Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Merverdiavgift og fast eiendom

Finansdepartementet fremjar forslag om endringar i meirverdiavgiftsregelverket for frivillig registrering av næringsdrivande og offentleg verksemd som leiger ut bygg eller anlegg.

Forslaget inneber at kravet til søknad om frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte utleigarar av bygg eller anlegg blir fjerna. I tillegg fremjar departementet forslag om endring i verknadstidspunktet for når den frivillige registreringa skal gjelde frå. Dette vil gi utleigarane noko meir tid på å områ seg utan å miste retten til tilbakegåande avgiftsoppgjer.

Formålet med forslaget er å modernisere reglane i meirverdiavgiftslova om frivillig registrering slik at dei skal vere enkle, oversiktlege og gi minst moglege uheldige utslag.

Forslaga i proposisjonen er i overeinskomst med forslaga som er foreslått i høyringsnotat 24. september 2013, bortsett frå at også frivillig registrering for bortforpaktarar av landbrukseigedom og utleigar av jordbruksareal utan bygningar blir omfatta av forslaga.

Meirverdiavgiftsregelverket om fast eigedom er omfattande. Sidan meirverdiavgiftsreforma i 2001 er det arbeidd kontinuerleg med ulike rettslege spørsmål på dette området. Ulike aktørar har teke opp ei rekkje enkeltspørsmål, og Stortinget har mellomanna gjennom skriftlege spørsmål retta søkjelyset mot ulike sider ved denne delen av regelverket. Fleire av desse spørsmåla har vore retta mot den generelle ordninga for frivillig registrering i Meirverdiavgiftsregisteret av verksemd med utleige av fast eigedom til avgiftspliktige leigetakarar.

Den nærare bakgrunnen for fleire av desse spørsmåla er at den frivillige ordninga kan gi enkelte uheldige utslag. Dette heng mellomanna saman med at den frivillige ordninga krev ei aktiv handling frå den næringsdrivande. I nokre tilfelle har dette ført til at næringsdrivande som er ordinært registrerte for avgiftspliktig verksemd, utan særskild registrering har opptredd som om verksemda òg er frivillig registrert for utleige av fast eigedom. Ei slik manglande frivillig registrering, til dømes gjennom utelaten avkryssing i registreringsmeldinga, kan gi store avgiftsmessige konsekvensar for dei det gjeld. Denne problemstillinga blei teken opp i fleire spørsmål frå stortingsrepresentantar. I eit representantforslag 8. mars 2012 frå stortingsrepresentantane Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen, Christian Tybring-Gjedde og Jørund Rytman blei det fremja forslag om endringar i meirverdiavgiftsregelverket for fast eigedom, jf. Dokument 8:75 S (2011–2012). Forslagsstillarane framheva at reglane om frivillig registrering for utleige av fast eigedom i mange tilfelle skaper problem og unødige kostnader for næringsdrivande. Det blei nemnt at problemet er at reglane er for strenge, og at dei økonomiske konsekvensane av å trå feil, er store. Forslagsstillarane ønskte å rette opp dette. Ifølgje det førebels synet til forslagsstillarane var det enklaste tiltaket å innføre ei generell meirverdiavgiftsplikt for utleige av fast eigedom til avgiftspliktig verksemd. I tillegg blei det i dokumentet føreslått enkelte endringar knytt til reglane om tilbakegåande avgiftsoppgjer, og at det burde bli enklare å kontrollere kva slag avgiftsregistrering ein har.

I brev 18. april 2012 til finanskomiteen sa tidlegare finansministeren Sigbjørn Johnsen seg einig i stortingsrepresentantane sitt prinsipale forslag om at det bør vurderast generell meirverdiavgiftsplikt ved utleige av fast eigedom til meirverdiavgiftspliktig verksemd, men at utgreiinga bør vere breiare og undersøkje om reglane kan betrast for fleire verksemder som driv næring med utgangspunkt i fast eigedom. I svaret blei det vidare vist til at Finansdepartementet har starta eit breitt utgreiingsarbeid.

I Innst. 277 S (2011–2012) slutta finanskomiteen seg til at det er fleire gode argument for å innføre ei generell meirverdiavgiftsplikt ved utleige av fast eigedom til avgiftspliktig verksemd. Finanskomiteen delte finansministeren sitt syn om at det er behov for å sjå konsekvensar og moglege lovendringar i ein større samanheng. Utgreiingsarbeidet er omfattande, og et eventuelt forslag om å utvide meirverdiavgiftsplikta må inngå i dei årlege budsjetta. Finanskomiteen ba derfor Finansdepartementet jobbe vidare med denne problemstillinga slik at eventuelle endringar i tråd med intensjonane i representantforslaget og finansministeren sitt brev til komiteen, kan leggjast fram for Stortinget. Finanskomiteen ba samtidig regjeringa om å ha tett dialog med ulike delar av næringslivet for å sikre at alle sider av saka blir belyste.

I tråd med ei einstemmig innstilling frå finanskomiteen vedtok Stortinget samla at representantforslaget skal leggjast ved protokollen.

I Statsbudsjettet for 2014 blei det gitt ei omtale av arbeidet med meirverdiavgift og fast eigedom, sjå Prop. 1 LS (2013–2014) punkt 25.1 og Prop. 1 LS (2012–2014) Tillegg 1 punkt 2.3. Finanskomiteen tok omtalen til orientering, sjå Innst. 4 LS (2013–2014) punkt 33.3.

Departementet har sett i gang eit større arbeid med å greia ut moglegheitene for å utvide meirverdiavgiftsplikta til å omfatte omsetnad av nye bygningar med meir og utleige av næringseigedom. Dette er eit omfattande utgreiingsarbeid som det for tida ikkje er mogleg å angi kor tid vil vere sluttført. I påvente av denne større gjennomgangen er det etter departementet si meining naudsynt å gjere enkelte justeringar i den frivillige registreringsordninga av utleigar av bygg eller anlegg.

Finansdepartementet sende på denne bakgrunn forslag til endringar i meirverdiavgiftslova om frivillig registrering av utleige av bygg eller anlegg på høyring 24. september 2013. Som det går fram av punkt 4.2 i proposisjonen har Stortinget vist interesse for meirverdiavgiftsregelverket knytt til fast eigedom, og særleg dei uheldige utslaga som er knytte til den frivillige registreringsordninga.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at kravet om søknad for frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte utleigarar av bygg eller anlegg blir oppheva. Etter forslaget vil ikkje ein eksplisitt søknad vere påkravd for å bli frivillig registrert for utleigarar som allereie er ordinært registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. For slike utleigarar vil det vere tilstrekkeleg at leigeforholdet er handsama som om det er meirverdiavgiftspliktig. I tillegg til dette foreslo departementet å endre verknadstidspunktet for når ein skal bli rekna som frivillig registrert, slik at utleigar får ytterlegare seks månader på å syte for at utleiga kan handsamas med meirverdiavgift.

Høyringsfristen var sett til 6. januar 2014. Høyringsnotatet blei sendt til 27 høyringsinstansar. Departementet fekk 18 høyringsfråsegner, og 12 av desse inneheldt konkrete innspel til høyringsnotatet.

Høyringsinstansane stiller seg positive til forslaget om at kravet om søknad for frivillig registrering for allereie avgiftsregistrerte utleigarar av bygg eller anlegg blir oppheva, og til forslaget om endring av verknadstidspunktet for når den frivillige registreringsordninga skal gjelde frå. Nokre høyringsinstansar er likevel av den oppfatning at forslaga kunne ha gått lenger i ei oppmjuking av dagens regelverk. Det blir mellom anna vist til fråsegn frå NHO og NARF.

Høyringsinstansane tek opp fleire spørsmål om og konsekvensar av forslaga som er fremja i høyringsnotatet. Fleire av instansane tek særleg opp spørsmål knytt til rekkjevidda av at søknadskravet blir oppheva, og spørsmål knytt til ikraftsetjing av lovforslaget. Desse innspela blir omtala i samband med handsaminga av dei aktuelle spørsmåla i dei etterfølgjande kapitla.

Skattedirektoratet viser i høyringsmerknaden sin til at også bortforpaktarar av landbrukseigedom og utleigarar av jordbruksareal utan bygningar som kan frivillig registrerast, bør bli omfatta av lovforslaga.

Departementet har sett i gang eit større arbeid med å greia ut moglegheitene for å utvide meirverdiavgiftsplikta til å omfatte omsetnad av nye bygningar med meir og utleige av næringseigedom, sjå ovanfor. Dette er eit omfattande utgreiingsarbeid, og for tida er det ikkje mogleg å angi kor tid dette arbeidet vil vere sluttført. Eventuelle forslag til endringar i meirverdiavgiftslova vil bli sende på alminneleg høyring før eit lovforslag kan sendast til Stortinget.

I påvente av denne større gjennomgangen av meirverdiavgiftsreglane for fast eigedom er det etter departementet si meining naudsynt å gjere enkelte justeringar i den frivillige registreringsordninga av utleigar av bygg eller anlegg. Lovforslaga som blir fremja nå, er ei oppfølging av departementet sitt høyringsnotat 24. september 2013. Forslaga blir nærare presenterte i punkta 4.6.2 og 4.6.3 i proposisjonen.

I høyringsrunden har enkelte av høyringsinstansane komme med merknader som ikkje direkte er knytte opp mot forslaga som blir lagt fram i denne proposisjonen. Departementet har ikkje gått nærare inn på desse innspela.

Forslaget om oppheving av søknadskravet for frivillig registrering for utleigarar av anlegg og bygg som allereie har ei avgiftsregistrering, vil føre til ei viss innsparing for næringslivet. Utanom at det ikkje vil vere krav om søknad, vil endringa kunne føre til at færre næringsdrivande får tilbakeført frådrag for inngåande meirverdiavgift som følgje av manglande søknad om frivillig registrering. Verksemdene vil likevel framleis ha tilgang til å sende inn søknad om frivillig registrering. Det er vanskeleg å talfesta kor mange som vil nytte seg av tilgangen til å bli frivillig registrert utan særskilt søknad.

For skatteetaten kan forslaget føre til at utplukk til kontrollar for verksemder som er frivillig registrerte, bli meir arbeidskrevjande. Det kan også vere meir arbeidskrevjande å fastslå om ei verksemd er frivillig registrert basert på ei skjønnsmessig vurdering som lovforslaget legg opp til, enn ved frivillig registrering etter søknad.

For utleigarar fører forslaget til meir tid å områ seg på, for å kunne gjere fortløpande frådrag etter meirverdiavgiftslova § 8-1 og tilbakegåande avgiftsoppgjer etter meirverdiavgiftslova § 8-6. Dette kan gi ein viss negativ likviditetseffekt for staten.

Departementet antar at lovforslaget ikkje vil ha nemneverdige provenyverknader.

Departementet foreslår at lovendringane blir sette i kraft med verknad frå 1. juli 2014.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.