prosent i arbeid eller utdanning eitt år seinare. Tilsvarande tal frå 2011 var 57 prosent, altså ein reduksjon på seks prosentpoeng. Resultatkravet frå departementet er her 70 prosent.
Departementet viser til at resultata i introduksjonsordninga er blitt betre den siste tida, men at resultata framleis er svake, særleg for nokre grupper innvandrarkvinner.
IMDi meiner at statistikken i større grad burde ha teke omsyn til bakgrunnen og kompetansen til kvar enkelt deltakar for å gi eit betre grunnlag for å vurdere resultata. Utdanningsbakgrunnen til deltakarane er ikkje med i statistikken frå NIR, både fordi UDI ikkje har data om dette som kan brukast igjen, og fordi det heller ikkje er heimel i forskrift for å registrere denne typen data i NIR, jf. § 5 i forskrift om nasjonalt introduksjonsregister. IMDi ønskjer at slik informasjon skal kunne overførast/registrerast, og det er planlagt at det skal vere mogleg i den nye versjonen av NIR som er under utvikling. Departementet opplyser at det i tildelingsbrevet til IMDi for 2015 vil vurdere å be om at resultata i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap blir samanstilt med data om kva opplæringsnivå deltakarane er plasserte på. Dette vil ifølgje departementet kunne gi betre informasjon om i kva grad kommunane lykkast med opplæringa, avhengig av utgangspunktet til kursdeltakarane.
IMDi opplyser at statistikken frå SSB og til dels frå NIR over overgangen til arbeid og utdanning gir eit for lite nyansert bilete av kva som er eit godt resultat både med omsyn til føresetnadene deltakarane har til å få jobb eller skuleplass, og til kva som skal reknast som jobb og utdanning.
SSB gjennomførte i 2013 ei undersøking på oppdrag frå IMDi for å analysere kva faktorar som påverkar introduksjonsresultata. Analysen viste at verken fødelandet og utdanningsnivået til flyktningane eller arbeidsmarknaden i regionen kan forklare dei store kommunale forskjellane i kor stor del av deltakarane i introduksjonsprogrammet som kjem i arbeid eller utdanning. IMDi viser til at det er stor variasjon både når det gjeld korleis kommunane organiserer introduksjonsprogrammet, og kor mykje pengar som blir brukt på programmet.
NIR i dag sorterer overgangen til arbeid i to grupper: dei som har arbeid 1–29 timar i veka, og dei som arbeider 30–37,5 timar i veka. Direktoratet meiner dette tilseier at ein bør tolke statistikken varsamt. I den nye versjonen av NIR kan kommunane registrere nøyaktig kor mange timar ein person er sysselsett i veka.
Resultata frå Jobbsjansen låg ikkje føre då IMDis årsrapport for 2013 blei ferdigstilt, men BLD opplyser i juni 2014 at 60 prosent av dei heimeverande innvandrarkvinnene som fullførte Jobbsjansen i 2013, gjekk over i jobb eller utdanning. Det er ein auke på åtte prosentpoeng frå året før. Sjølv om resultata varierer, er det somme kommunar som har svært gode resultat, med over 90 prosent overgang til jobb for deltakarane. BLD meiner at dette er eit godt resultat, sidan deltakarane som regel treng mykje oppfølging før dei kan ta til i arbeid eller på utdanning.
IMDi erfarer at kommunar som arbeider systematisk og langsiktig med introduksjonsprogrammet, oppnår betre resultat enn dei som ikkje gjer det. IMDi meiner at for å få gode resultat bør kommunen gjennomføre ei heilskapleg kartlegging av den enkelte så tidleg som råd etter at personen er busett i kommunen. Oppfølginga må ifølgje direktoratet vere individuelt tilpassa, og eit tverrfagleg team bør stå for oppfølginga der det er behov for det. I tillegg bør kommunen ifølgje IMDi bruke eit tredje år på introduksjonsprogrammet for personar som står langt frå arbeidsmarknaden.
Departementet opplyser at det til no ikkje har fått noka samanfatning av tilsynsrapportane, men at dei tilsyna som fylkesmannen har gjennomført, avdekkjer avvik både når det gjeld om introduksjonsprogrammet er på fulltid, og om det er heilårleg. Riksrevisjonens gjennomgang av tolv tilgjengelege tilsynsrapportar frå åtte fylke viser også at fleire kommunar ikkje utarbeider individuelle planar i samsvar med introduksjonslova. IMDi meiner at informasjonen frå tilsyna er viktig, og trur at tilsynet verkar disiplinerande for kommunane.
KS erfarer at organisasjonsmåten ikkje har mykje å seie for om introduksjonsprogramma får gode resultat, men peiker på at godt samarbeid mellom introduksjonsprogrammet og Nav er viktig når det gjeld bruken av arbeidsretta tiltak. KS meiner at det er behov for tiltak gjennom Nav som er meir tilpassa flyktningar.
Departementet opplyser at det ikkje har vurdert meir detaljerte lovkrav til opplæringa i norsk og samfunnskunnskap enn det som ligg i introduksjonslova i dag. Det er i stor grad opp til kommunen å operasjonalisere krava i lova. Departementet meiner at sidan fleire kommunar har problem med å oppfylle dei krava som ligg i lova i dag, er det lite tenleg å innføre nye krav på området.
Departementet meiner at IMDi har ei utfordring når det i hovudsak ved hjelp av pedagogiske verkemiddel skal få kommunar til å busetje fleire flyktningar og samtidig stille krav til korleis kommunane skal drive inkluderings- og opplæringsarbeidet.
Delen flyktningar som tek til i jobb eller utdanning etter at dei er ferdige med introduksjonsprogrammet, fall i perioden 2006–2010, men har stige noko att sidan 2010. Det er framleis under halvparten av deltakarane som går direkte til jobb eller utdanning etter avslutta program. Eitt år etter avslutta program er delen personar i jobb eller utdanning knapt 60 prosent. Både ved avslutning av programmet og eitt år etter er resultata svakare enn dei resultatkrava departementet har stilt.
Introduksjonsprogrammet er eit sentralt verkemiddel for å kvalifisere deltakarane til ordinært arbeid eller utdanning, og Riksrevisjonen meiner det er positivt at departementet har innført tilsyn med dette. Men gjennomførte tilsyn viser manglar og veikskapar i introduksjonsprogrammet i fleire kommunar, blant anna at programmet ikkje er heilårleg, ikkje er på fulltid, og at det ikkje blir utarbeidd individuelle planar i samsvar med introduksjonslova.
Riksrevisjonen har merka seg at IMDi no disponerer kommunale utviklingsmidlar, og dette tiltaket vil kunne forbetre introduksjonsprogrammet og norskopplæringa i kommunane. Riksrevisjonen merkar seg også at Vox har auka kurstilbodet sitt for lærarar i norsk og samfunnskunnskap.
Sjølv om det er stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kor stor del av deltakarane som gjennomfører avsluttande prøve kvart år, har ikkje departementet analysert nærare kva som kan vere årsaka til desse forskjellane. Riksrevisjonen meiner at departementet har for lite systematisk informasjon om kvaliteten på opplæringa utover kor stor del som består prøvene. Riksrevisjonen har merka seg at departementet har innført obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap for dei som fekk rett og plikt til denne undervisninga etter 1. september 2013. Dette vil, etter kvart som denne gruppa fullfører opplæringsløpet sitt, gi departementet og IMDi eit betre grunnlag for å vurdere arbeidet kommunane gjer med opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Vidare har departementet i liten grad kartlagt informasjon om utdanningsbakgrunnen til flyktningane, dels på grunn av måten forskrift om Nasjonalt introduksjonsregister er utforma på, og dels fordi registeret i seg sjølv gjer det vanskeleg å samle inn slike opplysningar. Riksrevisjonen meiner det er viktig for korleis departementet skal styre dette området, og for korleis IMDi skal følgje opp kommunane, at det nye NIR og gjeldande reguleringar legg til rette for innsamling og omarbeiding av sentrale opplysningar om ferdigheitsnivået til flyktningane og kva utbytte dei har av undervisninga.
Deltakarane i norskopplæring byrjar på og fullfører i stor grad innanfor dei målkrava som departementet har sett på området. Ein stor del av deltakarane består dei munnlege prøvene i norsk, og ein noko mindre del består dei skriftlege prøvene.
Resultata varierer mellom kommunane, og kvalitetsforskjellane i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er framleis store. Undersøkinga viser at i nye busetjingskommunar er delen flyktningar som består prøvene, i gjennomsnitt lågare enn i kommunar med lengre erfaring med å busetje og integrere flyktningar. Samtidig er det ein del kommunar som ikkje har klart å auke delen som består prøvene sjølv etter fleire års erfaring med opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dette indikerer både at det er behov for å styrkje støtta til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i nye busetjingskommunar, og at det bør rettast inn tiltak mot kommunar med svake resultat over tid. I den samanhengen bør departementet vurdere korleis ein kan betre overføringa av erfaring frå kommunar med gode resultat på dette området.
Riksrevisjonen har merka seg at departementet vil evaluere ordninga med introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og at departementet no vil be IMDi om å utvikle statistikk der ein kan sjå resultata opp mot forkunnskapane til deltakarane. Riksrevisjonen har vidare merka seg at departementet har bede SSB om å undersøkje samanhengen mellom opplæring i norsk og samfunnskunnskap og overgangen til arbeid.
Departementet har sett i verk og skal setje i verk fleire tiltak for å betre kvaliteten i introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Fleire av dei tiltaka som er sette i verk, har berre verka i kort tid, og vidare tiltak er anten planlagde eller under oppstart. Riksrevisjonen har merka seg at dei fleste av tiltaka er retta inn mot å skaffe informasjon og ikkje direkte mot å forbetre resultatet i kommunane. Riksrevisjonen meiner det er behov for tiltak for kommunar med svake resultat.
Riksrevisjonen følgjer saka vidare.
Komiteenviser til at Riksrevisjonens oppfølging av undersøkelse av Integrering- og mangfoldsdirektoratets måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger – Dokument 3:3 (2010–2011) – følges videre.
Komiteen har merket seg at departementet mener opplæring i norsk og samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet er sentrale virkemidler i den grunnleggende kvalifiseringen av nyankomne flyktninger og innvandrere. Det rettes derfor stor oppmerksomhet mot dette både fra departementets og IMDIs side, samtidig som både departementet og IMDI erkjenner at det stadig er store kvalitetsforskjeller i kommunenes arbeid med å inkludere og kvalifisere innvandrere.
Komiteen har videre merket seg at det i 2013 ble innført en tilskuddsordning med kommunale utviklingsmidler for å forbedre kvaliteten i norskopplæringen. Kurstilbudet for lærere i norsk og samfunnskunnskap ble økt, og det ble inngått avtale med SSB om å undersøke resultatene i opplæringen. Det er også innført obligatoriske prøver i norsk og samfunnskunnskap for dem som fikk oppholdstillatelse etter 1. september 2013.
Komiteen viser til at Riksrevisjonen peker på at departementet på flere områder har satt i verk tiltak – og også vil sette i verk tiltak – for å bedre kvaliteten både i introduksjonsprogrammet og opplæringen i norsk og samfunnskunnskap, og at disse tiltakene må få virke over noen tid.
Komiteen er i likhet med Riksrevisjonen av den oppfatning at tiltakene som er iverksatt, først og fremst skal skaffe informasjon og ikke er rettet inn mot kommunene. Komiteen mener derfor at kvalitetsforskjellene i opplæringen kommunene imellom tilsier at det bør rettes inn tiltak mot kommuner med svake resultater.
Komiteen er tilfreds med at Riksrevisjonen følger saken videre.