Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Johnny Ingebrigtsen, viser til Prop. 89 S (2013–2014) om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av EURES-aksen i forordning (EU) nr. 1296/2013, programmet for sysselsetting og sosial innovasjon EaSI (2014–2020).

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, mener at det er viktig å fremme et høyt sysselsettingsnivå for å sikre anstendig sosial beskyttelse, bekjempe sosial utstøting og fattigdom i Europa. Dette kan man best gjøre gjennom å ha økonomisk vekst og gode arbeidsvilkår og jevnlig forbedre lovverket i de europeiske landene.

Komiteen viser til at EURES er et samarbeidsnettverk mellom Europa-kommisjonen og de offentlige arbeidsformidlingsetatene i EUs medlemsstater, EØS-/EFTA-statene og Sveits. Samarbeidet skal fremme fri bevegelighet av arbeidskraft og styrke sysselsettingsmuligheter for alle innenfor EØS-området og Sveits. Samarbeidet bistår med rekrutterings- og formidlingstjenester for arbeidsgivere og arbeidssøkere, støttet av informasjon og veiledning.

Deltakelse i EURES-nettverket vil kunne gi arbeidssøkere korrekt informasjon om arbeidsvilkår, lønnsnivå og mer generelle opplysninger om vilkår i de statene som omfattes av samarbeidet, og hvor vedkommende kan tenke seg å søke arbeid i. For ungdom som ønsker å arbeide i andre europeiske land er EURES-samarbeidet viktig for å finne informasjon om ledige stillinger.

I det nye EURES-programmet legges det opp til en modernisering av EURES-portalen spesielt rettet inn mot ungdom. Mobilitetsordningen din første EURES-jobb er et eksempel på dette. Målet er å få flere ungdommer i Europa i arbeid.

Det er en utfordring med høy arbeidsløshet blant unge mennesker fordi de kan miste troen på å skaffe seg arbeid og gi opp å søke på ledige jobber i andre europeiske land, med lavere arbeidsledighet. EURES-programmet er ment å hindre dette.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet vil understreke at det er viktig for Noreg å halde fram med å ta del i det europeiske samarbeidet på arbeidslivs- og det sosialpolitiske området. Særleg i ei tid med sosial uro og stor arbeidsløyse i Europa, er det viktig at Noreg er ein bidragsytar. Desse medlemene meiner nytteverdien av slik deltaking er stor, og reknar det som sjølvsagt at Noreg skal vere med i arbeidet med å skape eit solidarisk, inkluderande og trygt Europa.

Desse medlemene vil understreke at fram til utgangen av 2013 tok Noreg del i både PROGRESS og EURES, og at dette europeiske samarbeidet var prioritert av regjeringa Stoltenberg. Under PROGRESS-programmet hadde Noreg m.a. nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen. Mikrofinansieringsordninga har til no ikkje vore open for deltaking frå EØS-/EFTA-landa. Denne ordninga gjev midlar og rettleiingstenester til oppstart av verksemd for utsette grupper på arbeidsmarknaden og til sosialt entreprenørskap.

Desse medlemene viser til at bakgrunnen for å slå saman det som tidlegare var tre sjølvstendige program og opprette eit einskapleg program, var eit ønske om å halde fram med å vidareutvikle alle programområda. EURES, PROGRESS, og mikrofinansieringsordninga heng logisk saman som ein heilskap. Desse tre, som til saman dannar det nye EU-programmet for sysselsetting og sosial innovasjon (EaSI), skal bidra til å oppfylle EU sine mål om å fremje eit høgt sysselsettingsnivå, sikre gode arbeidsvilkår og kjempe mot sosial utstøyting og fattigdom.

Desse medlemene viser til at regjeringa gjennom tilslutning til EURES-aksen vel å halde fram med å fremje geografisk mobilitet og auke sysselsettingsmoglegheiter ved å utvikle ein open arbeidsmarknad.

Desse medlemene vil framheve at brorparten av EaSI-programmet likevel ikkje handlar om dette, men om PROGRESS-aksen i programmet. Her er viktige mål som å støtte utviklinga av hensiktsmessige sosiale sikringsordningar og arbeidsmarknadspolitikk ved å fremje god styring, gjensidig læring og sosial innovasjon.

Desse medlemene meiner regjeringa si berre delvise tilslutning til det nye EaSI-programmet, er ei nedprioritering av det europeiske samarbeidet på arbeids- og sosialfeltet. Desse medlemene stiller seg kritisk til ei slik prioritering, spesielt sidan grunngjevinga er «budsjettmessige forhold».

Desse medlemene meiner at å bidra til auka sysselsetting og sosial solidaritet i Europa bør vere prioritert for Noreg. I tillegg vil full deltaking i EaSI-programmet gje Noreg tilgang på fleire virkemidlar, tiltak og program som kan bidra til å få fleire personar med nedsett arbeidsevne og ungdom inn i den norske arbeidsmarknaden.

Desse medlemene vil på denne bakgrunn støtte tilslutning til båe EURES- og PROGRESS-aksene i EaSI-programmet frå norsk side frå og med 2015 og fremjar følgjande forslag:

«Stortinget samtykker i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av EURES- og PROGRESS-aksene i forordning (EU) nr. 1296/2013, programmet for sysselsetting og sosial innovasjon EaSI (2014–2020).»

Desse medlemene ber regjeringa varsle EU gjennom EFTA at Noreg tek sikte på deltaking i dei to aksane frå 2015.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, understreker at regjeringen vurderer full norsk deltakelse i EaSI fra 2015. Dette vil eventuelt meddeles EU gjennom EFTA høsten 2014.

Flertallet viser til at budsjettrammen for inneværende budsjettår kun tillater deltakelse i EURES-aksen av EaSI-programmet. Full deltakelse i EaSI-programmet vil binde opp budsjettmidler over flere år og vil kreve en egen bevilgningsproposisjon til Stortinget.

Flertallet ber regjeringen Solberg eventuelt komme tilbake til Stortinget med sak på egnet måte.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at Senterpartiet er motstandar av dagens avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) som byggjer på fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester innanfor dette området og dermed suverenitetsavståing. Senterpartiets representantar røysta i 1992 mot at Noreg skulle inngå EØS-avtalen.

Denne medlemen vil vise til at den særs høge arbeidsløysa i mange land som er tilslutta Den europeiske unionen har å gjera med den felles europeiske valutaen euro og den typen tiltak som Det internasjonale valutafondet, EU og Den europeiske sentralbanken i fellesskap har valt ut som botemiddel på den finansielle krisa i fleire av desse landa. Utan sjølvstendig pengepolitikk tilpassa dei økonomiske kjenneteikna ved det einskilde land, blir skilnadane store når det kjem til arbeidsløyse.

Denne medlemen meiner den beste måten å få auka sysselsetjinga på i fleire europeiske land som i dag har særs høg arbeidsløyse, vil vera om desse landa sjølv bryt ut av tvangstrøya som den felleseuropeiske valutaen representerer. Den høge arbeidsløysa og høge tal på folkeflyttingar mellom ulike europeiske land kombinert med nasjonale kjenneteikn, medførte nyleg at dei EU-kritiske partia vart valvinnarane ved årets val til EU-parlamentet. Denne medlemen er trygg på at tida er komen for meir grunnleggjande kritikk av manglane ved EU.

Denne medlemen viser til at Noreg gjennom EØS-midlane medverkar til sosial utjamning i fleire austeuropeiske land. Det vil vera naivt å tru at norsk tilslutnad til EURES vil fremja eit høgare sysselsettingsnivå samla sett i Europa. Til det er påkravd heilt andre verkemiddel.

Denne medlemen viser til at EU-programmet for sysselsetjing og sosial innovasjon (EU-programmet for Employment and Social Innovation – EaSI) for perioden 2014–2020 formelt vart vedteke 11. desember 2013 ved Europaparlamentets- og Rådets forordning (EU) nr. 1296/2013. Programmet er ope for deltaking frå EØS/EFTA-statane. Av proposisjonen går det fram at EaSI har som føremål å medverka til gjennomføring av Europa 2020-strategien ved å gje bistand til oppfylling av EUs mål om å fremja eit høgt sysselsetjingsnivå, sikra anstendig sosialt vern, motverka sosial utstøyting og fattigdom og forbetra arbeidsvilkåra. Denne medlemen viser vidare til at det overordna EURES-budsjettet er venta å liggja på om lag 20 mill. euro årleg. Samla kontingent for deltaking i EURES-aksen er lagt til grunn å utgjera om lag 7 mill. kroner i gjennomsnitt per år i perioden 2014–2020.

Denne medlemen vil visa til at Noreg sidan 2004 har hatt særs stor tilstrøyming av arbeidskraft frå land tilslutta Den europeiske unionen. Det kan difor ikkje seiast å ha vore noko problem for nasjonen som heilskap i få fatt i arbeidskraft frå desse landa. Heller er det omfanget av den store tilstrøyminga av arbeidskraft som må seiast å ha blitt eit problem for vår nasjon då norsk arbeidsliv endrar seg mykje ved at ulike yrkesgruppers løns- og arbeidsvilkår blir sett under press.

Denne medlemen meiner Noreg skal forsterka arbeidet med å motverka press på løns- og arbeidsvilkår innan ei rekkje yrker kjenneteikna ved høgt innslag av utanlandsk arbeidskraft. Noreg bør òg halda fram med å yta økonomisk støtte målretta mot å motverka sosial utstøyting og fattigdom i andre europeiske land.

Denne medlemen meiner det viktigaste vi som sjølvstendig nasjon kan gjera er å visa andre europeiske land at det er mogleg å behalda den norske modellen med høg sysselsetjingsgrad – både for menn og kvinner – og eit godt tryggleiksnett gjennom romslege universelle velferdsordningar for våre eigne borgarar, sjølv i økonomisk krevjande tider. Dette fordrar at Noreg arbeider endå meir med kva vår nasjon kan gjera av tiltak for å auka sysselsetjingsgraden, som dei siste åra diverre har vore fallande og som dermed svekkjer vår modell. Ein føresetnad for ein slik modell er eigen penge- og finanspolitikk.

Denne medlemen meiner EURES kan vera eit fint og høveleg program for fleire land tilslutta Den europeiske unionen, men finn det ikkje riktig at Noreg prioriterer av våre midlar til å delta i dette programmet. Denne medlemen vil òg visa til at det er friviljug for Noreg å slutta seg til dette programmet. Denne medlemen vil difor gå mot framlegget frå regjeringa om å slutta seg til deler av EURES-aksen i EaSI-programmet. Denne medlemen vil heller ikkje støtta forslaget om full tilslutnad til EaSI-programmet.

Denne medlemen meiner det er bra at Stortinget blir førelagt forslag om å gje sitt samtykkje til å delta i eit EU-program før avgjerda formelt blir teken av EØS-komiteen med den føresetnad at det ikkje kjem endringar som avvik vesentleg frå det utkastet som Stortinget her er blitt førelagt. Vidare følgjer det av Stortinget sitt vedtak at representantar for Noreg i EØS-komiteen må følgja Stortinget sitt vedtak.