Vedlegg 2
Eg viser til transport- og kommunikasjonskomiteen på vegne av medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet sitt spørsmål til Prop. 134 S (2013-2014), stilt 28. oktober 2014:
”2. I vedlagte brev til komiteen av 10. oktober d.å. frå Norges Automobilforbund (NAF) heiter det:
«NAF anmoder komiteen om å avvise brukerbetaling på eksisterende E39 ut fra brudd på
nytteprinsippet: redusert trafikk kan ikke i seg selv regnes som tilstrekkelig nytte.
sideveisinnkreving: tiltak for miljø- og trafikksikkerhet er utført.»
Det blir bedt om Samferdselsdepartementet si vurdering av NAF sine påpeikingar og oppmoding til komiteen.”
I Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023, side 94, står det at etablering av bomstasjon på ei strekning kan medføre trafikklekkasje over på sidevegnettet. Dette kan vere uheldig både av omsyn til miljø og tryggleik, og svekker i tillegg finansieringsgrunnlaget for det aktuelle prosjektet. Det står vidare at bompengeinnkrevjing på sidevegnettet kan bidra til å redusere ulempene, men gir liten grad av samsvar mellom nytte og betaling for trafikantane. Derfor bør det kun unntaksvis opnast for å krevje inn bompengar på sidevegnettet. Bomstasjon på sideveg er også omtalt i St. meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 og St. meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Også i desse stortingsmeldingane blei det lagt til grunn at det unntaksvis kan setjast opp bomstasjon på sideveg.
I Prop. 134 S (2013-2014) er det gjort ei konkret vurdering av bomstasjonsopplegget opp mot retningslinjene for bompengeprosjekt. Det er vurdert at trafikantane på eksisterande E39 får nytte gjennom betre trafikktryggleik og betre miljø. Utan bomstasjon på eksisterande E39 vil innkrevjinga av bompengar på ny E39 føre til trafikkoverføring, slik at dei planlagde gevinstane for trafikktryggleik og miljø ikkje blir oppnådde. E39 går i dag gjennom bustadområde, og det er skuletrafikk på det meste av strekninga, jf. side 1 i proposisjonen. Vidare er det lokalpolitisk tilslutning til bomstasjonsopplegget. Dersom bomstasjonen på eksisterande E39 blir fjerna, vil dessutan finansieringsgrunnlaget for prosjektet bli vesentleg svekka og må da kompanserast med høgare takst eller økt statleg bidrag.
NAF tek m.a. opp dei tiltaka som er gjennomførte på eksisterande E39. Formålet med desse tiltaka har vore å redusere ulempene på ein veg som ikkje er bygd for dagens trafikkmengder. Tiltaka har ikkje vore sett på som restriktive tiltak for å hindre trafikklekkasje frå ny E39 med innkrevjing av bompengar. Storleiken på ein trafikklekkasje vil i tillegg til innspart køyretid vere avhengig av m.a. nivået på bompengetakstane, graden av gjennomgangstrafikk og omfanget av takstar i andre bompengeordningar i nærleiken, samt ferjebetaling.
Også ved enkelte andre bompengeprosjekt dei siste åra er det lagt til grunn bomstasjonar på sidevegnettet. Eg viser her til Prop. 50 S (2012-2013) Utbygging og finansiering av rv 4 på strekningane Lunner grense – Jaren og Lygna sør i Oppland og Prop. 51 S (2012-2013) Utbygging og finansiering av første utbyggingsetappe på E6 mellom Ringebu og Otta, strekninga Frya – Sjoa i Oppland. Regjeringa vurderer no justeringar i bompengeopplegget for E16 v/ Kongsvinger for å redusera belastninga for bebuarar på Galterud og Fulu, som blei urimeleg ramma av bompengeopplegget for prosjektet.