Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg

I brev dagsett 10. april 2014 frå Familie- og kulturkomiteen vert departementet bede om å vurdera representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Ivar Odnes og Per Olaf Lundteigen.

”Stortinget ber regjeringa betre dei økonomiske rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg ved at momskompensasjon også blir gitt for ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annan fast eigedom.”

Tilskotsordninga for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar vart etablert i 2010. Ordninga har vore viktig for å betra rammetilhøva for lokale lag. 17 863 frivillige lag og organisasjonar fekk 940 mill. kroner i momskompensasjon i 2013. I 2014 er ordninga auka til 1,2 mrd. kroner.

I Forskrift om merverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjoner heiter det i § 1 Formålet: ”Formålet med ordningen er å fremme frivillig aktivitet”. Ordninga skal kompensera for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift når dei kjøper varer og tenester. Ordninga er enkel: Organisasjonane søkjer, men rapporterer ikkje om bruken av midlane.

Det er i forskrifta § 7 Generelle vilkår opplista ein del utgifter som det ikkje vert ytt kompensasjon for. Desse omfattar mellom anna: ”Kompensasjon ytes ikke til ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annen fast eiendom som ikke anses som drifts- og vedlikeholdskostnader. Det ytes heller ikke kompensasjon for kostnadsførte avskrivninger på aktiverte kostnader for bygg, anlegg eller annen fast eiendom. Kompensasjon ytes ikke for drifts- og vedlikeholdskostnader som gjelder bygg, anlegg eller annen fast eiendom for utleie, med unntak av utleie til andre ledd eller aksjeselskap i samme organisasjon som kommer innenfor målgruppen for ordningen.”

Organisasjonar får like fullt momskompensasjon for utgifter knytte til vedlikehald av eksisterande bygningsmasse. Døme: Ein organisasjon vil få momskompensasjon knytt til skifte av golv i eit hus, men ikkje til å utvida grunnflata i huset. Om du skiftar noko du allereie har med noko meir tidsmessig, er det vedlikehald (til dømes det elektriske anlegget). Om du oppgraderer standard vesentleg, er dette ombygging og gjev dermed ikkje rett til kompensasjon.

Som forslagsstillarane peikar på, er føremålet med ordninga å fremja frivillig aktivitet. Då ordninga vart oppretta, vart dette tillagt stor vekt og ein la til grunn at dersom momskostnader knytte til bygg og anlegg skulle kompenserast, så ville desse ta ein altfor stor del av løyvinga. Dette ville i så fall hatt som konsekvens mindre midlar til aktivitetar.

”Stortinget ber regjeringa om at det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg, innanfor den desentraliserte tilskotsordninga for lokale og regionale kulturbygg.”

Frå 2010 er det fylkeskommunane som har ansvaret for forvaltinga av spelemidlar til kulturbygg, innanfor ramma av den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg. Tilskota skal medverka til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift. Bygningane skal i størst mogeleg grad fungera som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vera opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn. Det er fylkeskommunane som fastset nærare vilkår for søknader om tilskot.

Av rapporteringa frå fylkeskommunane til departementet går det fram at det er ei god fordeling mellom type bygg som får tilskot, og mellom tilskot til nybygg versus ombygging. Organisansjonseigde hus som grendehus og samfunnshus, bedehus, Folkets hus, Bøndenes hus, hus for speidarar og for Raudekrossen har fått tilskot. Rapporteringa tyder på at det er vilje og interesse for å utvikla eksisterande kulturarenaer som har god lokal forankring.

Eg ser difor ikkje at det er naudsynt å oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjoneigde kulturbygg. Dagens ordning kan nyttast til tilskot til organisasjonseigde kulturbygg. Ei todeling av ordninga vil føra til mindre fleksibilitet, noko som ikkje er ynskjeleg.