Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte leggje fram for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter for menneske med nedsett arbeidsevne og i den samanheng vurdere følgjande:

  • Følgje opp og vidareutvikle ungdomsgarantiane for dei under 30 år.

  • Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne».

  • Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg sektor for menneske med nedsett arbeidsevne.

  • Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar og opplæringsstillingar, med vekt på grupper som i dag står utanfor arbeidslivet, særleg personar med psykiske lidingar og personar med nedsett funksjonsevne.

  • Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.

  • Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.

  • Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine insentiv til framleis tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.

  • Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god oppfølging frå Nav.

  • Lågare inngangskrav i AAP-ordninga enn dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som har overgang frå sjukepengar.

  • Gradering i AAP-ordninga til erstatning for dagens avkortingsreglar.

  • Tiltak for raskare avklaring av personar på AAP, og vurdere om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.

  • Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for mottakarar av AAP.

  • Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.

  • Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot og tidsavgrensa lønstilskot.

  • Sikre personar på attføring god individuell oppfølging og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.

Forslag fra Senterpartiet:

Forslag 2

Stortinget bed regjeringa leggja fram ei vurdering av konsekvensane for sysselsettjing av personar med nedsett arbeidsevne som følgje av det svært store omfanget av utanlandsk arbeidskraft frå EØS-området.