Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Os og Bergen kommunar i Hordaland.

E39 mellom Os og Bergen har svært låg standard ut frå trafikkmengda og vegen sin funksjon. Årsdøgntrafikken på E39 ved kommunegrensa mellom Os og Bergen er om lag 13 000 køyretøy. Vegen går gjennom bustadområde, og det er skuletrafikk på det meste av strekninga.

Samferdselsdepartementet viser til at utbygginga vil eliminere ein flaskehals på E39 og utbetre ei ulykkesbelasta og miljøbelasta strekning av E39 med stor trafikk. I tillegg er utbygginga viktig for næringsutviklinga i aksen Os–Bergen, og for å styrkje kontakten mellom viktige vekstområde langs E39 på heile strekninga mellom Stavanger og Bergen. Utbygginga vil også eliminere ein flaskehals på rv. 580 til Bergen lufthamn Flesland.

Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg i ny trasé mellom Svegatjørn i Os kommune og Rådal i Bergen kommune, i hovudsak i tunnel. I tillegg blir ei strekning av rv. 580 Flyplassvegen lagt i ny trasé og kopla saman med E39. Det skal etablerast tre kryss, og ei strekning av fv. 163 blir rusta opp. Utbygginga vil gi store framkomstsgevinstar for trafikantane. Det er rekna med at utbygginga vil føre til ein reduksjon i køyretida på om lag 17 minutt, dvs. om lag ei halvering.

Hovudvegane i prosjektet (E39 og rv. 580) blir bygde som firefelts veg med totallengde på 17,7 km. Av dette er 14,7 km i tunnelar med to løp.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og føresetnadene for finansieringsopplegget.

Det er semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om styringsramme og kostnadsramme. Omrekna til 2014-prisnivå er styringsramma 6 500 mill. kroner og kostnadsramma er 7 050 mill. kroner. Samferdselsdepartementet legg dette til grunn som styringsramme og kostnadsramme.

Det er lagt opp til anleggsstart i 2015, med opning for trafikk i 2021–2022.

Samfunnsøkonomisk netto nytte er rekna til -1 080 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til -0,2.

Trafikkgrunnlaget er nærare omtala i kapittel 3 i proposisjonen. Den lokale politiske behandlinga er omtala i kapittel 4 i proposisjonen.

Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er mellom anna omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, og Prop. 1 S (2013–2014). E39 Svegatjørn–Hop var omtalt alt i St. meld. nr. 37 (1996–97) Norsk veg– og vegtrafikkplan 1998–2007. Den lokalpolitiske behandlinga av finansieringsopplegget blei gjennomført i 2008, og sak om detaljert plassering av bomstasjonane blei behandla lokalpolitisk i 2010. Det har vore kostnadsauke og omreguleringar, og dei statlege midlane er blitt auka vesentleg. Arbeidet med å leggje til rette for deponering av eit stort masseoverskot har vore tidkrevjande. Nødvendige avklaringar for å fremje bompengeproposisjonen har difor ikkje vore til stades tidlegare.

Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1 i proposisjonen.

Finansieringsplan

Mill. 2014-kr

2010–2013

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

200

1 200

2 480

3 880

Bompengar

0

1 200

1 420

2 620

Sum

200

2 400

3 900

6 500

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing i automatiske bomstasjonar ved grensa mellom Os og Bergen kommunar. Det er føresett innkrevjing i begge retningar.

I Meld. St. 26 (2012–2013) er det vidare presisert at planlagt bompengeperiode for eit enkeltprosjekt som hovudregel skal vere 15 år etter trafikkopning. På bakgrunn av dei lokalpolitiske vedtaka har Samferdselsdepartementet i denne proposisjonen likevel lagt til grunn 18 års innkrevjingsperiode.

Basisføresetnader som er lagt til grunn for finansieringsplanen går fram av kapittel 5 i proposisjonen.

Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014) legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange til eit fåtal selskap. I nemnde proposisjon varslar regjeringa også at den vil innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Det er etablert bompengeselskap for dette prosjektet, Bergen – Os Bompengeselskap AS, og bompengeavtalen vil difor bli inngått med dette selskapet, jf. kapittel 8 i proposisjonen. Det er imidlertid ein føresetnad for rentekompensasjonen at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte.

I proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 5 mrd. kroner i 2014-prisnivå. Om lag 2 620 mill. kroner er føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 2 100 mill. kroner til å dekkje lånerenter (basert på 5,5 pst. lånerente) og om lag 270 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Gjennom vedtak i fylkestinget 11. juni 2014 har Hordaland fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt bompengelån på 3,5 mrd. kroner. Garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.