Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding til romertall I–VI fremmes av en enstemmig komité.

Komiteens tilråding til romertall VII fremmes av Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1320

Statens vegvesen

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med

109 600 000

frå kr 9 704 500 000 til kr 9 814 100 000

26

Vegtilsyn, blir redusert med

3 000 000

frå kr 16 000 000 til kr 13 000 000

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31 og post 72, blir auka med

66 000 000

frå kr 10 531 700 000 til kr 10 597 700 000

34

(Ny) Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med

78 000 000

1350

Jernbaneverket

23

Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med

225 000 000

frå kr 6 104 900 000 til kr 6 329 900 000

30

Investeringar i linja, kan overførast, blir redusert med

257 000 000

frå kr 8 653 700 000 til kr 8 396 700 000

34

(Ny) Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med

44 000 000

1360

Kystverket

30

Nyanlegg og større vedlikehald, kan overførast, blir redusert med

10 000 000

frå kr 539 260 000 til kr 529 260 000

34

(Ny) Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, kan overførast, blir løyvd med

10 000 000

Inntekter

4320

Statens vegvesen

2

Diverse gebyr, blir auka med

82 500 000

frå kr 317 500 000 til kr 400 000 000

3

Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med

87 100 000

frå kr 32 900 000 til kr 120 000 000

4370

(Ny) Posttenester

70

Tilbakebetaling post- og banktenester, blir løyvd med

2 055 000

4380

Post- og teletilsynet

1

Diverse gebyr, blir redusert med

4 400 000

frå kr 157 100 000 til kr 152 700 000

51

Frå reguleringsfondet, blir auka med

6 789 000

frå kr 10 000 000 til kr 16 789 000

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

74

Sektoravgifter Kystverket, blir auka med

12 545 000

frå kr 773 453 000 til kr 785 998 000

II

Fullmakter til å pådra forpliktingar for staten utover gitte løyvingar

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan:

  • 1. forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 Vest for Alta, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 3 800 mill. kroner.

  • 2. forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i linja og post 31 Nytt dobbeltspor Oslo–Ski, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 950 mill. kroner.

III

Tilføying av stikkord

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan tilføye stikkordet «kan overførast» på:

  • 1. kap. 1321 Utbyggingsselskap for veg, post 96 Aksjekapital.

  • 2. kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 71 Tilskott til breibandsutbygging.

IV

Overføringar til og frå reguleringsfondet

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2014 kan overføre inntil 17 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.

V

Kostnadsramme

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre investeringsprosjektet E39 Hove–Sandved innanfor ei kostnadsramme på 770 mill. kroner.

VI

Forlenging av innkrevjingsperiode

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å forlengje innkrevjingsperioden for bompengar for heile E18 gjennom Vestfold frå 15 til 20 år.

VII

Forlenging av innkrevjingsperiode
  • 1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å forlengje innkrevjinga av bompengar med to år til å delfinansiera prosjekt og tiltak på fv. 545 i Stord og Fitjar kommunar. Vilkåra går fram av Prop. 149 S (2011–2012), Innst. 50 S (2012–2013) og Innst. 118 S (2014–2015).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.