Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedlegg 1

Eg viser til transport- og kommunikasjonskomiteen sitt spørsmål til Prop. 134 S (2013-2014), stilt 22. oktober 2014:

”I proposisjonen er det frå Samferdselsdepartementet ikkje lagt opp til bompengefritak ihht. lokalpolitiske vedtak.

- Kva vurderingar må gjerast ved innføring av fritak ihht. dei lokalpolitiske vedtaka i denne saka, og kva konsekvensar vil det kunne få?”

Som omtalt i proposisjonen har regjeringa gjennom Prop. 97 S (2013-2014) lagt opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange til eit fåtal selskap, og varsla ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Ein gjennomgang av problemstillingar knytt til takstnivå og rabattar vil vera ein del av bompengereformen. Innan dette prosjektet blir opna for trafikk, venteleg i 2021-2022, vil grepa vera gjennomførte og endeleg takstopplegg for E39 Svegatjørn – Rådal kan fastsetjast. Fram til prosjektet blir opna vil Samferdselsdepartementet sjå på moglegheitene for å følgja opp det lokalpolitiske vedtaket om fritak for visse område.

Bergen og Os kommunar har gått inn for fritak for innbyggjarane i Nordvik og for innbyggjarane mellom Vallaheiane og Søfteland. I proposisjonen er det opplyst at Statens vegvesen reknar med at det kan vere tale om innbyggjarar i inntil 8 grunnkretsar med ei samla trafikkmengd gjennom bomstasjonane på i storleiksorden 1 000 køyretøy pr. døgn (ÅDT).

I ein overordna vurdering om fritak for enkelte bilistar må det gjerast vurderingar om korleis det slår ut på trafikkgrunnlag og økonomien i prosjektet. I denne konkrete saka må det takast kontakt med dei to kommunane for å få avklart den geografiske avgrensinga nærare. Det kan dessutan vere andre som kjem i same situasjon som dei som er omtalte i dei lokalpolitiske vedtaka. Vidare må det gjennomførast ei kartlegging av talet på trafikantar som vil få fritak, slik at inntektstapet kan stipulerast og om det medfører så stort inntektstap at nye takstar må reknast ut. Konsekvensane av at nokre trafikantar får fritak kan bli ein viss auke av takstane for dei andre trafikantane eller at staten må ta ein større del av prosjektkostnaden gjennom auka statleg bidrag.

Sidan dei lokalpolitiske vedtaka om m.a. fritak blei fatta i 2010, er det gjennom brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet av 16.12.2011 innført retningslinjer for innføring av passeringstak i bompengeprosjekt. Desse inneber at det kan innførast månadleg passeringstak også for andre bompengeordningar enn bomringar, som det tidligare kunn var tillate for. Desse retningslinjene skal vere eit verkemiddel for å unngå at dei som passerer bomstasjonane ofte får urimeleg store utgifter. Det vil vere mogleg å innføre passeringstak for E39 Svegatjørn – Rådal som alternativ til fritak. Dette kan vurderast i samband med endeleg takstvedtak før trafikkopning.