Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Programkategori 21.30 Vegformål

Førebels er skadane i oktober 2014 berekna til om lag 15 mill. kroner. Av dette gjeld 10 mill. kroner akuttiltak under og rett etter flaumen, og utgiftene kjem til utbetaling i 2014. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til dette formålet, fordelt med om lag 3 mill. kroner til Sogn og Fjordane og 7 mill. kroner til Hordaland.

På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 2 Diverse gebyr, og post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320 post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med til saman 169,6 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått ført på ein eigen post, og løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m. blir foreslått redusert med 70 mill. kroner, jf. omtale under kap. 1320 post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 109,6 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 26 Vegtilsyn med 3 mill. kroner med bakgrunn i lågare forbruk.

Departementet har gitt Statens vegvesen fullmakt til å starte ordinært grunnerverv på grunnlag av godkjent kommunedelplan. Vedteken kommunedelplan for strekninga E18 Lysaker–Ramstadsletta ligg no føre. Departementet foreslår 40 mill. kroner til dette formålet.

Grunnerverv må gjennomførast så raskt som mogeleg, og fortrinnsvis i 2014, for å sikre tilstrekkeleg framdrift for prosjektet. Det blir foreslått 10 mill. kroner til dette grunnervervet.

Under planlegging av E18 på strekninga Krosby–Knapstad i Spydeberg kommune blei det avklart at fv. 115 Vamma–Ringnesdalen (tidlegare rv. 115) skulle byggjast i staden for eit planlagt kryss mellom ny E18 og vegen mellom Spydeberg og Skiptvet fv. 122.

Samferdselsdepartementet meiner det kan forsvarast at delar av kostnadene knytt til fv. 115 Vamma–Ringnesdalen blir delfinansiert med statlege midlar, og at meirkostnaden på 47 mill. kroner blir delt likt mellom statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Ei tredeling vil innebere om lag 16 mill. kroner på kvar av partane.

Samferdselsdepartementet foreslår ei løyving på 16 mill. kroner. Ein føresetnad for løyvinga er at lokale styresmakter aksepterer ei tredeling av kostnadene. Departementet vil ev. komme tilbake med forslag om å utvide bompengeopplegget.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 66 mill. kroner.

Departementet foreslår å løyve 78 mill. kroner på kap. 1320 Statens vegvesen, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, jf. også kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn.

På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2014 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320 Statens vegvesen, post 2 Diverse gebyr, med 82,5 mill. kroner, jf. kap. 1320 post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2014 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320 Statens vegvesen, post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 87,1 mill. kroner, jf. kap. 1320 post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

Etablering av utbyggingsselskap for veg er omtalt i Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane, Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014 og Prop. 1 S (2014–2015).

Samferdselsdepartementet tek sikte på å etablere utbyggingsselskapet i løpet av 2015, og at det er operativt med planlegging og utbygging av konkrete riksvegprosjekt snarast mogleg etter etableringa.

Nødvendige avklaringar for å få etablert interimsselskapet ligg ikkje føre. Departementet foreslår derfor at kap. 1321 post 96 Aksjekapital får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Samferdselsdepartementet har i 2014 fullmakt til å pådra staten forpliktingar for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at samla ramme for gamle og nye forpliktingar ikkje overstig 2 700 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2013–2014) og Innst. 13 S (2013–2014). Ein gjennomgang av kontraktforpliktingane viser at det er behov for å auke ramma for forpliktingar til 3 800 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Prosjektet er m.a. omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, som del av prosjektet E39 Ålgård–Sandved, og Prop. 1 S (2014–2015), side 103. Prosjektet er ein del av Nord-Jærenpakka, jf. Prop. 28 S (2011–2012) Forlenging av bompengeordninga i Nord-Jærenpakka i Rogaland.

Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er no gjennomført. Samferdselsdepartementet har slutta seg til vurderingane og legg etter dette til grunn ei ny styringsramme på 730 mill. 2014-kroner og ei kostnadsramme på 770 mill. 2014-kroner, jf. forslag til romertalsvedtak.

Samferdselsdepartementet har ved behandlinga av Prop. 119 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån, jf. Innst. 308 S (2013–2014), fått fullmakt til å redusere takstane i prosjekt som tidlegare har vore behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp pr. 20. juni 2014. Fullmakta er basert på lågare berekningsteknisk rente enn 6,5 pst.

Departementet foreslår at innkrevjingsperioden for heile E18 gjennom Vestfold blir forlengd frå 15 til 20 år, jf. forslag til romartalsvedtak. Dette vil gi ein samla bompengetakst på om lag 57 kroner gjennom fylket, mot 88 kroner i dag.

Det vil framleis vere mogleg for bompengeselskapet å forlenge innkrevjinga med ytterlegare fem år og auke realtakstane med 20 pst. viss økonomien i bompengeselskapet blir dårlegare enn rekna med.

Det er ein føresetnad at heile E18-prosjektet blir lagt inn under eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte.

Etter gjeldande retningslinjer er hovudregelen at det blir etablert eitt bompengeselskap per bompengeprosjekt. Bakgrunnen for dette er å sikre at det ikkje førekjem kryssubsidiering mellom prosjekta.

I Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane varsla regjeringa ei omorganisering av bompengesektoren, der det blir teke sikte på at eit fåtal bompengeselskap får ansvaret for bompengeinnkrevjinga i Noreg. Samferdselsdepartementet ønskjer å leggje til rette for pragmatiske og effektive løysingar for organiseringa av bompengefinansiering av nye prosjekt i overgangsperioden fram til den nye organiseringa av sektoren er på plass.

For å ivareta dei ulike omsyna legg Samferdselsdepartementet til grunn at bompengefinansieringa/-innkrevjinga for nye prosjekt kan bli lagt til allereie eksisterande selskap viss fylkeskommunar er majoritetseigar i det aktuelle selskapet. I tillegg må lokale styresmakter også forplikte seg til å leggje prosjekta inn under eit av dei nye selskapa når dei er på plass.

Strekninga Kongsvinger–Slomarka på E16 i Hedmark er planlagt opna for trafikk hausten 2014. Prosjektet er delvis finansiert med bompengar, jf. Prop. 104 S (2010–2011) Finansiering og utbygging av rv. 2 Kongsvinger (Kurusand)–Slomarka i Hedmark.

Lokalt har det vore ønske om ny gjennomgang av bompengeopplegget på denne strekninga. Diskusjonen har dreia seg om plasseringa av innkrevjingspunkta på lokalvegane og at enkelte område ville komme svært uheldig ut med den planlagde plasseringa. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet ny plassering av bomstasjonane på lokalvegane. Dette inneber desse justeringane samanlikna med Prop. 104 S (2010–2011):

  • bomstasjonen på dagens E16 ved Øyset blir flytta til Fulu

  • bomstasjonen på fv. 175 blir flytta til fv. 298 Kraftverksvegen nær Fulukrysset

Endringane gjer at det er behov for ei ny rekning av takstane. I Prop. 104 S (2010–2011) er det lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. ved vurdering av takstane. Sidan prosjektet er omfatta av overgangsordninga fram til ei rentekompensasjonsordning for bompengelån er etablert, jf. Prop. 119 S (2013–2014), har lokale styresmakter høve til å leggje til grunn ei lågare rekneteknisk rente.

I Trøndelag har det vore eit nært samarbeid mellom Trøndelag Bomveiselskap AS og Bomvegselskapet E39 Øysand–Thamshamn AS, der selskapa har stått fram som ei felles eining overfor bilistane. Dette har vore mogleg fordi selskapa har samarbeidd om kjøp av eksterne driftstenester.

Trøndelag Bomveiselskap AS som er eigd av Sør-Trøndelag fylkeskommune og Nord-Trøndelag fylkeskommune, blei opphavleg etablert som bompengeselskap for prosjektet E6 Trondheim–Stjørdal. I ettertid er òg bompengeinnkrevjinga for prosjekta Miljøpakke Trondheim og fv. 714 Stokkhaugen–Sunde, trinn 1 (Laksevegen), lagt til selskapet. For prosjekta E6 Trondheim–Stjørdal og fv. 714 Laksevegen er det lagt opp til ein rabattstruktur som krev innbetaling av forskott.

For prosjekta E6 Trondheim–Stjørdal og E39 Øysand–Thamshamn har det utvikla seg ein praksis der bilistane oppnår full rabatt på begge prosjekta ved innbetaling av eitt forskott. Dette er i strid med føringane frå Stortinget og dei takstvedtaka som er fatta av Vegdirektoratet.

Innkrevjinga av bompengar til prosjektet E39 Øysand–Thamshamn vil etter planen bli avvikla i 2017 når prosjektet blir ferdig betalt. Sidan det er relativt kort tid att av innkrevjingsperioden og for å unngå auka forskottskrav for bilistane i Trøndelagsfylka, legg Samferdselsdepartementet opp til at selskapa i denne perioden kan vidareføre dagens praksis med at bilistane betalar inn eit felles forskott som gir rabatt både på E6 Trondheim–Stjørdal og E39 Øysand–Thamshamn.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2001–2002) slutta Stortinget seg til delvis bompengefinansiert utbygging av delstrekningar på E39 over Stord. Innkrevjinga skulle gjennomførast ved påslag på ferjetakstane i sambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg. Bompengeinnkrevjinga starta i 2002 og var føresett avslutta ved utgangen av 2008.

Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei bompengeperioden forlengd med fire år til utgangen av 2012 for å delfinansiere prosjekt og tiltak på fv. 545 i Stord og Fitjar kommunar, på vestsida av Stord.

I Prop. 149 S (2011–2012) blei det vist til at fv. 545 er omkøyringsveg ved stenging av E39, og at ein del av trafikken i ferjesambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg er trafikk til og frå Fitjar. I tillegg til bompengar blei det lagt til grunn fylkeskommunale midlar. Det var vurdert som aktuelt å gjennomføre fire prosjekt. Eitt er gjennomført, men noko restarbeid står att. Dei tre andre prosjekta er ikkje gjennomførte.

Etter initiativ frå Stord kommune er det søkt om å forlenge innkrevjinga i ferjesambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg med ytterlegare to år til utgangen av 2016. Søknaden er utarbeidd av Stord og Fitjar kommunar i samarbeid med Statens vegvesen. Bakgrunnen for den nye søknaden er kostnadsauke grunna auka standardkrav og endra løysingar. I tillegg er det ønske om å utvide pakka med ytterlegare eit prosjekt på fv. 545.

Ut frå samanhengen mellom nytte og betaling meiner departementet at det ikkje er akseptabelt å forlenge bompengeperioden ytterlegare. Samferdselsdepartementet har derfor ikkje tilrådd den føreslåtte forlenginga.

Komiteen har merket seg at det blir satt av nødvendige midler i 2014 for å dekke akuttiltak på veiene i Sogn og Fjordane og Hordaland etter flommen i slutten av oktober 2014.

Komiteen har registrert at det kan være vanskelig å fastslå gebyrinntekter og refusjoner fra forsikringsselskap helt eksakt ved budsjettårets begynnelse. Samferdselsdepartementet har oppdatert anslaget for 2014 og øker inntektene i kapittel 4320 med 169,6 mill. kroner. Komiteen har samtidig merket seg at posten drift og vedlikehold av riksveier blir styrket med 109,6 mill. kroner, og at det blir etablert en egen post for tiltak på riksvei i Nordland, Troms og Finnmark basert på kompensasjon for økt arbeidsgiveravgift. Post 30 Riksveginvesteringer blir foreslått økt med 66 mill. kroner, derav 50 mill. kroner til grunnerverv og 16 mill. kroner til sidevegstiltak i Østfold.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til svar fra statsråden av 8. desember 2014 på spørsmål vedrørende dekning av merutgifter ved sidevegstiltak knyttet til E18-utbyggingen i Østfold og kostnadsfordeling. Flertallet viser til at statsråden vil vurdere spørsmålet på nytt og komme tilbake til Stortinget så snart som mulig.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil peke på at dette er en eldre sak og at ordningen med sidevegsmidler er noe som de tre kommunene i Indre Østfold fikk for å ruste opp deler av sidevegene i kommunene. I forbindelse med utbyggingen av fv. 115 Vamma–Rignesdalen (tidligere rv. 115), påløp en merkostnad på prosjektet på 47 mill. kroner. Disse medlemmer mener at det kan forsvares at deler av disse kostnadene blir delfinansiert med statlige midler, og mener at en tredeling som foreslått i Prop. 32 S (2014–2015), ville være en god og rimelig måte å løse saken på. Disse medlemmer er gjennom svar fra departementet gjort kjent med at Østfold fylkeskommune har stilt seg avvisende til en slik løsning. Disse medlemmer håper likevel at det vil være mulig å få til en løsning sammen med Østfold fylkeskommune. Disse medlemmer har registrert at den forrige regjeringen, regjeringen Stoltenberg II, ikke hadde en eneste statlig krone ekstra for å bidra til en løsning.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil vise til at det i proposisjonen i forbindelse med omtalen av sidevegstiltak i Østfold knyttet til E18-utbyggingen, legges opp til en tredeling av merkostnadene på 47 mill. kroner for prosjektet fv. 115 Vamma–Ringnesdalen. Disse medlemmer har merket seg at regjeringens forslag innebærer at merkostnadene på 47 mill. kroner skal fordeles likt mellom statlige midler, fylkeskommunale midler og bompenger, samt at en slik tredeling på om lag 16 mill. kroner på hver instans også forutsetter at lokale myndigheter aksepterer en tredeling av kostnadene. Disse medlemmer vil vise til svar fra samferdselsministeren på spørsmål om det foreligger enighet om tredeling av merkostnadene, og har merket seg at det per i dag ikke foreligger noen enighet om merkostnadsdekning med Østfold fylkeskommune. Disse medlemmer har videre merket seg at det er gjennomført drøftinger mellom Samferdselsdepartementet, Østfold fylkeskommune og representanter fra berørte kommuner, og at Samferdselsministeren anfører at det neppe vil være mulig å kunne oppnå en enighet om tredeling av merkostnadene. Disse medlemmer har endelig merket seg at statsråden i sitt svar anfører at Samferdselsdepartementet vil vurdere saken på nytt, og komme tilbake til Stortinget med en ny vurdering så snart som mulig.

Disse medlemmer er forundret over at regjeringen har foreslått en tredeling av inndekningen av merkostnadene for prosjektet fv. 115 Vamma–Ringnesdalen. Disse medlemmer vil vise til Innst. 510 S (2012–2013), jf. Prop 176 S (2012–2013) Revisjon og sluttføring av Østfoldpakka. Utbygging og finansiering av E18 på strekningene Riksgrensen–Ørje og Knapstad–Retvet i Østfold og Akershus, der de daværende medlemmene i transport- og kommunikasjonskomiteen fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti sterkt kritiserte daværende regjering for manglende statlig finansiering av tilførselsvei fv. 115 fra Vamma og etablering av rasteplass ved Smaalenenes bru. Disse medlemmer vil vise til at partiene Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti gikk meget høyt på banen med løfter om statlig fullfinansiering av fv. 115 Vamma–Ringnesdalen i forbindelse med debatten om Innst. 510 S (2012–2013). Disse medlemmer er derfor svært forundret over at Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti ikke følger opp sine egne løfter når de er kommet i posisjon som regjeringspartier og støtteparti for regjeringen.

Komiteen har merket seg at prosjektet E39 Hove–Sandve i Rogaland har blitt dyrere enn først antatt og at ny kostnadsramme blir satt til 770 mill. kroner basert på kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Det er lagt opp til anleggsstart så tidlig som mulig i 2015.

Komiteen har registrert at regjeringen tar sikte på å etablere utbyggingsselskapet for veg i løpet av 2015, og at det vil være operativt med planlegging og utbygging av konkrete riksvegprosjekter snarest mulig etter etableringen.

Komiteen har registrert at Samferdselsdepartementet foreslår forlenget bompengeinnkreving på E18 gjennom Vestfold. Vestfold fylkeskommune har med utgangspunkt i overgangsordningen for rentekompensasjonsordningen ønsket et takstopplegg basert på 4,5 pst. beregningsteknisk rente og utvidet innkrevingsperiode fra 15 til 20 år. Komiteen har merket seg at Samferdselsdepartementets forslag er i tråd med lokale ønsker.

Komiteen støtter det fremlagte forslaget.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil påpeke at forslaget om lavere satser og lengre innkrevingstid er etter ønske og vedtak i Vestfold fylkeskommune. Disse medlemmer har merket seg at Vestfold fylkeskommune ønsker lavest mulig takst tidligst mulig, blant annet av trafikksikkerhetshensyn ved å få flere til å benytte seg av nye E18 istedenfor sideveiene. Disse medlemmer vil også påpeke at muligheten for å gjøre disse tilpasningene kommer som et resultat av Høyre/Fremskrittsparti-regjeringens nye politikk, der det kan legges til grunn en lavere beregningsteknisk rente ved beregning av bompengetakstene.

Disse medlemmer viser til at når den varslede bomreformen trer i kraft, vil det gi handlingsrom til å justere ned bomtakster og/eller nedbetalingstid, deriblant på E18 Vestfold. Dermed vil den midlertidige forlengelsen av nedbetalingstiden reduseres.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil imidlertid peke på at forlengelsen betyr at bilistene totalt sett må betale mer i bompenger enn forutsatt på E18 gjennom Vestfold, fordi en økt innkrevingsperiode på 5 år også innebærer at det påløper ekstra administrasjons- og finanskostnader for bompengeprosjektet i 5 år.

Komiteen er opptatt av at overgangen til den nye organiseringen av bompengesektoren skal gå smidig, og deler Samferdselsdepartementets ønske om å legge til rette for pragmatiske og effektive løsninger for organiseringen av bompengefinansieringen av nye prosjekter i overgangsperioden. Komiteen legger til grunn at bompengefinansieringen for nye prosjekter kan bli lagt til allerede eksisterende selskaper der fylkeskommunen er majoritetseier. Komiteen er samtidig opptatt av at det blir tatt nødvendige grep for å sikre at det ikke oppstår situasjoner med uønsket kryssubsidiering mellom prosjektene.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil understreke at de er positive til at regjeringen er opptatt av tiltak for å effektivisere og forbedre bompengesektoren, men vil vise til at regjeringen for E18 gjennom Vestfold faktisk øker den totale bompengebelastningen for bilistene.

Disse medlemmer vil i tillegg vise til at mange av tiltakene i den såkalte bompengereformen til Høyre/Fremskrittsparti-regjeringen ble lagt fram av den rød-grønne regjeringen i Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP), og ble vedtatt i Stortinget i juni 2013, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) og Innst. 450 S (2012–2013). Disse medlemmer vil vise til at sentrale elementer for effektivisering i NTP er å slå sammen bompengeselskaper og å samordne takst- og rabattsystemer, noe som vil gi reduserte administrasjonskostnader og gi en mer effektiv drift.

Disse medlemmer avventer regjeringens kommende forslag til en rentekompensasjonsordning for bompengelån, men er imidlertid positiv til å drøfte og se på fornuftige endringer og justeringer av den beregningstekniske renten for bompengelån. Disse medlemmer har merket seg at regjeringen ønsker å benytte dette til lavere bompengetakster eller raskere nedbetalingstid for bompengeprosjekter, som er en konsekvens av dagens beregningstekniske rente. Disse medlemmer har merket seg at regjeringen for E18 gjennom Vestfold faktisk også legger opp til å øke den totale bompengebelastningen for bilistene gjennom en kombinasjon av lavere beregningsteknisk rente og forlenget innkrevingsperiode for bompengene, noe disse medlemmer er skeptiske til på generelt grunnlag.

Disse medlemmer vil i den sammenheng understreke at man også er opptatt av å få mest mulig veg for pengene. Disse medlemmer mener at det økonomiske mulighetsrom som følge av at det legges en lavere beregningsteknisk rente til grunn, også bør kunne benyttes til å få mer veg for pengene.

Komiteen har registrert at det er foreslått ny plassering av bomstasjonene på lokalveiene i forbindelse med prosjektet E16 Kongsvinger–Slomarka basert på et lokalt ønske om en ny gjennomgang av bompengeopplegget. Komiteen har merket seg at forslaget forutsetter en ny gjennomgang av bompengetakstene, nye lokalpolitiske vedtak og at Akershus og Hedmark fylkeskommuner opprettholder garantivedtakene sine.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, viser til at E16 fra Kløfta og til Kongsvinger er en svært viktig strekning, og at det er viktig å sikre en så rask fremdrift som mulig i prosjektet. Flertallet har registrert at når det er gjort endringer i plasseringen av bomstasjonen på gamle E16, er det helt i tråd med lokale myndigheters ønsker og vedtak fra 2013. Flertallet har registrert at forslaget om å flytte bomstasjonen på fv. 175 til fv. 298 Kraftverksvegen nær Fulukrysset, ikke vil ha betydning for beboerne i Fulu og Knutsrud, men at det er foreslått etablert et fritak etter 30 passeringer i måneden for alle lette kjøretøy med elektronisk brikke. Flertallet vil påpeke at det er en bedre ordning enn den forrige regjeringen la opp til, der det ikke var foreslått noe passeringstak. Flyttingen av bomstasjonen fra fv. 175 til fv. 298 vil kreve nye lokalpolitiske vedtak. Flertallet viser også til at denne løsningen forutsetter positive vedtak i Akershus og Hedmark fylkeskommuner.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet understreker viktigheten av å få bygd sammenhengende motorveg på E16 mellom Kløfta og Kongsvinger, og er derfor tilfreds med at ny motorveg nylig ble åpnet mellom Kongsvinger og Slomarka i kommunene Kongsvinger og Sør-Odal.

Disse medlemmer viser til at det ved behandlingen av bompengeproposisjonen for E16 Kongsvinger–Slomaka (da som rv. 2) ble lagt opp til bomstasjoner på nye E16 og på fv. 175 ved SIVA og på framtidig lokalveg ved Øyset (gamle E16), jf. Prop. 104 S (2010–2011) Finansiering og utbygging av rv. 2 Kongsvinger (Kurusand)–Slomarka i Hedmark. Disse medlemmer viser videre til at en slik plassering av bomstasjonene gjorde at beboere på sørsiden av Glomma kom uheldig ut, og at departementet derfor valgte å flytte bomstasjonene til Fulu og Kraftverksvegen/Fulukrysset.

Disse medlemmer er tilfreds med at det er funnet løsninger som ivaretar beboerne på sørsiden av Glomma, men registrerer samtidig at departementet ikke har funnet løsninger som beboerne i området rundt Fulu og Knutsrud på nordsiden av Glomma er tilfreds med.

Disse medlemmer viser til at departementet under omtalen av et annet bompengeprosjekt i Prop. 32 S (2014–2015) skriver:

«Samferdselsdepartementet viser til at dagens retningslinjer for bompengeprosjekt føreset at det skal vere samanheng mellom nytte og betaling. Dei som betalar bompengar, skal ha nytte av det aktuelle vegprosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betale bompengar, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 93.»

Disse medlemmer deler denne prinsipielle vurderingen, og registrerer samtidig at departementet legger opp til at beboerne i området rundt Fulu og Knutsrud må betale bompenger for å benytte gamlevegen til Kongsvinger som er deres naturlige handels- og servicesenter, og det selv om de ikke benytter den nye vegen i det hele tatt. De berørte beboerne vil riktignok bli omfattet av ordningen med passeringstak på 30 passeringer i måneden ved passering av bomstasjonen på gamle E16. Disse medlemmer vil imidlertid presisere at dette er en ordning som vil gjelde for alle lette kjøretøy med elektronisk brikke, jf. brev fra samferdselsministeren av 8. desember 2014 med svar på spørsmål stilt av komiteen, og er altså ingen spesialordning for beboerne i området rundt Fulu og Knutsrud.

Komiteen har registrert at det i prosjektet fv. 714 er satt krav om et eget forskudd for å oppnå rabatter ved passering i bomstasjonene. Komiteen har merket seg at det for prosjektene E6 Trondheim–Stjørdal og E39 Øysand–Thamshamn har utviklet seg en praksis der bilistene oppnår full rabatt på begge prosjektene ved å betale ett forskudd, noe som er i strid med føringene fra Stortinget. Komiteen legger til grunn at det er relativt kort tid til prosjektet E39 Øysand–Thamshamn er ferdig nedbetalt og at Samferdselsdepartementet derfor foreslår at dagens praksis kan videreføres.

Komiteen har merka seg at Fitjar og Stord kommunar og Hordaland fylkeskommune ønskjer å vidareføre bompengeinnkrevjinga på ferjesambandet E39 Halhjem–Sandvikvåg i to nye år for å finansiere tiltak på fv. 545. Os kommune har gått imot forslaget. Komiteen har registrert at bompengeinnkrevjinga allereie har blitt utvida to gonger, siste gong for å finansiere tiltak på fv. 545. Komiteen har merka seg at Samferdselsdepartementet ut frå samanhengen mellom nytte og betaling, meiner det ikkje er akseptabelt å forlengje bompengeperioden ytterlegare.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at fv. 545, som går på vestsida av Stord, er den einaste omkjøringsvegen til E39 dersom denne strekninga må stengjast. Delar av vegen er smal og svingete, og det er eit mål å gjere vegen tryggare.

Fleirtalet har merka seg det lokale initiativet om å forlengje innkrevjinga på ferjestrekninga E39 Halhjem–Sandviksvåg med to år for å delfinansiere prosjekt og tiltak på fv. 545 i kommunane Stord og Fitjar. Fleirtalet støttar søknaden som er utarbeidd av Stord og Fitjar kommunar i samarbeid med Statens vegvesen og som Hordaland fylkeskommune har slutta seg til, og meiner at det er rimeleg at ferjetrafikantane er med på spleiselaget i to år til for å ruste opp den viktige avlastingsvegen fv. 545.

Fleirtalet viser i denne samanheng også til Stortinget si behandling av Prop. 149 S (2011–2012), jf. Innst. 50 S (2012–2013).

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

  • «1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å forlengje innkrevjinga av bompengar med to år til å delfinansiere prosjekt og tiltak på fv. 545 i Stord og Fitjar kommunar. Vilkåra går fram av Prop. 149 S (2011–2012), Innst. 50 S (2012–2013) og Innst. 118 S (2014–2015).

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga».